lørdag 19. desember 2009

Huff då…

Eg burde sikkert ha vaska litt meir,

snø

pynta litt meir,

snø1

baka litt meir,

snø4

og stressa litt meir.

I stadenfor går eg berre rundt og passar på at eg får slappa litt meir av. Kosa meg med borna, snøen og gode stunder i sofaen. Eg har kanskje den minst julifiserte bloggen i heile Blogglandia! Ikkje ei einaste julekake har eg vist fram, eller dekorasjonar med englar, lys og anna nips. Ikkje har eg vist fram julepynta inngangsparti eller kva julegåver eg ynskjer meg eller har kjøpt.Ikkje har eg nedtelling til jul, og ikkje har eg starta med juletrepynting heller. Eg kosar meg på andre sine bloggar og ser alt dei puslar med, men her inne er det visst litt vakum akkurat no.

Og det er heilt greit.

Eg vil ha det slik.

Eg treng å ha det slik.

Det blir jul med oss òg. Eg er på ein måte i rute. Men mest av alt berre kosar vi oss.

snø2

Nyt den ferske snøen og alle dei herlege timane med dagslys.

snø3

Ynskjer alle ein herleg laurdagskveld – med tente lys og lykter!

7 kommentarer:

  1. Jula kommer uansett om man stresser eller ikke, å det er viktig å ta vare på de rudt seg å kose seg med venner å familie =)Så ta det med ro å kos deg du.Det skal jeg.

    God jule til deg å dine :D

    SvarSlett
  2. Skal så klart stå god jul til deg å dine.

    SvarSlett
  3. Godt å høyre at du ikkje har kjensla av å drukne lenger i allefall, no slapper du av og koser deg! Det er godt! Flotte bilder, har du tatt dei sjølv eller lånt dei?
    Håper du også får ein flott laurdag. Klem!

    SvarSlett
  4. Kos deg videre du;
    Herlige bilder!

    SvarSlett
  5. Jeg vet hvorfor jeg liker bloggen din. Du gjør alt det alle andre burde gjøre.
    Jeg skal gjøre det jeg og.
    Jeg starter 1.februar.

    Lyktene i treet frister til kopiering!

    God jul til deg og dine Tove
    Tone

    SvarSlett
  6. Hei hei,
    Høres godt ut, å kunne være tilstede fullt og
    heilt med dei vi er glade i, er vel det viktigste?
    Me har hatt besøk av familien til mannen i huset,
    de har reist heimatt no, har hatt litt tidlig jul hihi...
    Har ikkje hatt tid til bloggen i det heile, får ta det igjen...
    Ønsker deg og dine ei riktig God Jul :))))))))))

    SvarSlett
  7. god jul til deg og dine, Tove...
    juleklem fra meg og mikael:)))

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!