tirsdag 5. juli 2011

Mal meg ein blå himmel…

Fyrste solskinsdagen etter vekesvis med skodde og gråvèr – og vi har heile badestranda og skjæret for oss sjølve!

IMG_0360

Ein og annan båt som tøffar forbi, måsar som kranglar om dagens fangst, klukking i fjøresteinane og frydefulle kvin frå glade born som endeleg får lov å bade!

IMG_0364

“Mamma, eg har fanga ein krabbe! Det kitlar i handa mi!”. Eller er det sola du har fanga, vennen min?

IMG_0465

Kva meir skal til for å gjere kvardagslukka fullkomen? Vi er takksame for lite – heldigvis! Nokre kjærkomne timar med sol, og vi har gløymt alt det dårlege vèret. No håpar vi på reprise i morgon! Solstolane er klar, nista er planlagt og badedraktene snart klare til bruk igjen ♥♥♥

2 kommentarer:

  1. Det vart reprise av sola i dag! Her er det elva som lokkar. DEILIG!!

    Ha ein nydeleg dag på stranda!
    Solfylt sommarklem frå Åmdalen :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!