mandag 19. januar 2009

Strekk deg. Oppover.

Strekk deg

oppover,

videre opp.

Opp.

016

Strekk deg og søk

om du berører

en stjerne.

Se hvordan du beveger deg,

hvordan det bruser rundt deg.

014

Strekk deg mot en stjerne

og berør den

- stille.

055

La fortidens visdom

få skylle ned

over deg.

La nåtidens kraft

få stråle

gjennom deg.

En fremtid av uante fragmenter.

Står der

- venter.

040

Strekk deg,

oppover,

videre opp.

Opp.

Strekk deg mot en stjerne

og la den fra det fjerne

- få berøre deg!

020

Dette undrande og tankevekkjande diktet har eg henta frå Turid Skjelten si bok; "I mellomrommet" (den du kan vinne på jubileumsinnlegget mitt, du har framleis sjansen!!!).

Eg er så glad i desse små barnehendene. Dei kan vere skitne, klissete, ha skrubbsår og vere våte - men eg let dei likevel stryke meg over kinnet og elskar kjensla av å ha dei rundt halsen min.

Eg vil at ungane mine skal sikte høgt. Eg ynskjer ikkje at dei skal setje begrensingar for seg sjølv. Dei kjem sikkert til å gå seg på nokre smellar her i livet, oppleve at motet sviktar og at dei ikkje når måla sine.

Men dei må likevel sjå framover. Oppover. Sjå mot stjernene og oppdage at det er dei sjølve som må sikte livsvegen sin inn etter lyset.

Enn så lenge skal desse små, mjuke, varme og gode hendene vere i mi varetekt. Halde rundt min hals. Stryke på mitt kinn. Og nå r det trengst, skal eg plukke ned ei stjerne til dei - som berre ei mamma kan.

036 

søndag 18. januar 2009

Fire x fem!

Eg har fått ei utfordring frå Hanne, og den har eg lova å ta på strak arm!

014

4 Favorittprogram på TV:

  • Brothers and sisters
  • Frustrerte fruer
  • 2 1/2 men
  • Elskar engelske program (mat, kultur, interiør, filmar, seriar etc)

018

4 Ting eg gjorde i går:

  • Var på stor familielunsj som den spreke farmora mi på 92 år hadde stelt i stand!
  • Song ilag med koret i eit bryllaup (me fekk æra av å synge brudemarsj i utgangprosesjonen) - eit nydeleg vakkert bryllaup, Hege og Erik!
  • Var på kosleg kaffislaberas med Anne Grethe - tusen takk til både deg og husbonden for deilig kaffi, lefser og anna godt!
  • Var i eit 40-års selskap

005

4 ting eg ser fram til:

  • at vi skal få sett igong arbeidet med påbygg
  • at planane om bustadfelt rett nedanfor oss skal verte realisert - vi vil ha naboar!
  • at eg får litt hage rundt huset
  • at vi snart skal ta til med ferieplanlegging (eg har endelaus "lærarferie" og husbonden har nesten ikkje fri i det heile - men ein ferietur  skal vi likevel klare å få til)

020 
4 Favorittrestaurantar:

Det er ikkje akkurat flust med restaurantar her vi bur, og ikkje har vi så mykje tid til å kose oss på restaurant heller. Eg er i grunnen mest glad i å lage maten sjølv, invitere familie og gode vener og kose oss heime. Ein restaurant vil eg likevel trekke fram, og det er Maki i Fosnavåg. Dette er ein fiskerestaurant av ypperste klasse, og eg et aldri så god mat som når eg er der! Kokkane der må ha magi i fingerspissane! Bur du i distriktet her, må du absolutt ta turen innom Maki- men hugs å bestille bord!

