Vi er vel stort sett vårklare heile gjengen no. Einaste som gjenstår er å kjøpe Ida eit par nye vårsko. I dag skal vi vere ute og nyte kvart eit sekund av dagen! Gløymt er alle erlerider og starerider, mannen har parkert brøyteutstyret for denne gong og ski og anna vinterutstyr er allereie i god forvaring på låven.
Måtte vi få mange fleire dagar som dette!
Raudøya er ei naturperle ein må leite lenge etter! Kvar morgon vaknar eg til denne utsikta, og kvar morgon kjenner eg meg like heldig som får bu i eit slikt paradis!Den majestetiske og flotte Liadalsnipa er eit ynda motiv. Klokka halv tolv presis, står sola rett over Nipe-toppen. Artig å fange det på film!
Då Johan var liten brukte han å fortelje til alle at Liadalsnipa er "fjellet mitt". Det er vel ikkje akkurat sant, men det er klart at vi får eit eigedomsforhold til det når vi er så heldige å få bu ved foten av ein slik gigant!
Og så vakkert er det når vårsola går ned...
Ingen sumar utan Vichy...
SvarSlett