Då eg starta som bloggar var eg utruleg fascinert over alt som berre var eit tastetrykk unna. Eg kom meg rett inn i folk sine heimar, folk sine liv og folk sine tankar. Bloggane var fine og flotte, med vakre bileter av både det eine og det andre - og slik ville eg at min blogg også skulle bli!
Eg fann flotte interiørsider på nett, kopierte bileter og limte dei direkte inn i innlegga mine - utan å tenkje noko meir over det. Det var ikkje det at eg ville innbille folk at det var eg sjølv som hadde teke bileta, men det vart aldri til at eg skriv kvar eg hadde lånt dei. No i ettertid har eg derimot vorte svært oppteken av dette med å låne bileter frå andre.
Eg skulle gjerne ha likt at dette var mitt kjøkken, men det er det ikkje, så då lyt eg skrive at eg har lånt det hos House Beautiful, og lå legg eg inn hyperkopling slik at det er lett for andre som vil besøke sida og sjå fleire gode idèar. Dersom eg ikkje hadde visst korleis eg laga ei hyperkopling, kunne eg ha skrive ned heile nettadressa: http://www.housebeautiful.com/kitchens/best-kitchens-2008.
Eg skulle gjerne ha likt å seie at eg hadde slava på kjøkkenet og steikt ytrefilèt av svin til familien i dag, men det har eg ikkje (eg har forøvrig vore sengeliggande med spysjuka...). Då må eg gjere rett for meg å seie at eg har lånt biletet hos Matprat, og så legg eg inn hyperkopling slik at andre kan gå inn og nyte godt av både denne oppskrifta og andre.
Dette er ei side eg har nytta meg av mange gongar når eg har trengt fine illustrasjonar til innlegga mine. Den heiter Wink Nixone og er fotografen Tyler E Nixon si heimeside. Når eg har lånt bileter herifrå, har eg alltid skrive at eg har lånt dei på Wink-sida. Biletet i logoen min er også henta der.
Men kvifor er dette så viktig då? Kvifor skal vi alltid opplyse om kvar vi har lånt bileta våre? Det blir berre masete å lage innlegg då, meiner du kanskje, når du må skrive kvar evt har lånt kvart eit einaste bilete. Men slik er det altså.
I § 1 i Lov om opphavsrett til åndsverk m.v. (åndsverkloven) , står det at "Den som skaper et åndsverk, har opphavsrett til verket." Vidare står det i § 3 at "Opphavsmannen har krav på å bli navngitt slik som god skikk tilsier, så vel på eksemplar av åndsverket som når det gjøres tilgjengelig for almenheten". Heile lova kan du forresten lese her.
Når lovlydige bloggarar viser bileter på bloggen sin utan å seie kvar dei har lånt dei, så vel eg å tru at dette er tankeløyse. Kanskje har ein rett og slett ikkje vore klar over denne lova, eller forstått kva som er meint med den. Heldigvis ser eg at stadig fleire skriv kvar dei har henta bileta sine, noko eg eg svært glad for. Ikkje fyrst og fremst fordi vedkomande framstår som lovlydig, men fordi eg då kan gå inn på sida der bileta er henta og kan såleis meske meg i mange fleire flotte bileter.
Men det er ikkje berre menig mann og kvinne som "bryt" denne lova. I romjula hadde ei av mine medbloggarar oppdaga at eit bilete ho lenge hadde hatt som logo på bloggen sin, var brukt på ei av NRK sine nettsider - UTAN AT DER STOD NOKO SOM HELST OM KVAR DEI HADDE HENTA BILETET! Ganske frekt er det, rett og slett! Innlegget til Monica kan du lese her, og NRK si nettside kan du sjå her.
Dette biletet er forøvrig mitt, og får æra av å avslutte denne preika om opphavsrett og åndsverk.
Du lurer kanskje på kva i alle dagar det er eg vil med alt dette, og det kan eg heilt kort svare på:
- eg hadde likt at andre fortalte at dei hadde lånt bileter frå meg
- eg hadde likt å vite kvar du har henta bileta dine, slik at eg kunne sjekke ut sida og hente meir inspirasjon
- eg likar å tenkje at eg ved å skrive kvar eg har henta bileta, er med på å heidre fotografen som har teke dei
- eg vil ikkje villeie folk til å tru at det er eg som teke biletet, difor må eg vise til kven som har gjort det
Heilt til slutt må eg seie at rett skal vere rett: det er takk og lov mange som er flinke til å gjere det dei skal. Vår alles kjære Molly (som dessverre har lagt ned bloggen sin) var ei forgangskvinne på dette området!
PS! Dette er eit innlegg som starta med ein liten tanke, og utvikla seg etterkvart som fingrane leika seg på tastaturet. Det er for all del ikkje meininga å såre eller støyte nokon, det reknar eg med de forstår....
Jeg blir stadig litt forundret når jeg ser folk legger ut bilder som ikke er deres, uten at de en gang nevner hvor de har fått bildet ifra... Problemet er at man ofte tar bilder som andre har tatt fra andre osv. Til slutt vet ingen hvor bildet kommer fra!
