Dette har vore ei god helg. Ute har det ruska godt, og pøsregnet har prøvt å gjere alt surt og utriveleg. Styggevèret har visst gløymt at vi sunnmøringar er hardhausar som berre kneiser nakken og går regnet midt imot!
Her ligg Rambo-bofsen og ventar på turen sin. Då var det berre å leite fram regnkle, refleksvest og gode sko - så lenge ein har hund kan ein ikkje la seg hindre av vèret!
Måtte lage det litt kosleg inne i dag. Har hatt ein del besøk i dag, og då er det kjekt å gjere det kosleg i huset. Dei flotte hjarta i vindauget har eg fått med Johanne, som eg er fadder til. Dei funklar så fint når det er mørkt ute.
Tulipanar er eit "må ha" no i desse mørke vintarmånadane.
Den flotte vasen og lysestaken er det favorittkeramikaren min som har laga, Rolf Vatn. Han bur i Ørsta og eg er endåtil så heldig at eg har hatt han som lærar på ungdomsskulen.
Dei fleste blomar passar til den klare, blå fargen.
Eg vil avslutte helga sitt siste innlegg med eit diktet "Godt å vere menneske".
Godt å ha noko å venta på.
Vårblomar,
fugletrekk
og lyse netter,
men ingenting som eit anna menneske
med utstrakt hand.
Godt å vera venta òg.
Vera våren
som alle lengtar etter,
vera fuglar
som finn reirplassane sine att
frå året før,
men ingenting som å vera menneske
og finne ei open dør
som før var stengt.
Alf A. Sæter, frå "Å henga hjarta sitt på ein rosebusk", Samlaget 1990
Ynskjer deg ei strålande veke!
Ser du har hatt ei koselig helg Tove, og eg elskar tulipanar! Brukar å kjøpe ein del bukettar desse vinter månadane, er så deilig å sjå kor dei friskar opp heimen!
SvarSlettTakk for bursdagshelsinga, vi har hatt ei super helg med mykje besøk både i går og idag..No ligg tuppelina rett ut i senga si..Det tek på å feire to dagar i strekk.. :)
hei
SvarSlettkoseleg blogg
ja du har rett vi sunnmøringar toler eit stormkast eller to :-)
nydeleg dikt,takk
mvh sig
For eit nydelig innlegg. Nydelig dikt, nydelege hjerter og tulipanar.
SvarSlettVi har også hatt ei koselig helg. Men godt også med litt kvardag som kjem.
Ønska deg ei koselig veke min venn.
Klem
Koslig blogg, og fint dikt :-)
SvarSlettDumpa innom... ha ei god veke
Takk det samme! Nydelige blomster :) Riktig god uke til deg også.
SvarSlettHeia
SvarSletteg var i molde - men eg huska ikkje kva butikken heite
MEN mest her har dei vel i spjelkavika - har du vert der ??
Vi kan jo ta turen sammen ein gong vis du vil - ikkje lange biten det
Smil fra monika
som lager rosa kort i kveld og det regner og blæs på tvert
Ka skrifttype brukar du i bloggen din? :)))
SvarSlettTulipaner er definitivt min favorittblomst, og spesielt i keramikkvase...:o) ha en super uke du også! :o)
SvarSlettEg også lurer på hvilken skrifttype det er ,...ikke standarden ihvertfall.. den er kjempetøff!
SvarSlettKoselig innlegg..å nydelige blomster....go uke te dæ oxo
SvarSlettHu ja, här är det också ruskigt väder! Blåser och regnar och är grått grått grått. Här som var så fint vinterväder nyss.
SvarSlettJag borde göra som du och skaffa mig lite tulpaner, det ser så mysigt och hemtrevligt ut på dina bilder :-)
Ha en fin vecka!
Hei!
SvarSlettEg veit ikkje om det finst ein norsk versjon av Thermis-oppskrifta. Men eg har strikka ein del etter engelske oppskrifter og skjønar det meste. Berre spør om du står fast på begrep og forkortingar :)
Hei der langt oppe på møre.
SvarSlettHåper dere har det godt nå.
Har stormen gjitt seg?
Her er det en frøkteli vind idag og. det regner och blåser....
Så fine bilder du har idag.
Tulpaner er så vakkert. Specielt i den vasen du har der.
Ønsker deg nå ein flott uke.
Ska prøve å nyte den her og.
Kjempeklems fra oss her på Digernes.
Synne.
Koseleg innlegg med nydelig dikt!!
SvarSlettTulipanar er flotte, og har planar om å kjøpe meg ein bukett når eg skal til Førde på torsdag...
Har noko til deg:0)
Ynskjer deg ein fin mandag, Tove, klem
Så koselig blogg du har.:) Favorittblomsteren min er tulipanar, men no er det ei stund sidan dei har vore i hus. Eg har ikkje vore så flink til å halde i livet julestjernene, så kanskje eg skal ta å kjøpe nokre tulipanar i morga. Takk for inspirasjon.:)
SvarSlettNydeleg bukett, er så koseleg med blomster. Må fornye etter jula her heime. Treet tok knekken på nokre. Flott dikt også, Godt med det ein kan sjå fram mot:o))
SvarSlettHa ein fin kveld.
Smil frå Lill
Hei på deg,
SvarSlettog takk for hilsen inne hos meg!
Sant det er godt å ha en hund som drar deg ut!
Er så glad for at vi må ut og lufte vår Golden-Ruben hver dag uansett vær!
Kan være tungt og tiltak å komme seg avgårde når det er ruskevær ute.Men når man bare kler seg godt og først kommer seg ut,er det faktisk veldig forfriskende og godt!
Lenge siden jeg har vært innom deg nå.Har rullet meg gjennom bildene dine litt bakover i tid,og her var mye koselig å se!
Ønsker deg ei go uke videre!
Kjerstiklem
Er alltid like koseleg å kome på besøk til deg. Gamle Karen-lampen i gangen vart kjempefin! Og utsikta di kan ingen konkurrere med..:)
SvarSlettTusen takk Tove for varmande og støttande ord:) Det hjelper å få det ut på ein måte, og her på bloggen kan ein seie det som det er:0)
SvarSlettHåper ungane kjem seg fort, nyt frukosten og ha ein strålande dag.
Klem frå Lill
Heisan - ser du er hjemme med sjuke barn - god bedring i styggeveret.
SvarSletther er mannen i huset ikkje i form - så eg håper det ikkje smitter :/
Smil fra monika
Hei, ser plutselig at vi har felles kjente? Min gamle kjære nabo som no ligg linka som lille norella i min blogg!!
SvarSlettFikk du mail??