torsdag 8. januar 2009

...om å vente

Når eit nytt år bankar på døra, har eg alltid gitt meg sjølv litt tid til å tenke; mimre over året som har gått, setje meg mål for det nye året, filosofere litt over kva som har betydd noko, kva eg har brukt for mykje tid på og kva eg har brukt for lite tid på. Nokre av svara står ofte krystallklart for meg, medan andre spørsmål står ubesvart til langt ut i det nye året.

 008

Fjorårets rekneskap fortel meg at eg har brukt mykje tid på å vente. Å vere god på å vente er vel kanskje ein god eigenskap, men ikkje når eg ventar så mykje at eg går glipp av det eg har gått å venta så lenge på. Eg er ofte så oppteken av å førebu og vente på dette gode som skal skje, at hendinga passerer utan at eg er klar over det.

Ta til dømes jula. Eg starta med dei små juleførebuingane mine tidleg i oktober. Det var ei julegåve her og ei julegåve der. Så handla eg nokre nye "slik pyntar du til jul"-bøker og "dette må du bake til jul"-bøker, og var vel av dei fyrste som handla meg nokre nye julepynteting (rett nok ikkje så mykje, for eg hadde bestemt meg for å bruke det eg hadde). Vi gjekk ventande inn i ventetida, tende lilla lys (jada, eg likar lilla adventslys!) og tenkte på alt det vil skulle bake, handle inn og pynte med.

006 

Jula kom den, og eg trur det er den beste juleferien vi nokon gong har hatt. Likevel klarer eg å sjå at denne evinnelege ventinga kanskje overskuggar her og no-opplevingane. Eg tilhøyrer den sorten som er oppteken av å verne om kvardagane, gripe dei små og minneverdige stundene og verkeleg kjenne at livet er godt. Så no har eg funne ut at eg skal vente mindre. Leve meir og vente mindre.

014 

Ei dame sa ein ein gong at dersom ein ventar for lenge på kjærleiken, så forsvinn den. Slik er det kanskje med livet òg, at dersom vi ventar for lenge på det så forsvinn det. For meg er det viktig å tenkje litt over akkurat dette. Eg har det med å fylle livet mitt med mykje som kanskje kunne ha vore vekkprioritert, i allefall kan andre meine det. Eg syng i kor, er aktiv i politikk, går på klubb, les bøker, slappar av i sofaen, er glad i å vere ilag med gode vener og bruke tid på familien min.

018 

Nokre meiner kanskje at det får vere grenser for kor travelt ein må ha det. Til mitt forsvar kan eg seie at eg i allefall ikkje har sett livet mitt på vent. Eg har ikkje trykt på pauseknappen for å få tida til å stoppe opp. Av og til kunne vel kanskje det ha vore godt, men slik er det berre ikkje. Eg har derimot teke imot livet med alt det har å by på. Og heldigvis veit eg at mange deler dette synet med meg.

021

Sina sit i glaskarmen og brukar ventetida til å nyte utsikta, sjå etter båtar på sjøen og bilar på vegen. Der har eg litt å lære! Eg må slutte å tenkje at eg skal vente på noko, og heller bruke tida på å vere i tida; oppleve, sanse og lytte.

Når eg kikar rundt omkring i bloggverda, så ser eg at alle har kasta ut jula og er i full sving med å vente på våren. Eg har ikkje vore hakket betre! Eg har gått og venta på vårfargane, dei fyrste vårteikna, at dagane skal verte lysare og at temperaturen skal stige. Men no har eg bestemt meg for at det skal verte slutt på denne ventinga! Eg vil prise tida vi er inne i no, og møte våren med glede - når den kjem!

Det var dagens tankespinn! I kveld skal eg kose meg på klubb, men i staden for å vente på at klokka skal kome der, skal eg kose meg ilag med ungane heilt til eg nesten kjem for seint!

Livet ventar ikkje, det burde ikkje vi gjere heller!!!

(Det er rart med slike tankespinn... Fingrane flyg så fort over tastaturet at eg ikkje får reflektert så mykje over det som vert skrive. Vei ikkje om det er logikk i det, men kanskje har nokre av tankane planta små frø hos andre???)

