
tirsdag 1. juli 2008
Sommarsymfoni i lilla!
Eg var så heldig å få vere forlovar til mi gode venninne Gry då ho gifta seg 4. juli 2003. Bryllaupet var lite, privat og eineståande romantisk. Kan hugse at eg hadde plukka med meg slike klokker som vi pynta med til bryllaupsfesten dagen etterpå. Så sant det har gått an har eg overlevert henne slike blomar på bryllaupsdagen deira. Eit år var dei avblomstra og eit anna år kom bløminga seint i gong. Men i år ser det heldigvis ut til at det blir ein bugnande bukett!
Purpurea digitalis (trur eg), eller revebjelle er ei vakker plante! I gamle dagar var det ei medisinplante brukt til m.a. hjarteplager. Planten er giftig og eignar seg nok best utanfor rekkevidde for små barnehender. Sjølv om dei tek seg flott ut i ein vakker vase, synest eg nok dei er aller vakrast der dei høyrer heime, nemleg ute i det grøne! Dersom du ser nøye etter på biletet, gøymer det seg ei humle inne i eine blomen!
mandag 30. juni 2008
Medan vi ventar på hagen...

Etter å ha tilbrakt to veker i Tyrkia, skal det bli godt å kose seg på verandaen. Får nyte livet der medan eg ventar på hagen.... I dag ser det ut til at det vert ein solrik dag, eg håpar alle har høve til å nyte den!
søndag 29. juni 2008
ANTI-KLIMAKS!
Det var ingen nedtur å kome heim, men eit slags anti-klimaks som sikkert går over. Vi må berre få litt sol først! Tusen takk og varme helsingar går til alle som jobba på Maricya, til Markus, Tobias, Pernille og Lars, til Nela, Irena og Lars - aller var med på å gjere ferien vår minneverdig!
torsdag 26. juni 2008
Late dagar i Tyrkias sol...
Om to dagar reiser vi heim, så då vert det nok litt bileter på bloggen!
Ha det fint så lenge!
mandag 2. juni 2008
Fotballmamma - endeleg!
Slik eg ser det, er det fire kategoriar med fotballmødre:
1. Mødrene som møter på kvar trening, er ivrige på sidelinja og uttaler seg om taktikk, spelestil og spelarbytte. Dei har gjerne treningskle i fargar som matchar laget og er alltid oppdaterte på kven som skal vere foreldrevakter, når dei skal på cup og kvar dei skal på cup. Desse mødrene ser vi andre opp til, og prøver stadig å nærme oss deira nivå.
2. Dette er mødrene som møter på trening som ein dyd av nødvendigheit. Ungane måtte likevel køyrast, ein time er ikkje nok til å få handla litt, så då kan ein like godt tilbringe timen i "busskuret" på sidelinja ("boksa" der spelarane sit medan dei ventar på tur for å få spele, eller der ein får ise ned låke anklar etc.). Samtaleemna er alltid varierte og handlar aldri om fotball eller ungar.
3. Mødre som sender ungane sine på trening - og så stoppar engasjementet der. Det er mange flotte ungar som stort sett klarer seg sjølv, men litt oppfylging treng vel alle?
4. Så er det kategorien min: "Kan hjelpe til med alt mulig, men ikkje spør meg fotballrelaterte spørsmål eller be meg om å vere deltakande på bana"-mamma. Dei aller fleste passar vel kanskje best i denne kategorien. Vi hentar ballar, tørkar tårer og plastrar sår, syt for drikke, ser etter småsysken, jobbar hardt for å få med oss alle beskjedar som vert gitt - samstundes som vi prøver å oppmuntre og motivere dei håpefulle på bana. Vi bakar kaker til cup, organiserer kven som skal sitte på med kven og tek med oss draktene heim og vaskar dei.
Felles for desse kategoriane (med unnatak av kategori 3, kanskje...), er at vi alltid stiller når det er kamp. Med liv og lyst heiar vi dei fram, og passar på å dele ut kompliment til andre sine ungar òg! Og når kampen er slutt, tek vi dei med heim. Då skal det trøystast, motiverast til neste kamp og oppmuntrast til ikkje å gi opp sjølvom det kanskje vart tap denne gongen.
Dette med draktvask er forresten viktig. For naboar og forbipasserande er dette det synlege beviset på at vi er engasjerte i fotball og at vi ynskjer å gjere ein innsats. Og når dei håpefulle kjem på neste kamp, kan dei ta på seg reine skjorter som er vaska, hengt opp og lagt ihop med kjærleik.
Det eg vil fram til er at eg er glad for at sonen min har byrja å spele fotball. Eg er glad for at eg finn meg til rette på sidelinja og kjenner at det er bruk for meg og for at vi mødrene har kvar våre kompetansefelt. Så medan dei ivrigaste mødrene spring rundt med statistikk over antal scora mål, vaskar eg fotballskjorter med kjærleik - og trivast med det!
