søndag 11. januar 2009

...og så var helga over...

Dette har vore ei god helg. Ute har det ruska godt, og pøsregnet har prøvt å gjere alt surt og utriveleg. Styggevèret  har visst gløymt at vi sunnmøringar er hardhausar som berre kneiser nakken og går regnet midt imot!

031

Her ligg Rambo-bofsen og ventar på turen sin. Då var det berre å leite fram regnkle, refleksvest og gode sko - så lenge ein har hund kan ein ikkje la seg hindre av vèret!

037

Måtte lage det litt kosleg inne i dag. Har hatt ein del besøk i dag, og då er det kjekt å gjere det kosleg i huset. Dei flotte hjarta i vindauget har eg fått med Johanne, som eg er fadder til. Dei funklar så fint når det er mørkt ute.

035 040

Tulipanar er eit "må ha" no i desse mørke vintarmånadane.

043

Den flotte vasen og lysestaken er det favorittkeramikaren min som har laga, Rolf Vatn. Han bur i Ørsta og eg er endåtil så heldig at eg har hatt han som lærar på ungdomsskulen.

044

Dei fleste blomar passar til den klare, blå fargen.

Eg vil avslutte helga sitt siste innlegg med eit diktet  "Godt å vere menneske".

Godt å ha noko å venta på.

Vårblomar,

fugletrekk

og lyse netter,

men ingenting som eit anna menneske

med utstrakt hand.

059

Godt å vera venta òg.

Vera våren

som alle lengtar etter,

vera fuglar

som finn reirplassane sine att

frå året før,

men ingenting som å vera menneske

og finne ei open dør

som før var stengt.

Alf A. Sæter, frå  "Å henga hjarta sitt på ein rosebusk", Samlaget 1990

055

Ynskjer deg ei strålande veke!

21 kommentarer:

  1. Ser du har hatt ei koselig helg Tove, og eg elskar tulipanar! Brukar å kjøpe ein del bukettar desse vinter månadane, er så deilig å sjå kor dei friskar opp heimen!

    Takk for bursdagshelsinga, vi har hatt ei super helg med mykje besøk både i går og idag..No ligg tuppelina rett ut i senga si..Det tek på å feire to dagar i strekk.. :)

    SvarSlett
  2. hei
    koseleg blogg
    ja du har rett vi sunnmøringar toler eit stormkast eller to :-)

    nydeleg dikt,takk

    mvh sig

    SvarSlett
  3. For eit nydelig innlegg. Nydelig dikt, nydelege hjerter og tulipanar.
    Vi har også hatt ei koselig helg. Men godt også med litt kvardag som kjem.
    Ønska deg ei koselig veke min venn.
    Klem

    SvarSlett
  4. Koslig blogg, og fint dikt :-)
    Dumpa innom... ha ei god veke

    SvarSlett
  5. Takk det samme! Nydelige blomster :) Riktig god uke til deg også.

    SvarSlett
  6. Heia
    eg var i molde - men eg huska ikkje kva butikken heite
    MEN mest her har dei vel i spjelkavika - har du vert der ??
    Vi kan jo ta turen sammen ein gong vis du vil - ikkje lange biten det
    Smil fra monika
    som lager rosa kort i kveld og det regner og blæs på tvert

    SvarSlett
  7. Ka skrifttype brukar du i bloggen din? :)))

    SvarSlett
  8. Tulipaner er definitivt min favorittblomst, og spesielt i keramikkvase...:o) ha en super uke du også! :o)

    SvarSlett
  9. Eg også lurer på hvilken skrifttype det er ,...ikke standarden ihvertfall.. den er kjempetøff!

    SvarSlett
  10. Koselig innlegg..å nydelige blomster....go uke te dæ oxo

    SvarSlett
  11. Hu ja, här är det också ruskigt väder! Blåser och regnar och är grått grått grått. Här som var så fint vinterväder nyss.

    Jag borde göra som du och skaffa mig lite tulpaner, det ser så mysigt och hemtrevligt ut på dina bilder :-)

    Ha en fin vecka!

    SvarSlett
  12. Hei!
    Eg veit ikkje om det finst ein norsk versjon av Thermis-oppskrifta. Men eg har strikka ein del etter engelske oppskrifter og skjønar det meste. Berre spør om du står fast på begrep og forkortingar :)

    SvarSlett
  13. Hei der langt oppe på møre.
    Håper dere har det godt nå.
    Har stormen gjitt seg?
    Her er det en frøkteli vind idag og. det regner och blåser....
    Så fine bilder du har idag.
    Tulpaner er så vakkert. Specielt i den vasen du har der.

    Ønsker deg nå ein flott uke.
    Ska prøve å nyte den her og.
    Kjempeklems fra oss her på Digernes.
    Synne.

    SvarSlett
  14. Koseleg innlegg med nydelig dikt!!
    Tulipanar er flotte, og har planar om å kjøpe meg ein bukett når eg skal til Førde på torsdag...
    Har noko til deg:0)
    Ynskjer deg ein fin mandag, Tove, klem

    SvarSlett
  15. Så koselig blogg du har.:) Favorittblomsteren min er tulipanar, men no er det ei stund sidan dei har vore i hus. Eg har ikkje vore så flink til å halde i livet julestjernene, så kanskje eg skal ta å kjøpe nokre tulipanar i morga. Takk for inspirasjon.:)

    SvarSlett
  16. Nydeleg bukett, er så koseleg med blomster. Må fornye etter jula her heime. Treet tok knekken på nokre. Flott dikt også, Godt med det ein kan sjå fram mot:o))
    Ha ein fin kveld.
    Smil frå Lill

    SvarSlett
  17. Hei på deg,
    og takk for hilsen inne hos meg!
    Sant det er godt å ha en hund som drar deg ut!
    Er så glad for at vi må ut og lufte vår Golden-Ruben hver dag uansett vær!
    Kan være tungt og tiltak å komme seg avgårde når det er ruskevær ute.Men når man bare kler seg godt og først kommer seg ut,er det faktisk veldig forfriskende og godt!
    Lenge siden jeg har vært innom deg nå.Har rullet meg gjennom bildene dine litt bakover i tid,og her var mye koselig å se!
    Ønsker deg ei go uke videre!
    Kjerstiklem

    SvarSlett
  18. Er alltid like koseleg å kome på besøk til deg. Gamle Karen-lampen i gangen vart kjempefin! Og utsikta di kan ingen konkurrere med..:)

    SvarSlett
  19. Tusen takk Tove for varmande og støttande ord:) Det hjelper å få det ut på ein måte, og her på bloggen kan ein seie det som det er:0)
    Håper ungane kjem seg fort, nyt frukosten og ha ein strålande dag.
    Klem frå Lill

    SvarSlett
  20. Heisan - ser du er hjemme med sjuke barn - god bedring i styggeveret.
    her er mannen i huset ikkje i form - så eg håper det ikkje smitter :/

    Smil fra monika

    SvarSlett
  21. Hei, ser plutselig at vi har felles kjente? Min gamle kjære nabo som no ligg linka som lille norella i min blogg!!
    Fikk du mail??

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!