onsdag 9. juli 2008

JIPPI - fekk min fyrste "Award" i dag!

Må ærleg innrømme at eg kanskje har vore ein smule misunnleg når eg ser alle dei flotte prisane (award) mange av mine medbloggarar har fått! Dei har vore vel verd å få dei alle ihop, for det er utruleg kor mange flotte bloggar som finst! OG SÅ FEKK EG ALTSÅ MIN FYRSTE I DAG! Klart eg vart stolt og glad! Det er liksom det synlege beviset på at nokon set stor pris på bloggen min (i tillegg til alle dei supre lesarane mine som legg att kommentar til meg). Eg fekk awarden med mi gode bloggevenninne Anna Lisa, og no skal eg sende den vidare til sju andre! Synest det var vanskeleg å plukke ut sju, pga at eg gjerne skulle ha gitt den til fleire, men... Dei sju er:


1. http://www.annika81.blogspot.com/: du legg att så kjekke kommentarar til meg, og har ein flotte blogg som eg likar å lese.

2. http://bestemorshobbyblogg.blogspot.com/: eg trur du må vere ein av dei mest inkluderande bloggarane eg veit om! Så glad for å ha fått deg som blogg-venn! Du er ein inspirasjon!

3. http://www.fotografma.blogspot.com/: du er i den spede byrjinga i bloggeverda, og treng ein slik pris, for sida di kjem til å verte heilt magisk! Eg er SÅ glad for at du skal starte studio/atelier på Liadal, eg er SÅ glad for at du bles liv i gamleskulen, og eg er SÅ glad for at du bloggar!

4. http://mariteiksund.blogspot.com/: Var så artig at eg fann deg i Blogglandia og oppdaga at vi har felles bekjente! Bloggen din er ei fryd å lese, på godt nynorsk: ei augekvild....

5. http://www.posidriv.blogspot.com/: blir så glad når eg finn nynorske bloggarar! Bloggen din utstrålar harmoni, og det er SÅ kjekt å besøke den! Du har ein vakker heim!

6. http://silje-sin.blogspot.com/: er så mykje spennande å finne på bloggen din, både blomar, interiør og skjønne ungar! Er alltid kjekt å besøke bloggen og finne noko nytt!

7. http://gunnhild.wordpress.com/: ei av dei mest kreative damene eg veit om! Du er eit fantastisk menneske, som dessverre (for oss) har flytta til Eidsvoll... Lengtar etter dokke!



Håpar sjølvsagt at alle tek imot prisen, og sender den vidare til andre som fortenar det!

(du høgreklikkar på biletet av prisen og lagrar det på datamaskina di, deretter lastar du det ned til bloggsida di)



By accepting this Brilliante Webblog Premio 2008, you have to award it to 7 people who's blog you find Brilliante Award worthy. You can give it to as many people as you want, but please award at least 7. Make a comment on the nominated blog.

Gratulerer til alle som fekk pris, alle dokke andre får ei rose med meg - det er vel fortent!


5 kommentarer:

  1. Oi - tusen, tusen takk! Det var utruleg kosleg og uventa! Eg kosar meg kvar dag med bloggen din, og via din blogg har eg funne så mange andre kjekke bloggar! Så eg er veldig glad for eg blei kjent med deg også her i bloggeland!

    Igjen, tusen, tusen takk for award. Eg tek sjølvsagt imot! Skal skrive innlegg i morgon tenker eg=)

    SvarSlett
  2. Gode tid, nå blei eg varme i kinnene og tårevåt i augo...
    Gje du meg ein award? Eg føl meg ikkje verdig tell det, men sei TUUUSEN TAKK!!!
    Dette var koselig, så jeg må tenk nøye gjennom hvem som skal få den...får tenke i natt!
    Ønsker Guds fred over natta di!
    Klem fra Nunne...

    SvarSlett
  3. Tusen takk for gode ord, dette var koseleg å vakne til ein torsdagsmorgon! :)

    SvarSlett
  4. Gratulerer Tove! Denne prisen har du absolutt fortent! Det er alltid kjekt og inspirerande å besøke bloggen din, prøvde forresten ut ei grille-fisk-oppskrift du hadde lagt ut. Det vart suksess i heimen :-)
    No har eg også bevega meg inn i den avhengigheitsskapande bloggarverda. Fekk ikkje sove i går kveld fordi eg låg og tenkte på alt eg kunne skrive om....men tvilar på eg maktar å halde så høgt aktivitetsnivå som deg! Kjempeimponerande!

    SvarSlett
  5. So det e slik det foregår her blant dokke bloggarane ja:) Awards og greier. Skulle kanskje vore fleire awards å gi ut i livet generelt. Då hadde nok pokalhylla di vore rimelig store! ;)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!