EG VIL RETTE EI STOR TAKK TIL ALLE FORELDRE/FØRESETTE SOM STILLER OPP!
A room with a view!
Når vi bur der vi bur, og garden heiter "Utsikten", så seier det seg vel sjølv at sjølv at endåtil stellebordet må plasserast strategisk. Frå stellebordet har Sina full kontroll på kva som skjer ute. Ho ser når nabohesten Steffi får gå fritt og beiter på markane, ho sprett opp med ein gong villsauene brekar - då skjer det som regel noko, og ho har syskena under oppsyn når dei held på med meir eller mindre lovleg tidsfordriv (som t.d. å klatre på låvetaket...). Det er mykje rart som kan hende i løpet av eit bleieskift, må vite! Då er det godt å ha sjefsplass ved vindauget og sikre seg at ein ikkje går glipp av noko! Mamma eller pappa si trygge hand er sjølvsagt aldri langt unna...
søndag 25. mai 2008
Fri fantasi og feriemodus!
Sommarmat!
lørdag 24. mai 2008
Tøff dame, tøff kamp - ei forteljing om mot, styrke og endelaus beundring.
Livet har det med å ta vendingar vi ikkje ventar. Ofte til glede, like ofte til sorg. Ingen av oss veit kva som ligg og ventar på oss. Makteslause lyt vi ta imot det livet byd på. Nokre må dessverre kjempe tøffare kampar enn andre. Må oppleve meir sorg, meir mismot og meir botnlaus fortviling enn andre. Vi kjenner alle nokre. Kanskje er du ein av dei sjølv. Ein av dei som vaker om natta, full av uro og bekymring. Ein av dei som veit at framtida er usikker og som legg all sin energi i å gjere kvar dag meiningsfull. Ein av dei som kjenner at livsmotet forsvinn og som har lyst å gøyme seg for kvardagen. Ein av dei som gret når ingen ser det.Det er slike menneske vi må gripe fatt i, som treng at vi ser dei. Som treng eit ankerfeste når det stormar og bles. Eg kjenner ei slik dame. Ho kjempar ein kamp tøffare enn eg har forstand til å sette meg inn i. Ho kjempar for seg sjølv, og for han som har vunne hjartet hennar. I samanlikning med henne vert eg liten og kampane mine små og uviktige. Og i møte med henne vert eg feig og unnvikande. Vi snakkar om vèr og vind, ungane våre og om livets små og store trivialitetar. Men eg klarer ikkje å uttrykke det eg har aller mest lyst til å spørje om. Orda set seg fast i halsen og motet sviktar. Kanskje fordi eg skammar meg over all glede i mitt eige liv. Kanskje fordi eg fryktar svaret og er redd for ikkje å kunne hjelpe eller seie dei rette orda til trøyst. Eg ser sorga i auga hennar. Men eg ser òg det store motet og all styrken som openberrar seg når ho pratar. Energien som sitrar under huda og den endelause beundringa når ho snakkar om den kjæraste ho har.
Kjære Du; som ein skinande vakker blome stråler du -
Sirkus neste!
søndag 18. mai 2008
"Mamma - blir ej kjempesøt viss ej ete mykje jordbær?"
NO VENTAR VI PÅ MEIR SOMMAR, MEIR BÆR OG MEIR KAKE!
Så får vi sjå om vi vert søtare av det....
No er vi sommarklar!
Heldigvis har naturen ein eigen måte å gjere seg sommarklar på. Der mine grøne fingrar strekk til kort, eller omgjevnadane ikkje tillet prydhagen eg drøymer om - der lagar tulipanar og løvetann eit nydeleg teppe kring huset. Tulipanane kjem frå løkar som har lege i jorda i meir enn 50 år, og som har dukka opp her og der - alt etter kvar vi har omplassert moldhaugane våre. Løvetannen kjem enten vi vil eller ei, og uansett kva folk måtte meine om den. Men vakkert er det i allefall, når det raude og det gule i harmoni med saftig, grønt gras prydar markane kring huset.
lørdag 17. mai 2008
Hipp, hipp, hurra - nesten...
Johan og Ida klar for 17. maifeiring!
Stasleg kar og flott russejente!
Medan resten av familien kosa seg med is og 17.mai-tog i Ørsta, var eg og Sina heime. Eg tenkte på folkelivet i gatene, korpsmusikken og dei endelause køene for is og brus, og kjende nok eit lite snev av misunning. Men så tenkte eg på kva eg hadde; nokre rolege timar med ei trøytt og kosete jente som aller helst ville vere på mamma sitt fang og sove. Medan Sina sov godt på fanget mitt, høyrde eg korpsmusikken i det fjerne og innrømte overfor meg sjølv at eg trass alt var godt nøgd med feiringa. Ingenting er viktigare enn ungane, sjølv ikkje nasjonaldagen.
lørdag 3. mai 2008
Åh natt, med di glede!
