lørdag 19. april 2008

Når ein er våryr, optimistisk og solhungrig!

Eg treng ikkje meir enn fem vårdagar med strålande sol frå blå himmel før eg kjenner at det kriblar i heile kroppen og eg endeleg torer å tru på at våren har festa grepet. Det gjer noko med meg når eg vaknar om morgonane til blikkstille fjord og ser fjella som omkransar meg bade i morgonsol. Eit orkester av fuglar vekkjer med sakte og lyden av ein einsleg motorbåt som er tidleg ute for å freiste fiskelukka, får blodet til å bruse. I dag leita eg fram alle mine solprodukt som eg varsamt pakka vekk i fjor haust. Fjorårets sommar gjorde ikkje akkurat eit stort innhogg i behaldninga... Nyfødde Sina sørga for at eg heldt meg innandørs då det var på det varmaste, og på dei meir normale soldagane var eg også inne p.g.a. kald vind og frykt for brystbetennelse. I år har eg tenkt det annleis! No skal eg prise våren og sommaren, ta med meg Sina ut og introdusere henne for friluftslivets fantastiske gleder. Og då må solprodukta vere klar!


Vi er vel stort sett vårklare heile gjengen no. Einaste som gjenstår er å kjøpe Ida eit par nye vårsko. I dag skal vi vere ute og nyte kvart eit sekund av dagen! Gløymt er alle erlerider og starerider, mannen har parkert brøyteutstyret for denne gong og ski og anna vinterutstyr er allereie i god forvaring på låven.



Måtte vi få mange fleire dagar som dette!

Raudøya er ei naturperle ein må leite lenge etter! Kvar morgon vaknar eg til denne utsikta, og kvar morgon kjenner eg meg like heldig som får bu i eit slikt paradis!













Den majestetiske og flotte Liadalsnipa er eit ynda motiv. Klokka halv tolv presis, står sola rett over Nipe-toppen. Artig å fange det på film!

Då Johan var liten brukte han å fortelje til alle at Liadalsnipa er "fjellet mitt". Det er vel ikkje akkurat sant, men det er klart at vi får eit eigedomsforhold til det når vi er så heldige å få bu ved foten av ein slik gigant!



















Og så vakkert er det når vårsola går ned...

1 kommentar:

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!