fredag 18. april 2008

Mamma i farta!


Det ville vere løgn å seie at eg har rolige dagar. Det går fort i svingane heime med oss. Kvar dag nye møter, treningar, kurs, korøvingar, endå meir møter og ein pappa som jobbar lenge. Eg har nettopp vore ute på klessnora og hengt opp dagens maskin, og i slike øyeblikk får eg tid til å reflektere over liv og levnad. Har mange gongar lurt på om det hadde vore kjekkare å hatt eit litt rolegare tilvære. Litt færre ting å engasjere seg i, litt færre aktivitetar å vere med på. Konklusjonen er alltid den same: eg hadde ikkje kunne bytta vekk kvardagen min med noko anna. Vi har det godt i heimen vår. Til trass for tidvis høgt tempo, har vi etterkvart vorte verdsmeistrar i å kose oss. Eg har ingen problem med å la vaskebøtta stå og støvsugaren kvile, når kvalitetstid med mann og barn er alternativet.

Når ein les i all slags blad om korleis ulike mødre får kvardagen til å fungere, har eg ofte lurt på kva "mamma-katergori" som passar meg best. Eg er trebarnsmamma, hundemamma, kjæreste og kone, att-og-fram-med-bil-mamma, og mamma med få prinsipp. Eg lagar god og næringsrik mat til familien min, men er sjeleglad for at vi har Grandiosa-fabrikken på Stranda. Eg kan på ein brøkdel av eit sekund sjå at ullskjorta til Johan er att-fram, og høyre på stega til Ida at skoa er på feil fot. Når ungane er sjuke ligg eg og vaker om natta, når dei er vekk på besøk lurer eg konstant på om dei har det bra. Eg vert glad når ungane kjem skitne og våte inn til kveldsmat med smil om munnen, det vitnar om glad leik og mykje moro. Etter å ha ramsa opp alt dette er vel kanskje einaste konklusjonen at eg ikkje passar i nokon "mamma-kategori", og det er eg i grunnen glad for. Likar å sjå på meg sjølv som ei fri, kreativ og impulsiv mamma som likevel veit å setje grenser for ungane sine. Men det er vel når eg ser på ungane mine og kjenner at hjartet svulmer av stoltheit, at eg veit at eg er på rett kurs.

Morspermisjonen min syng på siste vers. Snart er det slutt på å ha vesle Sina rundt meg til ei kvar tid. Snart skal tida mi delast på endå fleire. Difor gjer eg mitt ytterste for å nyte tida som er att. Eg har gullkanta dagar og lever i ei draumeverd akkurat no. Dersom eg klarer å ta med meg den kjensla inn i neste kapittel av livet mitt, så skal eg klare å leve med at Sina stabbar rundt i barnehagen medan eg lærer ungdomar om Ivar Aasen, Ibsen og nasjonalromantikken.

Eit av dagens høgdepunkt er formiddagsmåltidet ilag med Sina. Då sit vi lenge att med bordet, les bok og et graut. Eg tok nokre bileter av henne i går, som tydeleg illustrerer kor engasjerte små born vert når berre boka er spanande nok.










1 kommentar:

  1. Nei, du kan nok ikkje plasserast i nokon kategori. Det er nok derfor du er så fantastisk mamma som du er! Skal prøve å følgje i fotspora dine... Det vert nok ikkje lett.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!