Månen hang så rart på himmelen i kveld. Det var akkurat som om han hadde lagt seg ned og kvilt seg litt. Den djupe raudoransje fargen sette eit dramatisk og imponerande preg på kveldshimmelen. Den kalde lufta klarna tankane, og det var så velsigna godt å gå seg ein liten tur.
Mange har mista sine nære og kjære siste året, og skal kanskje feire si mest spesielle jul nokon gong. Nokre merkelege dagar der sorg og glede skal gå hand i hand. Eg trur kanskje månen lyste særleg for desse som har så mykje sakn og vemod i sinnet. Eg vonar alle som treng litt ekstra håp, litt ekstra energi og litt ekstra glede fekk sett månen i kveld.
Endeleg er eg òg klar til jul. Juleførebuingane i år har vore sporadiske og knappe, men det vart altså jul likevel. Veslejulaftan var svært hektisk, men det er verdt det når ein kan setje seg ned og la julefreden sige innover seg.
Minstesnuppa har også kosa seg i dag. Medan eg og papsen har vaska og ordna, tok ho sete på storesyster sin skrivepult.
Stjernene i glaset var så spennande…
Eg let dei herlege bileta tale for seg sjølv…
Trøytt av alle dagens inntrykk, sovna ho så godt i senga si i kveld. Skal tru kva ho tenkjer, der ho ligg… I morgon gler vi oss alle til å ta med oss veslensuppa ned i stova og sjå augene hennar når ho ser juletreet!
Frøken midtimellom pynta treet i kveld, og ho var jammen ganske flink!
Til slutt vil eg få takke og ynskje god jul til alle som trufast kikar innom bloggen min! Det er så kjekt å vite at mange besøkjer meg, og endå kjekkare er det å lese alle dei koslege kommentarane de alle legg att!
God jul til alle der ute!
God jul, Tove:)
SvarSlettSånn ei søt lita jente!!
SvarSlettSå vart det jul hos deg også, trass tidlegare innlegg der du hadde dine tvil...hihi!! : )
Ønsker deg ei riktig god jul!! Klem!
♥ Ønsker dere en vakker og fredelig julefeiring ♥
SvarSlettHei Tove.
SvarSlettJa da er julen kommet og jeg ønsker deg og dine en deilig julekveld.
Juleklemmer fra Helen
God Jul til deg og dine kjære.
SvarSlettYnskjer deg og dine ei god jul! :)
SvarSlettGo Jul til alle dokke!
SvarSlettHåpe Jula blir fin og minnerik for både små og store!
Stikker innom for å ønske deg en langsom, glad og god jul! Kos deg masse med din herlige familie :-)
SvarSlettPludrehanneklem
Herlege ord og bilder. Såg også den flotte månen i går, ga ei ekstra glede i hjartet for min del. God jul til deg og dine! :)
SvarSlettGod Jul til deg og dine... :-)
SvarSlett