Eg vart tante igjen i dag. Andre tantegullet mitt på under tre månadar. Det er eit under, ei lukke, ei glede! Dette diktet er til skjønne, vesle Sofie!
På visitt i verda
Vesle ansiktet som slit seg imot lyset
frå moderskroppen
ber merke av vandring i tider og rom,
og fingrane dine, så små,
har styrke i fødselsstunda
frå den tid du svinga frå grein til grein
gjennom veldige skogar.
Hjelpelaust liten og grenselaust sterk.
Gapande munn og attletne auger.
Slik slit du deg fram i dagen.
Eg står i ditt føderom undrande, veik.
Eit menneske fødest til verda
med røynsle
i kvar ei celle
frå tider og slekter og hav og strender,
frå lys og frå mørke, frå hete og kulde.
Ingen veit kvar du går.
Ingen blæs i trompetar. Ingen svingar med faner
ved eit slikt daglegdags under.
Eit menneske fødest til verda.
- Marie Takvam -
Kjære, lille Sofie: Vi er mange som har blese i trompetar i dag, og svinga med faner – berre for at du vart fødd!
Velkomen til verda, lille venn!!!
Bileta fann eg her, då eg søkte på ordet “baby”
Gratulerer så mye med det lille tantebarnet!
SvarSlettJeg ble selv tante for femte gang for åtte dager siden - det er fantastisk. :o)
Ønsker deg en fortsatt fin onsdagskveld!
Gratulerer med lille tantebarnet!
SvarSlettGrattis med tantebarnet :D
SvarSlettØnsker deg en fin dag
Nydelig dikt. Grattis med tantebarnet!
SvarSlettJulegavetips fra meg:
http://deluze.blogspot.com/2009/11/pappa-og-hans-kamp-mot-kreft.html
Hei :) Gratulerer som tante igjen da, alltid koselig med et nytt famelie medlemm.
SvarSlettKjempe fint dikt :)
Ha ei flott førjulstid
grattis med ei søt lita tante gull¨
SvarSlettSmil fra monika
grattis med ei søt lita tante gull¨
SvarSlettSmil fra monika
Gratulerer med nok et tantebarn!
SvarSlettEt nydelig dikt!
Ja, tenk et hverdags-under i den stor sammenheng, men et STORT under for seg selv og for dere nære rundt...
God klem.
For et flott tante-innlegg!!!
SvarSlettDu er god Tove!
Gratulerer så mykje med tantebarnet!! Eg har vore så heldig og delt rom med Sofie og mor hennar på føden heilt til i dag, og kan love deg at det er ei nydeleg taus de har fått i familia. Fekk tårer i auga av innlegget og det vakre diktet. Nydeleg.
SvarSlett