Fyrste solskinsdagen etter vekesvis med skodde og gråvèr – og vi har heile badestranda og skjæret for oss sjølve!
Ein og annan båt som tøffar forbi, måsar som kranglar om dagens fangst, klukking i fjøresteinane og frydefulle kvin frå glade born som endeleg får lov å bade!
“Mamma, eg har fanga ein krabbe! Det kitlar i handa mi!”. Eller er det sola du har fanga, vennen min?
Kva meir skal til for å gjere kvardagslukka fullkomen? Vi er takksame for lite – heldigvis! Nokre kjærkomne timar med sol, og vi har gløymt alt det dårlege vèret. No håpar vi på reprise i morgon! Solstolane er klar, nista er planlagt og badedraktene snart klare til bruk igjen ♥♥♥
Nydeleg..
SvarSlettNyt :-)
Det vart reprise av sola i dag! Her er det elva som lokkar. DEILIG!!
SvarSlettHa ein nydeleg dag på stranda!
Solfylt sommarklem frå Åmdalen :)