016
4 ting på ønskelista mi:

  • påbygg (tenk å sleppe å gå ut, ned ei trapp og inn ein mørk kjellar for å vaske kle...)
  • hage (som nemnt i eit  tidlegare innlegg, så bur eg i ei steinrøys for tida...)
  • ubegrensa gåvekort på Slettvoll slik at eg kan møblere allrommet i det nye påbygget
  • ein tur for heile familien til New York

021

  

Denne utfordringa sender eg vidare til lokale heltar denne gongen:

*Astrid

* Laila

* Anne Grethe

* Silje

* Lill

*Monica S.

* Cecilie

* Ida Mari

 032

Så må eg berre få takke så mykje for all den fantastiske responsen eg har fått på jubileumsinnlegget mitt, det er framleis tid til å vere med! Og tusen takk for fine tekstmeldingar og telefonar i forbindelse med portrettintervjuet i Møre Nytt i går!

fredag 16. januar 2009

Du blir vel med på feiringa?

Det er ikkje utan grunn at eg har lært meg nokre nye fotoredigeringsferdigheiter, og flikka og pussa litt opp på bloggen min siste tida. Det er nemleg jubileum på gong!

For eitt år sidan sat eg i ei januarmørk stove og las bloggen til ei god venninne på Eidsvoll. Ho hadde sendt meg ei tekstmelding med link til ei adresse på nett, og eg sat lenge og beundra den flotte "heimesida" hennar.

Eit lite frø vart sådd, og tanken om å lage ein eigen blogg klarte ikkje å sleppe taket. Eg var heimevèrande med lissjesnuppa vår og hadde behov for ein kreativ arena. Kanskje dette kunne vere noko?

20. januar 2008 såg bloggen min dagens lys. Eg hadde inga formeining om kva det skulle verte av den og korleis eg ville forme innhaldet. Heldigvis kom det av seg sjølv! Eg skreiv små anekdoter, forteljingar og la ut biletar frå kvardagen vår. Det var ikkje så mange som var inne og kommenterte, men alle dei fantastiske attendemeldingane eg fekk frå folk rundt omkring fortalde meg at det var mange som var inne og las det eg skreiv. Dette gav meg energi til å halde fram, og i slutten av juli la eg ein teljar inn på sida mi.

jubileum 

I løpet av året som har gått har eg skrive 298 innlegg, fått 30 ulike utmerkingar, stifta mange nye og fantastiske bekjentskap og sidan juli -08 har eg hatt nesten 50 000 besøk på bloggen min. For ikkje å snakke om all inspirasjonen eg har fått! Det gir meg stor glede når eg tenkjer tilbake på kva bloggåret 2008 har gitt meg.

jubileum2

Eg er glad for å ha fått så mykje tilbake frå blogginga mi. Likevel så er det kanskje håpet om å ha gitt noko til andre, som har halde drivkrafta mi oppe. Kanskje har eg planta nokre tankar hos andre som dei ikkje hadde før? Kanskje har eg fått trøysta, gleda og inspirert andre - for meg er det det største av alt!

No håper eg du vil vere med og feire jubileumet mitt! Bloggen min er ein kvardagsleg og enkel arena, der dei små augeblikka har stått i fokus. Som mange har fått med seg, er eg oppteken av å sjå det store i det små - å kunne glede seg over det enkle. Eg er overtydd om at vi alle får eit rikare liv om vi berre klarer å verte flinkare til å verdsette det enkle!

Alle som legg att kommentar på dette innlegget fram til midnatt 20. januar, vil vere med i trekninga av to flotte premiar! Både bloggarar, blogglause og anonyme kan vere med (dei anonyme må sjølvsagt legge at namnet sitt). Eg hadde vorte ekstra glad om alle dei gode og blogglause vennninnene mine, som eg veit er trufaste lesarar av bloggen min, hadde lagt att ein kommentar (hm, nokon som tek hintet...???)!

Oppgåva er enkel (trur endåtil eg har hatt ei slik oppgåve før...):

Skriv litt om kva slags kvardagsaugeblikk som berikar kvardagen din - så enkelt er det!

