torsdag 31. desember 2009

Med håp for det nye året…

Måtte alt det gode fløyme i det nye året. Måtte alle verte fylt av håp og inderleg glede.

nyttårsønske 

(biletet er lånt her)

Måtte vi ta imot alle sjansar som kjem vår veg. Ikkje unnvike. Ikkje late att dører eller sette opp stengsel.

Måtte vi leve kvar einaste dag som om den var den siste, måtte vi finne glede i alle dei små augneblinka og våge å vere akkurat den vi er.

nyttårsønske1

(biletet er lånt her)

Måtte vi ha mot til å stå for det vi meiner, gå for det vi ynskjer og ta godt imot alt som blir gitt oss. Måtte vi la alle dører vere opne, ynskje alle velkomne inn. La ingen kjenne seg små i ditt selskap, eller oppleve at dei ikkje vert høyrt. Gi alle ein sjanse. Det er noko godt i alle.

nyttårsønske2

Måtte vi klare å sjå at det er håp i alt. Glede rundt kvar ein sving. Måtte vi klare å tru. Måtte vi klare å forstå kor sterke vi er, og at noko av den styrken kan delast med andre. Del håp, del glede, del styrke – og alt vil vekse og gro.

nyttårsønske3

(biletet er lånt her)

Måtte vi klare å le. Le masse. Ikkje av, men med. Le med alle rundt deg. Ingenting smittar som godt humør. Lær av borna, som ser humor i alt. Måtte vi  klare å takle alle livets utfordringar. Livet er ei utfordring i seg sjølv. Grip den!

nyttårsønske4

(biletet er lånt her)

Måtte vi klare å tenkje på sola, sjølv om det regnar. Måtte vi klare å tenkje positivt, når det stormar som verst. Måtte vi klare å finne håp, der andre berre ser sorg og fortviling. Måtte vi klare å gi av oss sjølve til andre. Ikkje vent at alle likar deg, gi av deg sjølv likevel. Still deg til disposisjon, gjer deg tilgjengeleg og ver engasjert. Prøv å tenkje på det beste, når alle andre tenkjer det verste. Møt alle vanskar som utfordringar.

nyttårsønske5

(bilete er lånt her)

Måtte vi finne kjærleik. Gi kjærleik. Ta imot kjærleik. Leve i kjærleik.

Måtte 2010 verte alt du har drøymt om. Måtte det skje alt som du har håp om.

Dei aller beste ynskjer for det nye året sender eg til alle mine fantastiske vener der ute!

Bless!

 

15 kommentarer:

  1. Vakkert Tove-innlegg!! Øsnker deg og dine et flott 2010!!
    klem

    SvarSlett
  2. Eit godt varmt GLAD år ynskjer eg deg og dine...
    Kommentaren frå deg gjorde meg glad og rørt...Takk for at du bloggar som du gjer,,
    Godt blogg år også ;-)

    SvarSlett
  3. Vakre ord!
    Takk for det gamle og på gjensyn i 2010.
    Godt nytt år!
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  4. Så vakkert, Tove. Du får sagt det, så inderlig!! Jeg er så glad for at jeg har oppdaget deg og din blogg. Og ønsker det beste for deg i det nye året som kommer :) God varm klem!!
    Ps. Jeg tror nesten jeg må linke til dette innlegget og bare skrive under på de gode ønskene, så håper det er greit ;)

    SvarSlett
  5. Ikkje berre lett å etterleve desse ønskja, men det er viktige og audmjuke ord du kjem med. Ord til ettertanke og forhåpentlegvis til handling.

    SvarSlett
  6. så vakre ord til ettertanke du:) godt nyttår til deg også

    SvarSlett
  7. Så nydelige og kloke ord til ettertanke !
    De skal jeg ta med meg i det nye året.
    Ønsker deg et godt nytt år !

    Klem fra Monja

    SvarSlett
  8. Nydeleg innlegg til ettertanke!
    Skulle ønskje eg kjende deg "in real life", trur me hadde hatt mange tankar å dele :)

    Godt nyttår!

    SvarSlett
  9. Nydeleg innlegg til ettertanke, Tove! Takk for koseleg besøk på bloggen min:) Du er hjarteleg velkomen kva tid det måtte være!!:) Eg går på besøk til deg både tidt og ofte...:)Og ja, du har rett... vi bur nok ikkje så langt i frå kvarandre.

    Med ynskje om eit nydelig år 2010 frå Lønnetunet

    SvarSlett
  10. Heisann!
    Alltid hyggelig å lese bloggen din, og gleder meg til å følge deg i 2010.
    Godt nytt år til deg og dine!
    Hilsen Ellen:)

    SvarSlett
  11. Så vakkert!!!
    Ønska deg riktig godt nytt år Tove!
    Takk for helsing i min blogg
    Klem

    SvarSlett
  12. Vakkert! Takk for mange gode blogginlegg i 2009, gleder meg til å følge deg i 2010!

    SvarSlett
  13. Hei Tove.
    Riktig gode År til dokke der ute på Halsane:o) Dette innlegget var flott Tove, berre ein fryd å lese. Du har jo blitt ein racer med strikkepinnane, kjekt at eg har vore ei lita inspirasjon:o) Berre litt over ei veke no til Silje drar tilbake til Dallas, blir eit stille hus og eit trist mammahjarte. 5 mnd er lang tid før eg kan høyre dei lette stega i trappa att. Nyt den siste fridage:o)
    klem Lill

    SvarSlett
  14. Hei :) så koselig at du stakk innom bloggen min.. sett stor pris på alle dere som er innom meg.

    Legg meg gjerne til din bloggliste .. kjekt de.

    Du skriver så godt, og dette innlegget er ikke noe unntak.. kjempe fine ord og virkelig noe å tenke over.. fine bilde som illustrerer innlegget ditt også.

    Godt nytt år :)

    Klem

    SvarSlett
  15. Vakkert! Godt nyttår:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!