26 kommentarer:

  1. Sitat slutt! Heilt einig, frå topp til tå :)

    Britt

    SvarSlett
  2. Et klokt ord sier: "ikke visste jeg at livet var de dagene som bare kom og gikk". Mye fornuft i de ordene. Jeg er nok ikke av typen som venter mye, stort sett nyter jeg her og nå. Men derfor er jeg ikke så flink til å planlegge heller ;0)Men jeg må innrømme at fredag på jobb kl 14 så venter jeg VELDIG på at klokken skal bli 16!! Fint og tankevekkende innlegg dette :0) God helg!

    SvarSlett
  3. Vilket intressant inlägg. Det satte fart på tankarna :-)

    Och vilken fantastisk utsikt ni har! Det måste vara otroligt lyckligt att bo sådär?

    /Johanna

    SvarSlett
  4. Eit flott innlegg:)

    SvarSlett
  5. Godt sagt! Vi kan ikke bruke tid på å vente på noe vi ikke vet om kommer i gang. Vi får leve i nuet og glede oss over det vi har her og nå.
    rart, men jeg tenkte litt på dette selv når jeg satt på sengekanten hos min datter i kveld når hun la seg. Jeg boret nesa mi inn i de gode kinna hennes og tenkte "gleder meg til neste ferie, når vi kan koooose oss sammen leeenge igjen". Men ....vi må jo kose oss litt HVER dag! Nyte litt mer av hverdagen og de små øyeblikkene den bringer med seg.Vi kan jo ikke vente med det!
    :-)

    Nyt tiden på klubb i kveld.

    Klem Torunn

    SvarSlett
  6. "Livet ventar ikkje" den skal jeg huske lenge. Du plantet absolutt noen frø til ettertanke. Takk

    SvarSlett
  7. Så enig, så enig...

    SvarSlett
  8. Igjen ord til ettertanke, Tove. Eg trur nok at det er fort å verte ein "ventar". Men det verkar ikkje som du sit og ventar i kvardagen akurat - det kan du umogleg ha tid til!

    kos deg på klubb, og nyt dagane med familien :)

    SvarSlett
  9. Eg er så einig i det du skriv Tove!
    Eg opplever det som deg dette med tankespinn...ein har gjerne reflektert litt undervegs, men så skriv ein det som må ut der og då, til slutt sit eg av og til att med det same spørsmålet; vart det logikk i dette? vert det forstått slik som det var tenkt?
    Eg trur at eg forstod det du formidla her:)
    Kvar dag er ei gåve. Vi veit aldri kva dagane vil gi oss av det eine eller det andre, difor trur eg også at vi skal vere flinke å nytte den tida vi har.
    Dei små augneblinka -som du er så flink til å prise, og vise, det er nok dei som er sjølve LIVET.

    Bloggen din er fantastisk flott Tove. Eg er imponert over heile linja:) Alt du får gjort i kvardagen din, det er så fint at du dokumenterar det både til glede for oss, men ikkje minst til glede for deg og dine!
    Du er ein ressursperson Tove. Du er engasjert og aktiv med på mange ulike felt. Eg synest at det vitnar om at du grip dagane som dei er. Det er ikkje få gongar eg har beundra evna di til å stresse ned. Eg veit at du har langt over gjennomsnittet mange jarn i elden, likevel så utstrålar du ei eiga ro. Ta til dømes søndagsmorgonane med baking saman med ungane; eg er heilt megainponert:-D
    Mor-dotter-turane saman med Ida, der de går og undrar dykk saman over alt de ser og tenker på. Dette er slike ting som eg drøymer om at eg og skal greie å gjennomføre ein gong...
    Eg kan nesten ikkje tru deg når du seier at du har skusla bort tid på å vente, du som inspirerer oss med alt det du får gjort!

    TUSEN TAKK for nok eit engasjerande innlegg frå deg Tove! (No har eg visst skrive ein frykteleg lang kommentar, eg får håpe at du er som meg; for eg likar desse lange kommentarane;))

    SvarSlett
  10. Hei.
    Ett tankeväckande inlägg.
    Det ska eg legge på minnet.
    Livet er det som foregår her og nå.
    Har nok ventet for lenge på en del ting.
    Men nå trur eg jammen det ska bli forandring.
    Takk for ett megemt godt inlegg.
    Klems fra ett Digernes med plussgrader idag.
    Synne.

    SvarSlett
  11. "megaiMponert" med m ikkje n...

    Eg gløymde visst heilt å kommentere dei nydelege bileta dine! Det var dei som fanga merksemda mi med det same:) De har det fint ut på Halsane! Nærbiletet av deg og Terje i vindaugskarmen var ein favoritt! ;)

    SvarSlett
  12. Signerer!!
    Kommenterte et innlegg hos Bo med barn om noe av det samme, det gjelder å nyte mens en venter illefall!! Tenker mye på dette...og prøver å nyte hver eneste adg!! nattaklem

    SvarSlett
  13. DET var godt tenkt.. som dei sa blånissane ;-)

    Nyt minutta!

