Det er sjølvsagt ein god grunn til at det ser ut som det gjer, bortsett frå at far og son likar å grave. Vi skal bygge på huset, utvide parkeringsarealet og bygge garasje. Det blir sikkert fint når det er ferdig, sa mi gode venninne Ingrunn i går, medan dei to 10-mnd-knøtta våre kraup rundt i mold, sand og støv. Ho har sikkert rett, sjølv om eg mistenkjer henne for å seie det mest for trøysta sin del.
Sola skin like forbaska, og den fine uteplassen og den grøne plenen kjem ikkje fortare av at eg går rundt og irriterer meg over alt som ikkje er som det skal. Eg får sjå det positive i situasjonen: eg slepp å slå plen, vatne blomar og busker eller attelete på inn-og utbæring av prydplanter kvar gong været endrar seg. Og så må eg berre innrømme at ungane elskar å ha det slik. Dei storkosar seg i det skitne element, og det er vel eit stort pluss?
Nei, eg skal ikkje klage meir. No skal eg prøve å nyte resten av fineveret og trøyste meg med Ingrunn sine kloke ord; det vil nok verte betre - ein vakker dag.....
Men du har utsikt! Det har ikje vi. Du får kome hit og klippe plen i sommar, så kan vi kome til deg og sjå på utsikt ;-)
SvarSlett