Frøken snupp fann ein ballong i strandveska. Ein grøn, stor ballong som ropte etter å verte leika med.
Tenk om eg kunne vere ein grøn ballong, mamma. Mamma bles den opp så godt ho kan. Må knyte godt att slik at lufta ikkje forsvinn.
Vi må halde godt fast, mamma. Tenk om den flyg vekk med vinden! Eller kanskje den seglar til havs og så ser vi den aldri igjen! Frøken snupp held så fast som ho berre kan. Det er vanskeleg å balansere på fjøresteinar samstundes som ein er ballongpassar.
Eg tek den med meg på ein liten tur, mamma! Eg lovar å vere forsiktig! Med nakne føter spring ho som ein røyskatt over steinane. Nokre steinar vaglar litt, men dei små føtene spring lynkjapt vidare til neste.
Eit vindpust snappar ballongen ut av hendene hennar. Den flyg eit lite stykke før den landar på sjøen. Storesyster må vasse ut og redde den. Frøken snupp blir kjempeglad og klappar begeistra frå steinen ho sit på.
Kva ville du ha gjort dersom du var ein ballong, lurer mamma på. Då hadde eg hatt lyst til å flyte på sjøen til ein plass der det alltlid er sol, svarer ho. Ballongen er i trygg forvaring i famnen hennar. Ho kikar litt på den før ho brått og uventa kastar den ut på sjøen att. Eg trur ballongar likar best å få flyte dit dei vil, seier ho og kastar eit slengkyss med vinden!
Søt ho e:)
SvarSlettSå fint du skriv og fortel:)
SvarSlettBerre at ballongen var gul...?? :) Og ikkje grøn?? heheh
SvarSlettL
He, he, anonym; eg ser den! Det var berre det at bileta måtte redigerast litt pga sollyset og då vart nok ballongen meir gul enn grøn, kanskje.... Skulle gjerne ha vore litt flinkare med biletredigeringa, ser eg....
SvarSlettToveHD