torsdag 7. juli 2011

PIP meg her og PIP meg der – eit blogginnlegg om “typisk bloggedamer”!

Eit kort, men interessant besøk i ein “interiør-aktig” butikk for ei tid tilbake, resulterte i overhøyring av nok ein interessant samtale (du finn ein annan fantastisk, overhøyrd samtale her). To gode venninner, kledd i rosa og kremfarga shabby chic-kle gjekk rundt og kika i butikken.

IMG_0473

Dame 1: “…og så har du dette PIP-serviset. Det skal eg i alle fall ikkje ha! Alle bloggar eg les har slikt servise. Typisk bloggedamer å alltid skulle ha det same!”

Dame 2: “For ikkje å snakke om alle sink-duppedittane dei absolutt skal ha! Og alle dei gamle og øydelagde møblane dei dreg i hus! Ikkje sant du har sett det? Dei set ein gammal stol på kjøkkenet og så sleng dei over eit illeluktande saueskinn, og VIPS så har dei liksom skapt bloggmote"!”

Dame 1: “Nei, takke meg til vanlege møblar som ikkje luktar gammalt. Og har du sett alle desse skilta dei heng rundt om kring i husa sine?”

IMG_0476

Dame 2: “Ja, det blir liksom litt for mykje av det gode når absolutt alle har slike skilt og heng dei på akkurat same plassane. Men har du fått med deg om det er heilt ut med Green Gate, liksom? Eg har nokre raude koppar med kvite prikkar i skapet, kjøpte dei då “alle” måtte ha Green Gate. Har faktisk aldri brukt dei. Og då eg fann ut at alle andre også hadde dei, då skulle eg i alle fall ikkje bruke dei.”

Dame 1 (medan ho står og beundrar eit sink-skilt): “Ja, desse bloggedamene trur liksom at dei kan sette standarden for korleis alle vi andre skal ha det i husa våre (ho legg sink-skiltet på disken og seier til dama i kassa at ho skal kike litt til før ho betalar). Og så har du denne shabby chic-stilen med blondedukar, rysjer og madonnaer overalt. Det vert jo nesten som å bu på eit museum!”.

Dame 2: “Og så skal liksom alle photoshoppe bileta sine. Alt vert likt! Uansett kva blogg du kikar på, så ser du på ein måte same bileta! Litt duse, grå-aktige og glinsande. Eg har aldri fått det til. Har sikkert ikkje godt nok kamera.”

IMG_0484

Dame 1: “Ja, eg skal i alle fall ikkje ha “bloggestilen” heime hos meg! Nei, takke meg til å ha det slik som eg likar det og ikkje slik dei såkalla interiørbloggarane meiner eg skal ha det!”

Dame 1 betalar sink-skiltet sitt og slenger like godt litt phukka-te, eit sink-fat, nokre duftlys og eit stort pyntehjarte med tekst på opp i posen.”Nei, vi må ikkje slenge oss på alle desse trendane som interiørbloggarane skaper!”

Dame 2 seier seg heilt samd med dame 1. Med dei shabby chic-aktige klea sine seier dei takk for handelen til dama i kassa og ruslar mot utgangen. “Trur du eg får tak i PIP-serviset ut i bya? Dei er i grunnen litt fine… “, seier dame 1 i dèt dei forlet  butikken.

IMG_0472

Eg blir ståande og smile for meg sjølv medan dobbeltmoralen og ironien heng tjukt i lufta! Eg veit ikkje om du les ironien på same måte som meg, men eg morar meg i alle fall kosteleg over slike samtaler!

Ja, ja, eg er nok ikkj ei “typisk” bloggedame, for PIP-servise har eg ikkje! Den vakre koppen på biletet er det næraste eg kjem! Koppen vart funnen på ein dumpingplass for skrot i ein skog for mange, mange år sidan. Porselenet er så tynt at eg ikkje tør å bruke den, så den får stå til pynt i ei hylle på kjøkkenet!

Ha ein strålande dag, anten du er ei “typisk” bloggedame eller ikkje!

PS! Både dame 1 og dame 2 såg utruleg snille og kjekke ut!

19 kommentarer:

  1. Hehe - morsomt :) Hilsen Hanne - som tror at hun ikke er en typisk bloggdame, men som allikevel har serviser, skilt og sinkbøtter ;)

    SvarSlett
  2. He he :) Morsomt!
    Og så er det egentlig et utrolig godt eksempel på hvordan vi lar oss påvirke, uten at vi er klar over det!

    SvarSlett
  3. Hahaha! Eg flirer godt her!
    Har skilt, men lite sink. Ingen polka dots og lite med gamle møblar. Men "typisk" bloggedame? Ja, kva er no det...?

    SvarSlett
  4. Hehe vi menneske er rare dyr;-)) Har ikkje Green Gate og ikkje visste eg kva det var før du fortalde meg det heller. Men eg har eit skilt som eg har tenkt å få opp ein stad. Men du Tove - må ha hjelp igjenn eg....Korleis ser eit PIP service ut??

    Helsing ei bloggdame litt på viddene eller:-))

    SvarSlett
  5. Sei meg, hadde du opptakar med deg i butikken,eller notatblokk, eller er du utstyrt med ein usedvanlig god "referathukommelse"....? eg berre lurer,

    SvarSlett
  6. Morro å lese...*smiler*..
    God sommer,
    klem :O)

    SvarSlett
  7. Til anonym der oppe: Det du kallar referathukommelse, er vel ein metode alle gode historieforteljarar nyttar!
    Med ein god porsjon sjølvironi kjem ein vel unna med det meste;-)- også i bloggverda? Det er mykje fint å sjå, til dømes pip-servise. For meg vert ei bloggrunde noko liknande som å vinusshoppe.

