søndag 10. juli 2011

Tenk om eg var ein grøn ballong…

Frøken snupp fann ein ballong i strandveska. Ein grøn, stor ballong som ropte etter å verte leika med. IMG_0454

Tenk om eg kunne vere ein grøn ballong, mamma. Mamma bles den opp så godt ho kan. Må knyte godt att slik at lufta ikkje forsvinn.

IMG_0453

Vi må halde godt fast, mamma. Tenk om den flyg vekk med vinden! Eller kanskje den seglar til havs og så ser vi den aldri igjen! Frøken snupp held så fast som ho  berre kan. Det er vanskeleg å balansere på fjøresteinar samstundes som ein er ballongpassar.

IMG_0457

Eg tek den med meg på ein liten tur, mamma! Eg lovar å vere forsiktig! Med nakne føter spring ho som ein røyskatt over steinane. Nokre steinar vaglar litt, men dei små føtene spring lynkjapt vidare til neste.

IMG_04641

Eit vindpust snappar ballongen ut av hendene hennar. Den flyg eit lite stykke før den landar på sjøen. Storesyster må vasse ut og redde den. Frøken snupp blir kjempeglad og klappar begeistra frå steinen ho sit på.

IMG_0467

Kva ville du ha gjort dersom du var ein ballong, lurer mamma på. Då hadde eg hatt lyst til å flyte på sjøen til ein plass der det alltlid er sol, svarer ho. Ballongen er i trygg forvaring i famnen hennar. Ho kikar litt på den før ho brått og uventa kastar den ut på sjøen att. Eg trur ballongar likar best å få flyte dit dei vil, seier ho og kastar eit slengkyss med vinden!

4 kommentarer:

  1. Så fint du skriv og fortel:)

    SvarSlett
  2. Berre at ballongen var gul...?? :) Og ikkje grøn?? heheh

    L

    SvarSlett
  3. He, he, anonym; eg ser den! Det var berre det at bileta måtte redigerast litt pga sollyset og då vart nok ballongen meir gul enn grøn, kanskje.... Skulle gjerne ha vore litt flinkare med biletredigeringa, ser eg....

    ToveHD

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!