    Monica

    SvarSlett
  14. ..her er det ikke så mye mer å si...du har sagt det!!!Amen!

    SvarSlett
  15. Ja, ja og ja!!! Og takk fo eit knallande godt innlegg!

    SvarSlett
  16. Dette var et utrolig flott innlegg som traff meg midt i hjertet. Jeg føler akkurat slik som du.

    Du skiver en kjempekoselig blogg, og jeg blir alltid glad når jeg ser du har et nytt innlegg.

    Med vennlig hilsen Torill
    (som bare har en lukket blogg uten interiør..)

    SvarSlett
  17. Du er bare så flink til å skrive! Jeg er så enig, så enig. Det å stopp opp og bare nyte stunden der og da..ja, det bør være et av forsettene i 2009!

    Ha en koselig helg:)

    SvarSlett
  18. Så flott innlegg, nå fikk jeg noe å tenke på :)
    Ha en fabelaktig god helg
    *Siv*

    SvarSlett
  19. Hei:o))
    Så sant så sant og du fekk satt dei rette orda på det. Vi venta på alt mogleg, og gløymer ofte å leve her og no. Kvifor skal du sette livet på vent.... Gjer det du brenn for og lika, det er det som er det gode liv. Kva andre meinar og synes er deira eigen sak, og flott at du ikkje brukar pauseknappen eller deleteknappen for den saks skuld:0)) Nyt at DU ER DU:))
    Smil frå ei som ikkje er så flink til det.

    SvarSlett
  20. Takk for at jeg fikk lov til å lese det fine stykke du har skrevet.
    Jeg fikk mye å tenke på der, du har så aldeles rett i alt du skriver.
    Kjentes godt å lese, og fikk meg til å tenke gjennom mitt eget liv.
    Tusen takk til deg.
    Ha en fin helg med alle dine.

    SvarSlett
  21. Vad stolt jag blev att hamna i din blogglista! Jag borde verkligen ta tag i att uppdatera min också, jag har inte med alls många i min. Jag läser MÅNGA fler än de som är där.

    Koppen du undrade om har jag köpt är inget fint märke utan kommer från Indiska. Tyvärr var det ganska dålig kvalitet så jag har redan slagit sönder två. Så tråkigt för de är mina favoritkoppar och nu har Indiska inte kvar dem längre! :-(

    Ha en fin helg!

    SvarSlett
  22. Du er ikke for sen, Tove! Et døgn til...:-) Takk for de koselige ordene, klem og god helg

    SvarSlett
  23. Ser inne hos Emmas Verden at du også har problem med telleren. Det har vore det same problemet her, men eg berre fjerna den gamle og lasta ned frå ein annan nettstad http://www.website-hit-counters.com/
    og vips så var det i orden. Ha ein god kveld.
    Smil frå Lill

    SvarSlett
  24. Det var en god start på dagen, å lese innlegget ditt! Tusen, tusen takk- jeg trengte det virkelig :)
    ...Så var det liftgardinene på kjøkkenet. De er kjøpt på Skeidar, og jeg er veldig fornøyd med de. I og med sola sto på når jeg tok bildet ser de litt lysrer ut enn de egentlig er.. Til tross for fargen er de ganske varme og lune og mønsteret synes også bedre enn på bildet.

    God helg Tove!

    SvarSlett
  25. Flink til å vente jeg også..men man går jo glipp av så mye som skjer underveis da..:o) Helt enig.. Bra "nyttårsforsett"..Koselig blogg du har forresten:o)-Linda-
    Ps.Greit at jeg linker deg til bloggen min?

    SvarSlett
  26. Eg er veldig einig i det du skriv. Mykje av tida går med til å vente på noko som skal kome...

    Men eg har faktisk teke grep om tida mi, og difor så nyt eg så utruleg kvar einaste dag eg har! Det er greit at me har det travelt innimellom, men om berre det er små pauselommer innimellom som får ein til å tenkje at; jammen har eg det godt likevel...

    Det er godt å vere i tida, og godt å kjenne at ein faktisk klarar å slappe av...

    Veit ikkje om dette høyrtes fornuftig ut..men men..

    Riktig god helg til deg!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!