søndag 13. desember 2009

Det er ikkje så rart…

…at julestemninga i vår heim er nesten fråvèrande, når minstesnuppa plukkar vekk julepynten etterkvart som eg leitar den fram.

104 

Denne vindaugskarmen var pynta med lysestakar, ei lita raud juleplante, nokre hjarte og litt anna stæsj. Det gjekk ikkje lange stunda før frøkena hadde tatt vekk alt og erstatta det med kjøkkenutstyret sitt.

107

Ho elskar å stå i sofaen framfor glaskarmen og kokkelere med alle pannene sine. Ho har endåtil forsynt seg med fløtesettet eg har arva frå mormor.  Det var potetskruar ho kokte og steikte denne kvelden.

105

Sist ho hadde teke fløtesettet i bruk, hadde ho fylt den med saft og papir og laga suppe. Under salongbordet. I all hemmelegheit.

106

Så her i huset lyt nok julepynten vente ei stund til. Eg ser ikkje anna råd enn at den må vike plass for panner, koppar og kar. Husbonden meinte vi berre måtte finne oss i alternativ julepynting i år, og kanskje har han rett i det… Eg får heller vere takksam for at eg har ei lita snuppe som ordnar med middag i ny og ne! Potetskruemiddag og saft-og-papir-suppe er jammen ikkje å forakte!

Jula kjem nok likevel…

8 kommentarer:

  1. Alternativ julepynt hørtes smart ut. :-)

    SvarSlett
  2. Sååå herligt.
    Klart du må la henne pynte, julepynten kan vente den...

    Klem fra Helen

    SvarSlett
  3. Ja, i ein heim skal det vere rom for alle sine syslar, og du har jo dokumentert grundig her på bloggen tidlegare at den vesle snuppa di er ein ekte kjøkkenskrivar:)
    Sidan eg ikkje lenger opplever å få snudd om på det eg plasserer rundt omkring i heimen, synest eg til og med at det er rett sjarmerande med panner og gryter i glaskarmen:) God førjulstid.

    SvarSlett
  4. Synes dette var riktig så fint pyntet, jeg! Og dersom det kan hjelpe på koke-gleden til snuppen i årene som kommer så er det jammen verdt å være foruten julepynt, spør du meg!

    SvarSlett
  5. Det går ikke mange årene før pynten får stå i fred. Da savner man fort både suppekoking under salongbordet og kasseroller i vinduskarmen.
    Koselige øyeblikksbilder.
    Ha ei fin, fin førjulstid!
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  6. Hahaha! Kjempeflott tove!!
    La ho styre!! - snart blir ho opptatt av andre ting, og da kan du pynte...

    SvarSlett
  7. Dei er hærlige desse små :)
    Eg har ei som flyttar rundt på det lille eg har, nissen og snøbarna er berre så kjekke å leike med og trille på.

    La gå....La fantasien råde, dei er små berre ein gong :)

    SvarSlett
  8. ...jeg lo godt av minstejenta di da jeg leste dette innlegget i går... - og så skulle jeg i gang og pynte sjøl. Og åtteåringen min bestemte seg for at HAN skulle pynte stua til jul i år...
    Utfordringen her - er å tenke at i år blir det ingen innlegg om hvordan jula ser ut i huset hos meg...på blog...
    Jeg får heller surfe rundt og se på søte små tablåer med sarte engler, perlebånd, og hvite fjær, hjerter og flotte nisser, - alt satt sammen i perfekt matc...
    I morges spiste Birk to av rådyra som stod ved nisselandsbyen, så du vet...glade jul!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!