Premiane er to bøker som eg trur kan vere med på å utvide mange sin horisont:

jubileum3

Dette er ei rykande fersk bok med dikt og foto av Turid Skjelten frå Brattvåg. Ho har boklansering og sleppfest i dag, og eg ringte henne i dag for å bestille ei bok til utlodning på bloggen min! Tekstene handlar om det som skjer mellom og i mennesker, det som ikkje i første omgang er beviseleg og handfast. Boka er både ei mental og visuell reise i kjensler  og stemningar (både bilete og fakta om boka er hente frå heimesida til Turid, som du kan finne her). Denne har du vel lyst på???

jubileum OyehaugVenteBlinke jubileum4, fotograf magne sandnes

(foto av omslag er henta frå Kolon Forlag, Gunnhild er fotografert av Magne Sandnes)

Denne boka er skriven av Gunnhild Øyehaug som kjem frå heimkommunen min. Dette skriv Kolon Forlag om boka: "Vente, blinke er ein roman med fleire historier. Vi møter den unge og noko forknytte litteraturstudenten Sigrid og hennar skjelsettande møte med forfattaren Kåre, filmregissøren Linnea som skal på locationjakt i København, performancekunstnaren Trine som slit med mjølkespreng, og ikkje minst Viggo, nok ein litteraturstudent, som lengtar inderleg etter å høyre saman med nokon eller noko. Fiskehandlardattera Elida, filmprodusenten Robert og litteraturprofessoren Göran spelar også sine roller i denne bunten av skjelvande og tidvis desperate karakterar.
Gunnhild Øyehaugs roman er både brei og kompleks. Ho er ein leikande og sprelsk forfattar, og Vente, blinke er både humoristisk og djuptloddande. Dette er ein roman om drift og draumar, kvinner og menn, om kjærleik og om kva det vil seie å våge å vere seg sjølv."

Alt du treng å gjere for å vinne ei av desse bøkene er å legge att ein kommentar under dette innlegget. Du må gjerne kopiere ein av jubileumstulipanane mine og legge på din blogg for å gjere andre merksame på jubileumet og dei flotte premiane dei kan vere med på å vinne!

Eg blir sjølvsagt kjempeglad om mange blir med på feiringa!

torsdag 15. januar 2009

Utmerkingar og ny logo!

I dag har eg leika meg litt med Picnic (takk for sparket bak, Anne Grethe!!!) og laga ny logo til bloggen min. Eg har fått låne bileta av fotografen Magnar Børnes - og det er eg utruleg takksam for! Synest resultatet vart bra! Berre så synd at Picnic ikkje har æ, ø og å i bokstavutvalet sitt (i allefall ikkje som eg har funne).  Igjen - tusen takk til Magnar som var så snill  låne meg eit bilete!

Eg har fått nokre utmerkingar siste dagane, som også har vore stor stas.

award29

Ei dame med eit stort mammahjarte har kreert og foræra meg denne utmerkinga! Lill har sendt solstrålen sin attende til studiar og idrett i USA, og laga denne utmerkinga for å takke alle som støtta henne. Det er tungt for eit mammahjarte å sende lissjejenta så langt vekk.... Tusen takk, Lill!

Denne utmerkinga sender eg til Nunne og Rosa Univers - dei har begge fortent den!

**********

Den andre utmerkinga har eg fått med Bodil i Vermont, New England!

award30

Tusen takk, Bodil! Eg ynskjer at alle fantastiske mammaer som kikar innom meg tek med seg denne utmerkinga attende til bloggane sine!

Jeg vil være det rolige regn...

Eg høyrde dette nydlege diktet på radio i går, og vil dele det med dykk fordi det er så vakkert!

regn8

Jeg vil være det rolige regn
som faller når min elskede har glemt sin paraply
jeg vil være den heldige dråpen
som renner langs hennes panne

regn4

Jeg vil være den skålen med vann
hun samler i sine hender
jeg vil tromme mot ruten i rommet
hvor hun skal ligge i natt

regn10

Jeg vil være det rolige regn
som ingen er redd å gå ut i
jeg vil tenne trærnes kroner
og lage dammer til lekende barn

regn6

Jeg vil være det rolige regn
som får min elskede til å sove
så vil jeg stå på skrå gjennom drømmen
som en søyle av stigende sol

Lars Saabye Christensen

PS! Bileta er ikkje tekne av meg, men dersom du klikkar på dei, kjem du inn på sida der eg har henta dei.  Eg har funne dei på Flickr og Kvasir.

onsdag 14. januar 2009

Ærast den som ærast bør - eit innlegg om ran, tjuveri og folkeskikk.

