I natt har snøen lava ned og laga skikkeleg julestemning ute!
Eldstemann tok frivilleg på seg å måke trapper og framfor dører – flinke guten min!
Om nokon tek turen til “Utsikten”, vert dei møtt av denne engelen!
Den blå timen er heilt fantastisk! Månen kikar fram og fortel oss at det er kulde og klarvèr i sikte!
Det har vore nydeleg på Halsane i dag!
Og så har eg lovt eit lite sneak peak…. Og det er sjølvsagt av strikkeprosjektet mitt! Brukte ein dag på å strikke ei diiiiger, babby hue til frøken midtimellom.
Hua er strikka i Rauma sitt jubileumsgarn, og er i ein nydeleg lys farge med litt glitter i. Det kjem fleire bileter snart, må berre få fotomodellen og den stolte eigar til å samarbeide med meg! Med alt dette herlege vèret har ho ikkje tid til å dille med bilettaking, må vite! Det skal akast, leikast, rennast på kjelke, byggast snølykt og mykje, mykje meir!
For ei herleg utsikt du har...
SvarSlett