torsdag 24. april 2008

Graset ER faktisk grønare på den andre sida...

Eg skal gå rett på sak og erkjenne det med ein gong: eg har ikkje hage. Eg har ikkje eingong plen, planter eller busker. Der, no er det sagt og ei bør er lyfta frå skuldrane mine. I desse fagre solskinsdagar snakkar ikkje folk om anna enn hagane sine, og eg kjenner misunninga stige. Ein skulle tru eg kunne finne ein grøn liten flekk på eigedomen min, eg bur trass alt på ein gard der ca 10 mål med plenpotensiale omkransar bustaden min. Men nei. Eg bur i ei steinrøys. Kvar eg enn ser, så er det stein, grus, mold, sandhaugar og rot rundt meg på alle kantar. Eg hadde ein gong litt plen, men når eg har ein mann med gravemaskin og ein son som elskar å grave i mold, så forsvann dei få kvadratmetrane ganske fort. Det som er att av det grøne er rett under og rundt klessnora mi. Ikkje akkurat rette staden for å sette ut hagemøblane. Dei får nok ikkje sett dagens lys i år. Slik som det ser ut akkurat no, har dei det best på låven.

Det er sjølvsagt ein god grunn til at det ser ut som det gjer, bortsett frå at far og son likar å grave. Vi skal bygge på huset, utvide parkeringsarealet og bygge garasje. Det blir sikkert fint når det er ferdig, sa mi gode venninne Ingrunn i går, medan dei to 10-mnd-knøtta våre kraup rundt i mold, sand og støv. Ho har sikkert rett, sjølv om eg mistenkjer henne for å seie det mest for trøysta sin del.

Sola skin like forbaska, og den fine uteplassen og den grøne plenen kjem ikkje fortare av at eg går rundt og irriterer meg over alt som ikkje er som det skal. Eg får sjå det positive i situasjonen: eg slepp å slå plen, vatne blomar og busker eller attelete på inn-og utbæring av prydplanter kvar gong været endrar seg. Og så må eg berre innrømme at ungane elskar å ha det slik. Dei storkosar seg i det skitne element, og det er vel eit stort pluss?

Nei, eg skal ikkje klage meir. No skal eg prøve å nyte resten av fineveret og trøyste meg med Ingrunn sine kloke ord; det vil nok verte betre - ein vakker dag.....

1 kommentar:

  1. Men du har utsikt! Det har ikje vi. Du får kome hit og klippe plen i sommar, så kan vi kome til deg og sjå på utsikt ;-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!