    SvarSlett
  8. Hehehe....kjente meg litt igjen der. Tenker også noen ganger det kan bli mye likt, og jeg føler det nesten er litt vanskelig å være orginal. Jeg trøster meg med at vi i interiørblogg-verden er veldig opptatt av slike ting,og vi blir nok inspirert av mye det samme- og ja, noe blir nok ganske likt. MEN kikker en rundt i de tusen hjem, ....så er det kanskje ikke så mange som har det så likt likevel! Veldig mange (overraskende mange) bryr seg fint lite om interiørtrender....

    SvarSlett
  9. Hei anonym som siktar til "referathukommelse".
    Dette er ein teknikk som ein anten kan trene seg til eller som ligg lett for ein.
    Dei fleste studentar kan ikkje ordrett ta oppatt det ein førelesar har sagt i ein skuletime, medan andre kan memorere kvart eit ord i rett rekkefølgje. Nokre har derimot lært seg teknikkar for å drage ut hovudmomenta i ein samtale, og vil såleis vere i stand til å gjengi samtalen tilnærma lik ordrett. I kombinasjon med generelt godt minne, treng ikkje dette vere vanskeleg.
    Eg trur forresten ikkje at Tove har som mål å gjengi samtalar ordrett. Poenget er å gjengi substansen i samtalane slik bodskapen kjem fram på best mogleg måte. Dette er ein del av forteljarkunsten.

    LHD

    SvarSlett
  10. skal være forsiktig med kva eg snakkar om neste gang eg ser deg i en butikk fårstår eg ;P men morsom samtale :)

    SvarSlett
  11. Eg kjenner meg litt igjen, kan gjerne innrømme det... ;-) Men det vert ikkje så mykje handel på meg under slike samtaler. Det har nok meir med lommeboka enn lysta å gjere. God helg!

    SvarSlett
  12. Kjære anonym! Ein smule ubehageleg at du gir til kjenne at du på eit vis veit kven eg er og at du av og til ser meg på butikken! Dersom du kjenner meg så burde du vite at eg absolutt ikkje skriv noko som helst med uærlege hensikter! Eg skriv heller ikkje stygt om folk, gjer narr av andre eller skriv om noko som er hemmeleg eller usant.

    Til orientering så ligg det altså lett for meg å hugse samtaler. Eg er eit skrivande vesen og tenkjer at eg kan få bruk for mangt og mykje ein vakker dag! Å gjengi substansen i ein samtale som ein finn interessant er slettes ikkje vanskeleg!

    Til slutt kan eg òg fortelje at eg har "track back"-teneste på bloggen, det vil seie at alle IP-adresser som har vore innom vert registrerte - ofte med link til heimesida ein sjølv har. Dette er ei teneste som mange bloggar har (i alle fall dei som har blogspot). Så det er difor lett å finne tilbake til anonyme kommentarar, om det er det ein vil!

    Uansett, kjære anonym: kjekt at du kikar innom bloggen min og til ei viss grad finn den lesverdig og kanskje ein smule interessant! Det som er mindre interessant, eller som du ikkje likar å lese, eller som du ikkje trur noko på - DET MÅ DU GJERNE HOPPE OVER!

    SvarSlett
  13. har aldri sagt at du snakkar stygt om andre, eller skriv uærlege ting, var meint som ein liten spøk om at du på ein måte "overhørte samtalen" å at eg då må passe meg for kva eg seier :P men det var absolutt ikkje meint som negativt, å bloggen din er kjempe fin!! God helg :)

    SvarSlett
  14. Hei igjen, anonym!!! Tusen takk for oppklaringa! Det er så kjekt å få ordna opp i mistydingar! Kjekt at du likar bloggen min, og du er alltid velkomen tilbake!

    Ynskjer deg ei strålande helg! Vèret på Sunnmøre ser ut til å verte svært varierande, men det er vi så vande med, he, he....

    SvarSlett
  15. Hihi, herlig :) Slike samtaler er det nok mange av rundtomkring.

    Hilsen Margrethe

    SvarSlett
  16. Heisann! Jeg skulle ha svart deg for lenge sida for forrige kommentar, men feriemodus rår :) Låvefesten så veldig kjekk ut. Alt en treng er litt god mat og kjekke folk!

    Jeg liker at du samler på historier. Å lytte til andre kan være god underholdning :) PIP har ikke kommet inn her heller, men det er bare fordi jeg har fulle skap fra før.

    Du må gjerne låne og linke. Bare hyggelig det! Jeg koste meg med å skru og fikse oppslagstavle :)

    Jeg prøver å holde meg så anonym jeg kan - men ser etterhvert at det kan være vanskelig, og kanskje ikke ønskelig i lengden heller. Jeg trengte og trenger vel kanskje fortsatt et rom som er mitt, der jeg er meg og ikke bare er en innflytter eller noens kone.
    Verden er ikke så stor - så en dag krysses nok kanskje stiene våre også. Skal si hei om jeg ser deg, jeg :)

    Moccamamma :)

    SvarSlett
  17. haha, moro lesning ^^
    jeg er vel ikke typisk bloggedame, men har litt PIP og litt Greengate fordi jeg synes det er pent og liker stilen. Bryr meg ikke om hvor mange andre som har det, jeg liker det fordi JEG liker det :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!