Då eg starta som bloggar var eg utruleg fascinert over alt som berre var eit tastetrykk unna. Eg kom meg rett inn i folk sine heimar, folk sine liv og folk sine tankar. Bloggane var fine og flotte, med vakre bileter av både det eine og det andre - og slik ville eg at min blogg også skulle bli!

Eg fann flotte interiørsider på nett, kopierte bileter og limte dei direkte inn i innlegga mine - utan å tenkje noko meir over det. Det var ikkje det at eg ville innbille folk at det var eg sjølv som hadde teke bileta, men det vart aldri til at eg skriv kvar eg hadde lånt dei. No i ettertid har eg derimot vorte svært oppteken av dette med å låne bileter frå andre.

Eg skulle gjerne ha likt at dette var mitt kjøkken, men det er det ikkje, så då lyt eg skrive at eg har lånt det hos House Beautiful, og lå legg eg inn hyperkopling slik at det er lett for andre som vil besøke sida og sjå fleire gode idèar. Dersom eg ikkje hadde visst korleis eg laga ei hyperkopling, kunne eg ha skrive ned heile nettadressa: http://www.housebeautiful.com/kitchens/best-kitchens-2008.

Eg skulle gjerne ha likt å seie at eg hadde slava på kjøkkenet og steikt ytrefilèt av svin til familien i dag, men det har eg ikkje (eg har forøvrig vore sengeliggande med spysjuka...). Då må eg gjere rett for meg å seie at eg har lånt biletet hos Matprat, og så legg eg inn hyperkopling slik at andre kan gå inn og nyte godt av både denne oppskrifta og andre.

CHERRY BLOSSOM GIRL

Dette er ei side eg har nytta meg av mange gongar når eg har trengt fine illustrasjonar til innlegga mine. Den heiter Wink Nixone og er fotografen Tyler E Nixon si heimeside. Når eg har lånt bileter herifrå, har eg alltid skrive at eg har lånt dei på Wink-sida. Biletet i logoen min er også henta der.

Men kvifor er dette så viktig då? Kvifor skal vi alltid opplyse om kvar vi har lånt bileta våre? Det blir berre masete å lage innlegg då, meiner du kanskje, når du må skrive kvar evt har lånt kvart eit einaste bilete. Men slik er det altså.

I § 1 i Lov om opphavsrett til åndsverk m.v. (åndsverkloven) , står det at "Den som skaper et åndsverk, har opphavsrett til verket." Vidare står det i § 3 at  "Opphavsmannen har krav på å bli navngitt slik som god skikk tilsier, så vel på eksemplar av åndsverket som når det gjøres tilgjengelig for almenheten". Heile lova kan du forresten lese her.

Når lovlydige bloggarar viser bileter på bloggen sin utan å seie kvar dei har lånt dei, så vel eg å tru at dette er tankeløyse. Kanskje har ein rett og slett ikkje vore klar over denne lova, eller forstått kva som er meint med den. Heldigvis ser eg at stadig fleire skriv kvar dei har henta bileta sine, noko eg eg svært glad for. Ikkje fyrst og fremst fordi vedkomande framstår som lovlydig, men fordi eg då kan gå inn på sida der bileta er henta og kan såleis meske meg i mange fleire flotte bileter.

