Måtte alt det gode fløyme i det nye året. Måtte alle verte fylt av håp og inderleg glede.
(biletet er lånt her)
Måtte vi ta imot alle sjansar som kjem vår veg. Ikkje unnvike. Ikkje late att dører eller sette opp stengsel.
Måtte vi leve kvar einaste dag som om den var den siste, måtte vi finne glede i alle dei små augneblinka og våge å vere akkurat den vi er.
(biletet er lånt her)
Måtte vi ha mot til å stå for det vi meiner, gå for det vi ynskjer og ta godt imot alt som blir gitt oss. Måtte vi la alle dører vere opne, ynskje alle velkomne inn. La ingen kjenne seg små i ditt selskap, eller oppleve at dei ikkje vert høyrt. Gi alle ein sjanse. Det er noko godt i alle.
Måtte vi klare å sjå at det er håp i alt. Glede rundt kvar ein sving. Måtte vi klare å tru. Måtte vi klare å forstå kor sterke vi er, og at noko av den styrken kan delast med andre. Del håp, del glede, del styrke – og alt vil vekse og gro.
(biletet er lånt her)
Måtte vi klare å le. Le masse. Ikkje av, men med. Le med alle rundt deg. Ingenting smittar som godt humør. Lær av borna, som ser humor i alt. Måtte vi klare å takle alle livets utfordringar. Livet er ei utfordring i seg sjølv. Grip den!
(biletet er lånt her)
Måtte vi klare å tenkje på sola, sjølv om det regnar. Måtte vi klare å tenkje positivt, når det stormar som verst. Måtte vi klare å finne håp, der andre berre ser sorg og fortviling. Måtte vi klare å gi av oss sjølve til andre. Ikkje vent at alle likar deg, gi av deg sjølv likevel. Still deg til disposisjon, gjer deg tilgjengeleg og ver engasjert. Prøv å tenkje på det beste, når alle andre tenkjer det verste. Møt alle vanskar som utfordringar.
(bilete er lånt her)
Måtte vi finne kjærleik. Gi kjærleik. Ta imot kjærleik. Leve i kjærleik.
Måtte 2010 verte alt du har drøymt om. Måtte det skje alt som du har håp om.
Dei aller beste ynskjer for det nye året sender eg til alle mine fantastiske vener der ute!
Bless!