onsdag 9. juli 2008

Ein "klipp og lim"-dag!

Det var litt trist å vakne til skodde og kald trekk i dag tidleg. Her var det klart at vi måtte finne på noko for å få formiddagen til å gå!

Etter ein lang og innhaldsrik frukostseanse leitte vi fram gamle blad, saks, scrapbooks og lim. Eg har nemleg lenge hatt ein plan om å klippe ut ting i hobby- og interiørblad og lime dei inn i fargerike scrapbooks , organisert i ulike tema og årstider. Planen har aldri vorte sett i verk, og haugen med blad har vokse. No hadde vi alstå sjansen til å ta til med prosjektet! Vi benka oss rundt kjøkkenbordet og klipte i vei. D.v.s. at vi jentene klipte, Johan ville heller spele data enn å halde på med slike jentegreier (kan du forstå det???).




Vi hadde litt ulike interesseområde, eg og Ida. Eg var mest oppteken av å finne idèar og tips til hage, grillhus, nips og naps - medan Ida leita mest etter prinsesseting, rosa ting og kakeoppskrifter (!). Vi klipte og limte heilt til sola kom. Då er det klart at rastlause ungar heller vil ut, og mora òg. Men det var i allefall ein start, og så fann vi ut at vi treng fleire scrapbooks......

Ida fann desse deilige muffinsane i eit gamalt Bonytt - dei må vi prøve å bake ein dag. Eg har mykje spennande strøssel i kjøkkenskuffa - butikken "Stil og stemning" har stort utval! Vi lyt vente på ein gråvèrsdag før vi bakar desse.
HA EIN STRÅLANDE SOMMARDAG!

6 kommentarer:

  1. Har no tatt turen gjennom heile bloggen din og kosa meg, blir nok etter kvart laga både sjokoladekake og kjøttbollar, såg særdeles freistande ut.Kjekt å "besøke" deg og familien din her inne.

    SvarSlett
  2. Muffinsane så veldig gode ut :)
    Koselig med eit slikt tidsfordriv:)

    Award ligger på sida mi til deg... Har eg sagt det??.....hehe...litt forvirra er eg i dag...hodeverk og ammetåke:)
    Klem

    SvarSlett
  3. Værsågod min venn!!

    Eg har ihvertfall gjort det slik at eg kopierar awarden, legg den på sida mi, laga eit innlegg, velger ut dei eg skal gi den til vidare, og takkar den eg har fått den av...tror ihvertfall det er riktig å gjer det slik...
    Kos deg!!
    Klem
    P.S...håpa Sina er blitt betre. Er det feber og forkjølelese ho har?
    Stakkar liten..
    Klem

    SvarSlett
  4. Gratulere med bryllupsdagen som var! Det er kjekt med sånne dager!
    Så koselig dag du og Ida hat hatt! Jeg liker sånne sysler, klippe og ikke tenke på hvor mye papirsøppel det blir.
    Muffins skulle jeg lage idag, men så kom det folk og jeg ble sittende ned og ingenting gjøre, bare kose med kaffe og prat. Har to barnebarn her om dagen, så vi gjør litt av hvert. Idag har den ene vært hos ei venninne i nabohuset og den andre har leka med biler alene hele dagen og bare vært glad for en dag inne, uten sol og varme. Virker som ungene blir fortere trøtt av sol og varme, enn av gråvær og litt kjølige dager...:) merkelig! Jeg er ikke sånn.
    Du har en nydelig blogg. Familien din er så flott. Har sittet leeeeenge her.
    Hilsen fra Nunne...

    SvarSlett
  5. Hei og takk for kommentar på bloggen min. Forresten gratulera med bryllupsdagen som var i går. Det var ein veldig lur idè å lime inn interiør-utklipp i scrapbooks. Hos meg ligger dei og sleng litt over alt. Ha ein fin kveld.

    SvarSlett
  6. Tante Linda vil lage muffins! Sei til ne Idings at ej he hjertestrøssel!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!