Fyrst og fremst: TUSEN TAKK for strålande kommentarar på forrige innlegg! Det er artig å sjå at mange kjenner seg att i både det eine og det andre…. Og medan eg er i gong med takksigelsar; TUSEN TAKK til alle som kom med gode råd då eg ikkje klarte å legge att kommentarar på andre sine bloggar. Det var altså nok å fjerne markeringa på “Forbli pålogget” og VIPS – så klarte eg å kommentere att!
I dette innlegget vil eg kome med ei ♥-leg blogganbefaling! Eg har lese bloggen hennar lenge og likar veldig godt stilen hennar. Ho imponerer meg med bileta, idèane og måten ho skriv på. i det siste innlegget hennar viser ho oss ein super, enkel og billeg idè som eg har fått lov til å dele med dykk!
Vi er sikkert mange som har hatt lyst på ukeplan.no sine vekeplanleggingstavler. Her i huset stoppa det heile på fornuft og pris. Eg hadde veldig lyst på den, men var uviss på kor mykje eg kom til å bruke den. Har difor fundert på rimelegare alternativ til eg klarer å bestemme meg. Då eg kika innom Moccamamma med bloggen “Vanilje, kaffi og krem” i dag, såg eg ei fantastisk god løysing på dilemmaet mitt!
Ho har rett og slett tatt ei hobbyplate ho har hatt liggande og beisa den. Så har ho utstyrt den med diverse duppedittar til å henge opp hugselappar, vekekalendar og andre “hugse på”-ting! Utruleg kreativt og flott, ikkje sant??? Dette skal eg jammen meg prøve! TUSEN TAKK for tipset, Moccamamma!!!
Dei som har følgt bloggen min ei stund veit at eg likar godt “prikken over i’en”-detaljar! Moccamamma har eit kjempekosleg hus, men dette hjørnet på kjøkkenet hennar tek kaka! Har du sett noko så flott???
Eg vil verkeleg anbefale å ta turen innom Moccamamma sin flotte blogg!!! Du vil like å kose deg med denne til morgonkaffien i dag!
♥God laurdag til alle!♥
PS! Alle tre bileta er tekne av Moccamamma og eg har fått lov til å låne dei!
Takk for at du deler :)
SvarSlettfin blogg
Ønsker deg en fin helg
/myr
Måtte sjølvsagt ein tur innom Moccamamma, jepp, flott blogg! Vekeplanleggaren var utruleg kul i tillegg til å vere superpraktisk!
SvarSlettHadde ikkje fått med meg det forrige innlegget ditt før no eg da -Herremin for nokre dobbelmoralske betrevitarar! Ja ja, dei må no berre sitte der oppe på sin høge hest, virkar som dei har god utsikt over alle bloggarane der oppe.. he he he. Eg har forøvrig maaange GreenGate koppar og dei er i bruk kvar dag og PIP har eg ikkje...
Alltid kjekt å kome innom bloggen din Tove, ynskjer deg og dine ei deilig helg! Klem Tonje
Takk for superdupert tips :-)
SvarSlettMåtte selvsagt inn og lese PIP-en din også - hehe - sånn er det jo bare.... "Tenke sjæl", sa han vel en gang, Trond Viggo tror jeg - det er ingen enkel øvelse....
Ha en finfin lørdag!
Så flott at du tipsar oss...
SvarSlettgod helg!