Men det er ikkje berre menig mann og kvinne som "bryt" denne lova. I romjula hadde ei av mine medbloggarar oppdaga at eit bilete ho lenge hadde hatt som logo på bloggen sin, var brukt på ei av NRK sine nettsider - UTAN AT DER STOD NOKO SOM HELST OM KVAR DEI HADDE HENTA BILETET! Ganske frekt er det, rett og slett! Innlegget til Monica kan du lese her, og NRK si nettside kan du sjå her.

014 

Dette biletet er forøvrig mitt, og får æra av å avslutte denne preika om opphavsrett og åndsverk.

Du lurer kanskje på kva i alle dagar det er eg vil med alt dette, og det kan eg heilt kort svare på:

  • eg hadde likt at andre fortalte at dei hadde lånt bileter frå meg
  • eg hadde likt å vite kvar du har henta bileta dine, slik at eg kunne sjekke ut sida og hente meir inspirasjon
  • eg likar å tenkje at eg ved å skrive kvar eg har henta bileta, er med på å heidre fotografen som har teke dei
  • eg vil ikkje villeie folk til å tru at det er eg som teke biletet, difor må eg vise til kven som har gjort det

Heilt til slutt må eg seie at rett skal vere rett: det er takk og lov mange som er flinke til å gjere det dei skal. Vår alles kjære Molly (som dessverre har lagt ned bloggen sin) var ei forgangskvinne på dette området!

PS! Dette er eit innlegg som starta med ein liten tanke, og utvikla seg etterkvart som fingrane leika seg på tastaturet. Det er for all del ikkje meininga å såre eller støyte nokon, det reknar eg med de forstår....

tirsdag 13. januar 2009

Man lærer så lenge man lever...

I dag vart eg trigga til å prøve noko nytt. Eg var innom på bloggen til Line, og såg nokre vakre bileter av vinterhimmel. Ho hadde brukt Picasa, og då kom eg på at eg òg hadde det på maskina mi -  men har aldri brukt det! Så no har eg kosa meg og laga min aller fyrste biletmontasje! Ikkje verst, hæ??

Fotomontasje, Ida

Det einaste eg skulle ha endra på er formatet. Sidan eg har smalt skrivefelt på bloggen no, så burdet eg antakeleg ha brukt CD-cover formatet. Men vi prøvar og ser korleis dette går! Eg kunne ikkje byrje å rote med formatet når eg hadde fått det til så fint, tenk om alt forsvann???

Gløym Golden Globe og Oscar...

 

award27

...for eg har fått Nobelpris!!!

Eg fekk denn fantastiske utmerkinga frå Lavendelheimen - TUSEN TAKK!!!  Det er så kjekt å motta slike utmerkingar. Eg er ikkje alltid like flink til å hugse kva utmerkingar eg har fått og kven eg har fått dei med. Så om nokon tenkjer at dei har gitt meg ei utmerking som eg ikkje har skrive om på bloggen min, så er det berre å beklage - det er ikkje meininga! Det er berre så lett å gløyme når det går litt fort i svingane.

Denne prisen ynskjer eg å dele med desse flotte bloggdamene:

* Lill - ho treng ei ekstra oppmuntring no, fordi ho nettopp har sendt dottera si tilbake til studiane i USA. Det er ikkje rart at mammahjartet saknar solstrålen sin...

* Anne Grethe - eg set pris på å ha ein strikkeguru på kontoret. Takk for alle råd og tips! I tillegg til jobb og fritidsaktivitetar, sjonglerer ho fire ungar, ein mann og to kattar på heimebane!

* Monica - som har eit stort hjarte for både folk og dyr! Takk for det gode bloggvenskapet som har utvikla seg!

I går fekk eg forresten endå ei utmerking til, frå Line i Kvardagsliv i Storemyra.

award28

Tusen takk, Line! Ikkje verst å verte utnevnt som æresborgar av Blogglandia! Denne utmerkinga deler eg rundhanda ut til ALLE som les dette innlegget - alle mine medbloggarar har fortent den!

