søndag 27. desember 2009

Kunsten å sjonglere

For meg har det å strikke lestar vore sett på som ei heilt eiga kunstform. Ikkje akkurat det å klare å strikke hæl, eller felle av til best mogleg tå. Så lenge eg hadde hatt ei oppskrift skulle eg alltids ha klart det.

Det alle desse pinnane som har forundra seg mest. Sjølv om eg no har vorte relativt driven på to pinnar, har eg framleis ikkje sett for meg at eg skal kunne klare å handtere fem pinnar. Men i dag måtte eg berre skride til verket og lære meg sjongleringskunsten. Eg har i løpet av ein dag (!) strikka mi fyrste baggy hue (bilete kjem sjølvsagt seinare, den har berre vorte tova litt i maskina og må tørke fyrst). Og då måtte eg sjølvsagt ty til fem pinnar for å klare å felle av på slutten. Etter mamma si kyndige strikkehjelp over telefon, sat eg der med eitt og sjonglerte fem pinnar – som om eg aldri skulle ha gjort anna!

strikke1 

Det skjønne biletet er lånt her.

Så no veks motet, og eg trur kanskje at eg skal hive meg rundt og starte på tjukkelestane som eg har hatt liggande tråd til lenge. Det vert nok eit langtekkeleg prosjekt, men no er eg inspirert og klar! Kan hende kjem der bileter av dei ferdige lestane laaaangt ut på nyåret ein gong!

te1

Enn så lenge skal eg kose meg med ein kopp te og sjå på at hua tørkar!

4 kommentarer:

  1. Spennande Tove...
    Vi skal heie deg fram til ferdig produkt, dette klarer du..
    Kjekt lære nye ting, ein vert aldri for gamal til å lære, ikkje sant?

    SvarSlett
  2. Jeg trodde du var strikkedronninga av ALT jeg! -
    Men om det er noen trøst kan ikke jeg heller strikke hæler på strømper, sånn er det bare!
    Men ej kan mye annet, og det kan jammen du og!
    God jul fortsatt!
    Tone

    SvarSlett
  3. Det er alltid bra å lære noe nytt! Kos deg med det :)

    SvarSlett
  4. som sigrid i kommentaren over sier...æ heia og på dæ......fikser det vettu...go romjul foresten

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!