SvarSlettBlir ganske overrasket over at Nrk også tar andres bilder! (fin ku var det iallefall) ;-)
Det finnes flere steder på nett hvor folk har lagt ut bilder som man har lov til å bruke. Flickr er den siden vi bruker. Hvis det er bilder vi har lyst å bruke som ikke er lagt tilgjengelig, spør vi alltid om lov først. Tror vi bare har fått nei en eneste gang. Folk gir oss stadig tilbakemeldinger på at de synes det er positivt å bli spurt før man bruker. :-)
Syns det er bra du belyser temaet, for eg trur faktisk det er mange som er uvitandeomdette, rett og slett. Eg likar ikkje at nokon "stjel" bilda mine. Sjølv om det er eit lite komplement også;) Uansett - overskrifta di seier det meste - æres den som æres bør!
SvarSlettHåper sykja har gitt seg no! God bedring:)
Heilt enig :) Det har forundra meg at nokre skriv strengt om copyright på eigne bilete, men rappar på nettet utan referansar sjølv...men det har berre forundra meg..ikkej meir enn da :)
SvarSlettMen det er sant dette. Ærast den som ærast skal/bør :) Godt innlegg!
Britt
Ditte e faktisk et veldig aktuelt tema! He nettopp opplevd sjøl at nokken he stjelt mine bilde og mine sy oppskrifter på sybloggen min, og sagt dei va sine egne. Vart lagt ut på et babyforum, og ej vart kjapt tipsa fra våkne auger som les bloggen min. Slikt gjer meg driiiitsur faktisk... det er SÅ FREKT!!! alt man treng å gjere er å spørre, so delar eg gjerne både bilder og oppskrifter. Nei, det blir ei prinsippsak når folk gjer slik... *riste på haudet*
SvarSlettKansje somme trur at folkeskikk ikkje gjeld på nettet? eller at alt dei gjer på nett er usynleg? ikkje veit eg, men det er flott at du tek opp dette temaet, for det treng tydeligvis litt belysning. :)
Flott at du belyse dette Tove....eg har nok synda i vanvare sjølv og ofte skriv eg berre at eg har teke / lånt bilete frå nettet:) enklaste utveg i tidsklemma, men å lage hyperkoblingar er eigentleg fort gjort ...
SvarSlettGodt at du minner oss alle på dette !
Viktig innlegg min venn ;) noe vi alle trenger å bli minnet på..det er lett å glemme av og til..nå må du ha en aldeles vidunderlig dag..fra flyplassdama :)
SvarSlettTror nok at det er slik at mange ikke vet at det ikke er lov å ta bilder på denne måten. "Alle" gjør det jo - så da er det lett å gjøre det samme...
SvarSlettMan må være forsiktig med å låne bilder selv om man skriver referanse også! Vi spurte om å få låne et bilde av tv2 en gang, men da fikk vi nei fordi det var Scanpix sitt bilde. Vi ble opplyst om at vi kunne risikere en ganske stor regning dersom vi brukte det...
Jeg har også opplevd at mitt bilde ble brukt en gang! Det var noen som brukte ett bilde jeg hadde av kleshengere i en annonse på Finn! Hi hi hi. Jeg ble ikke så fornærma av det da....
Men det er klart at enkelte bilder er litt mer "sensitive" enn andre. Vi bruker feks en del bilder av barn, og er ekstra nøye med å få tillatelser pga det.
Det er SÅ viktig det du sier her! Man kan faktisk havne i skikkelig trøbbel av å "låne" bilder.
SvarSlettI skolen jobber vi mye med dette. Elevene mine jobber mye med både utstillingsdesign og profilering og arbeid med og henting av bilder er noe som hører enhver oppgave til...nesten. Men man kan jo ikke lage en plakat med et bilde man har "lånt" og ikke gjort noe med! Nei..... det må i allefall bearbeides først!
Det er mange her inne som ikke har egne bilder og det forundrer også meg. Dessuten....det er jo MYE mere inspirerende å se innlegg som er skikkelig "made by myself!"
Klem
Hehe, nei tror ikke det nei, selv om det sikkert hadde vært kjempehyggelig:)
SvarSlettHar ikke vært der på mange år faktisk ( siden farfaren min døde)
Selv om min biologiske far bor der har jeg ingen kontakt med han..så det er vel lite sannsynlig at jeg kommer på besøk ja:)
Ps kjekt å bli oppdattert på lov og orden;)
klem
Eg lærte mykje av dette innlegget eg Tove. Flott at du deler med andre det som du synes er viktig å forhalde seg til. Lover og regler er til for å følgast. Håpe dokke er friske snart. Som sagt ligg det i lufta å ta seg ein tur, no rår tidsklemma her i huset og... Har forresten ikkje fått til teljaren min som du kanskje har sett:(
SvarSlettveldig viktig tema du tar opp! Og jeg deler ditt og flere her sitt syn på saken. Har nok gjort noen bommerter selv dessverre, sitter og googler feks "lavenderfield", så kommer det jo opp mange bilder da, og har kanskje ikke tenkt over å linke videre til alt som virker "offentlig", om du skjønner. Men kunne aldri falle meg inn å rappe et bilde fra en annens blogg og late som at jeg har æren for bilde og innhold liksom, hehe... Det samme med tekst! Opplevde selv at noen hadde brukt min tekst på en nettside for bæring av barn, og det var jo hyggelig sånn sett at flere ville "spre budskapet", men kjekt med en link til opphavet ;)
SvarSlettSå skal selv bli enda flinkere, takker for påminnelsen og for at du belyser dette temaet på en fin måte :)
Det er så bra at noen tar opp ting som dette innimellom, sånn at alle får en påminnelse.
SvarSlettDet er jo så fort å glemme når man blir litt ivrig og vil blogge.