Til slutt i dagens innlegg vil eg heidre Arne Næss Sr. , som gjekk bort i dag, nokre dagar for 97-års dagen sin.

arne næss 

Foto: seher.no

Denne filosofen og eventyraren har betydd mykje for mange menneske. Særleg har eg beundra han for sitt filosofiske, men enkle syn på miljøvern. Det er han som har inspirert meg til å verte flink å sjå det store i det små, for som han seier;

"At liv er små undre og vi likeså, gir kraft til å undre oss på lite strå"

  128

Dette biletet tok eg 1. nyttårsdag. Same kor mykje snø som var på stråa, så var det ingen av dei som knakk. Ligg mykje god filosofi i naturen...

søndag 11. januar 2009

...og så var helga over...

Dette har vore ei god helg. Ute har det ruska godt, og pøsregnet har prøvt å gjere alt surt og utriveleg. Styggevèret  har visst gløymt at vi sunnmøringar er hardhausar som berre kneiser nakken og går regnet midt imot!

031

Her ligg Rambo-bofsen og ventar på turen sin. Då var det berre å leite fram regnkle, refleksvest og gode sko - så lenge ein har hund kan ein ikkje la seg hindre av vèret!

037

Måtte lage det litt kosleg inne i dag. Har hatt ein del besøk i dag, og då er det kjekt å gjere det kosleg i huset. Dei flotte hjarta i vindauget har eg fått med Johanne, som eg er fadder til. Dei funklar så fint når det er mørkt ute.

035 040

Tulipanar er eit "må ha" no i desse mørke vintarmånadane.

043

Den flotte vasen og lysestaken er det favorittkeramikaren min som har laga, Rolf Vatn. Han bur i Ørsta og eg er endåtil så heldig at eg har hatt han som lærar på ungdomsskulen.

044

Dei fleste blomar passar til den klare, blå fargen.

Eg vil avslutte helga sitt siste innlegg med eit diktet  "Godt å vere menneske".

Godt å ha noko å venta på.

Vårblomar,

fugletrekk

og lyse netter,

men ingenting som eit anna menneske

med utstrakt hand.

059

Godt å vera venta òg.

Vera våren

som alle lengtar etter,

vera fuglar

som finn reirplassane sine att

frå året før,

men ingenting som å vera menneske

og finne ei open dør

som før var stengt.

Alf A. Sæter, frå  "Å henga hjarta sitt på ein rosebusk", Samlaget 1990

055

Ynskjer deg ei strålande veke!

lørdag 10. januar 2009

Godt med laurdag...

Det er så godt å slappe av heime når det er laurdag. Er nesten allergisk mot overfylte butikkar, fulle av folk som stressar med alt dei skal handle inn til helga. I dag har vi  berre vore heime, og kosa oss med det! Foreldra mine kom på besøk, noko som mellom anna resulterte i ommøblering. Så kjekt når ting i heimen blir sett med nye auge - og resultatet vart kjempebra!

012

Då vi flytta inn i huset, var vi så heldige at der stod att nokre gamle lampar. Har lenge tenkt eg skulle ha meg ein lampe i gangen, og no kom den til heider og verdigheit. Eg er svak for desse "bestemorlampane".

015

Dette mønsteret er vel for ein klassikar å rekne! Vart så varmt og fint lys i gangen.

019

No er dei nakne greinene i gangen vekk, og vi måtte pynte på anna vis.

023

No herjar stormen ute, og vi kosar oss inne med stearinlys, heimelaga pizza og stove i ny drakt.

034

Ei skål med druer er laurdagsgodteriet vårt  i dag.

022

Denne nydlege lysestaken fekk eg med ei god venninne i julegåve. I kveld sender eg denne englevarmen til ei anna god venninne som har bursdag i dag. Etter at ungane har lagt seg skal eg på besøk til henne, og så skal vi kose oss og skravle heile kvelden!

Ynskjer god laurdagskveld til alle!