Eg skulle ynskje dette var ei søt historie om god natts søvn og endelause draumar. Det er det altså ikkje. Det er heller ikkje ei historie om utkvilte foreldre, som blide og fornøgde kan sette seg til frukostbordet med smil om munnen fordi dei håpefulle har sove heile natta. Dette er ei historie om terror. Ei historie om to vakne ungar, ein umogleg hund, ei høglydt ugle, eit fugleorkester, Harry Hole og ein mann med godt sovehjarte.Det heile tok til litt over klokka eitt i natt. Stuptrøytt hoppa eg til køys og kjende straks at søvnen tok meg. Berre for ei lita stund. Berre som ein vond oppeggelse. Berre for å tirge. Rambo, vår kjære hund, heldt eit himla leven i gangen og klarte å vekke Ida. Ida ropte på vatn. Ein snill pappa stod opp for å servere vatn, noko som førte til at Sina vakna. Sina såg ingen grunn til å legge seg att, i allefall ikkje før ho hadde fått same service som Ida. Etter ein pupp og litt kos la eg meg under dyna, så lydlaust at eg kanskje kunne kome i Guiness Rekordbok for det. Utan å puste lytta eg etter lydar. Alt var stille. Berre eit lite klikk frå nattlampen, og lyset var sløkt. Då skar det gjennom lufta, eit hjarteskjærande hyl frå ei ugle. Ho har plaga oss ofte nok til at vi veit at det ikkje vert stille med det fyrste. Irritert og overtrøytt var det berre ein ting å gjere; her måtte Harry Hole til. Eit nytt klikk frå nattlampen, og eg kunne starte jakta på ein massemordar i Australia. Fire sider ut i boka måtte eg berre legge den ifrå meg. Ugla hadde fått selskap av alle skogens fuglar, og det gigantiske orkesteret gjorde det uråd å konsentrere seg om intrikate obduksjonsdetaljar, slagsmål og Harry Hole sine drapsteoriar. Då gjekk det i døra igjen. Ei bestyrta Ida kunne med stor innleving skildre alle Rambo sine forsøk på å plaga henne. Tre par hender og føter slåss om plassen i dobbelsenga. Og ein hund. Og ei lita, stuptrøytt frøken som ikkje ville ha pupp likevel, fordi tennene plaga henne. Ugla og fuglane hadde fått eit nytt medlem i orkesteret. Sina fekk solonummeret, og hylte både vel og lenge.
Klokka hadde bikka tre. Framleis ingen søvn. Framleis trangt om plassen. Men far i huset sov. Det var forbaska kor godt han sov. Klokka fire tok eg eit siste overblikk over innhaldet i dobbelsenga. Med unntak av Johan, som overnatta med bestemor, hadde eg heile verda mi samla her. Alt eg bryr meg om, alt eg ofrar meg for. Med stor varsemd fekk eg plassert jentene i sine eigne senger, lurt Rambo ut i korga si og lagt Harry Hole under haudeputa. Orkesteret i skogen hadde funne seg ein annan stad å halde konsert, underhaldninga var ferdig for i natt.
Eit siste klikk frå lampen og nok eit lydlaust "krype under dyna"-nummer. Til slutt sovna eg, vel vitande om at det berre var få timar til senga endå ein gong skulle fyllast av hender og føter, fulle av liv og lyst. Eg gledde meg allereie....
fredag 2. mai 2008
...om å pakke inn spaghetti





Paprika, kvitløk, basilikum, sitron, søte tomatar
Ta alle ingrediensane på bileta oppom, og hakk dei opp i små, små bitar. Sitronen skal du ikkje hakke, men vaske godt og rive av litt sitronskal. Bruk eit zest-jarn eller ei fin rasp. PS! Fjern innmaten i tomatane, du treng berre tomatkjøtet. Bland desse ingrediensane i ei skål. Tilsett litt salt, grovkverna pepar og ørlite sukker. Bland alt godt.


extra virgin olivenolje, balsamico-eddik, saft frå sitron
Bruk ca to delar olje og 1/2-1 del balsamico (kjem an på kor godt du likar det) og safta frå minimum ein halv sitron. Rør dette godt saman og slå det over dei andre ingrediensane. Bland godt. Slå dette over nykokt pasta og bland godt! Det er her omgrepet "å pakke inn" kjem til sin rett! Pynt gjerne med basilikum, evt. litt riven ost og små cherrytomatar delt i to (det er mykje fantastisk god tomat å få kjøpt, prøv gjerne ulike sortar). For å toppe det heile raspar eg alltid over litt sitronskal. Mmmmmmm...... Du kan sjølvsagt tilsette steikt kyllingbryst eller litt god skinke - men for all del: styr unna kjøtdeig!
