Eit kort, men interessant besøk i ein “interiør-aktig” butikk for ei tid tilbake, resulterte i overhøyring av nok ein interessant samtale (du finn ein annan fantastisk, overhøyrd samtale her). To gode venninner, kledd i rosa og kremfarga shabby chic-kle gjekk rundt og kika i butikken.
Dame 1: “…og så har du dette PIP-serviset. Det skal eg i alle fall ikkje ha! Alle bloggar eg les har slikt servise. Typisk bloggedamer å alltid skulle ha det same!”
Dame 2: “For ikkje å snakke om alle sink-duppedittane dei absolutt skal ha! Og alle dei gamle og øydelagde møblane dei dreg i hus! Ikkje sant du har sett det? Dei set ein gammal stol på kjøkkenet og så sleng dei over eit illeluktande saueskinn, og VIPS så har dei liksom skapt bloggmote"!”
Dame 1: “Nei, takke meg til vanlege møblar som ikkje luktar gammalt. Og har du sett alle desse skilta dei heng rundt om kring i husa sine?”
Dame 2: “Ja, det blir liksom litt for mykje av det gode når absolutt alle har slike skilt og heng dei på akkurat same plassane. Men har du fått med deg om det er heilt ut med Green Gate, liksom? Eg har nokre raude koppar med kvite prikkar i skapet, kjøpte dei då “alle” måtte ha Green Gate. Har faktisk aldri brukt dei. Og då eg fann ut at alle andre også hadde dei, då skulle eg i alle fall ikkje bruke dei.”
Dame 1 (medan ho står og beundrar eit sink-skilt): “Ja, desse bloggedamene trur liksom at dei kan sette standarden for korleis alle vi andre skal ha det i husa våre (ho legg sink-skiltet på disken og seier til dama i kassa at ho skal kike litt til før ho betalar). Og så har du denne shabby chic-stilen med blondedukar, rysjer og madonnaer overalt. Det vert jo nesten som å bu på eit museum!”.
Dame 2: “Og så skal liksom alle photoshoppe bileta sine. Alt vert likt! Uansett kva blogg du kikar på, så ser du på ein måte same bileta! Litt duse, grå-aktige og glinsande. Eg har aldri fått det til. Har sikkert ikkje godt nok kamera.”
Dame 1: “Ja, eg skal i alle fall ikkje ha “bloggestilen” heime hos meg! Nei, takke meg til å ha det slik som eg likar det og ikkje slik dei såkalla interiørbloggarane meiner eg skal ha det!”
Dame 1 betalar sink-skiltet sitt og slenger like godt litt phukka-te, eit sink-fat, nokre duftlys og eit stort pyntehjarte med tekst på opp i posen.”Nei, vi må ikkje slenge oss på alle desse trendane som interiørbloggarane skaper!”
Dame 2 seier seg heilt samd med dame 1. Med dei shabby chic-aktige klea sine seier dei takk for handelen til dama i kassa og ruslar mot utgangen. “Trur du eg får tak i PIP-serviset ut i bya? Dei er i grunnen litt fine… “, seier dame 1 i dèt dei forlet butikken.
Eg blir ståande og smile for meg sjølv medan dobbeltmoralen og ironien heng tjukt i lufta! Eg veit ikkje om du les ironien på same måte som meg, men eg morar meg i alle fall kosteleg over slike samtaler!
Ja, ja, eg er nok ikkj ei “typisk” bloggedame, for PIP-servise har eg ikkje! Den vakre koppen på biletet er det næraste eg kjem! Koppen vart funnen på ein dumpingplass for skrot i ein skog for mange, mange år sidan. Porselenet er så tynt at eg ikkje tør å bruke den, så den får stå til pynt i ei hylle på kjøkkenet!
Ha ein strålande dag, anten du er ei “typisk” bloggedame eller ikkje!
PS! Både dame 1 og dame 2 såg utruleg snille og kjekke ut!