 

torsdag 8. januar 2009

...om å vente

Når eit nytt år bankar på døra, har eg alltid gitt meg sjølv litt tid til å tenke; mimre over året som har gått, setje meg mål for det nye året, filosofere litt over kva som har betydd noko, kva eg har brukt for mykje tid på og kva eg har brukt for lite tid på. Nokre av svara står ofte krystallklart for meg, medan andre spørsmål står ubesvart til langt ut i det nye året.

 008

Fjorårets rekneskap fortel meg at eg har brukt mykje tid på å vente. Å vere god på å vente er vel kanskje ein god eigenskap, men ikkje når eg ventar så mykje at eg går glipp av det eg har gått å venta så lenge på. Eg er ofte så oppteken av å førebu og vente på dette gode som skal skje, at hendinga passerer utan at eg er klar over det.

Ta til dømes jula. Eg starta med dei små juleførebuingane mine tidleg i oktober. Det var ei julegåve her og ei julegåve der. Så handla eg nokre nye "slik pyntar du til jul"-bøker og "dette må du bake til jul"-bøker, og var vel av dei fyrste som handla meg nokre nye julepynteting (rett nok ikkje så mykje, for eg hadde bestemt meg for å bruke det eg hadde). Vi gjekk ventande inn i ventetida, tende lilla lys (jada, eg likar lilla adventslys!) og tenkte på alt det vil skulle bake, handle inn og pynte med.

006 

Jula kom den, og eg trur det er den beste juleferien vi nokon gong har hatt. Likevel klarer eg å sjå at denne evinnelege ventinga kanskje overskuggar her og no-opplevingane. Eg tilhøyrer den sorten som er oppteken av å verne om kvardagane, gripe dei små og minneverdige stundene og verkeleg kjenne at livet er godt. Så no har eg funne ut at eg skal vente mindre. Leve meir og vente mindre.

014 

Ei dame sa ein ein gong at dersom ein ventar for lenge på kjærleiken, så forsvinn den. Slik er det kanskje med livet òg, at dersom vi ventar for lenge på det så forsvinn det. For meg er det viktig å tenkje litt over akkurat dette. Eg har det med å fylle livet mitt med mykje som kanskje kunne ha vore vekkprioritert, i allefall kan andre meine det. Eg syng i kor, er aktiv i politikk, går på klubb, les bøker, slappar av i sofaen, er glad i å vere ilag med gode vener og bruke tid på familien min.

018 

Nokre meiner kanskje at det får vere grenser for kor travelt ein må ha det. Til mitt forsvar kan eg seie at eg i allefall ikkje har sett livet mitt på vent. Eg har ikkje trykt på pauseknappen for å få tida til å stoppe opp. Av og til kunne vel kanskje det ha vore godt, men slik er det berre ikkje. Eg har derimot teke imot livet med alt det har å by på. Og heldigvis veit eg at mange deler dette synet med meg.

021

Sina sit i glaskarmen og brukar ventetida til å nyte utsikta, sjå etter båtar på sjøen og bilar på vegen. Der har eg litt å lære! Eg må slutte å tenkje at eg skal vente på noko, og heller bruke tida på å vere i tida; oppleve, sanse og lytte.

Når eg kikar rundt omkring i bloggverda, så ser eg at alle har kasta ut jula og er i full sving med å vente på våren. Eg har ikkje vore hakket betre! Eg har gått og venta på vårfargane, dei fyrste vårteikna, at dagane skal verte lysare og at temperaturen skal stige. Men no har eg bestemt meg for at det skal verte slutt på denne ventinga! Eg vil prise tida vi er inne i no, og møte våren med glede - når den kjem!

Det var dagens tankespinn! I kveld skal eg kose meg på klubb, men i staden for å vente på at klokka skal kome der, skal eg kose meg ilag med ungane heilt til eg nesten kjem for seint!

Livet ventar ikkje, det burde ikkje vi gjere heller!!!

(Det er rart med slike tankespinn... Fingrane flyg så fort over tastaturet at eg ikkje får reflektert så mykje over det som vert skrive. Vei ikkje om det er logikk i det, men kanskje har nokre av tankane planta små frø hos andre???)