A macaron (French pronunciation: [makaˈʁɔ̃]) is a sweet meringue-based confectionery made with egg whites, icing sugar,granulated sugar, almond powder or ground almond, and food coloring. The macaron is commonly filled with ganache,buttercream or jam filling sandwiched between two cookies. Its name is derived from the Italian word maccarone or maccherone.
The confectionery is characterised by its smooth, domed top, ruffled circumference (referred to as the "foot"), and flat base. It is mildly moist and easily melts in the mouth.
Eg hadde aldri trudd det, men no har eg altså prøvd meg som makronbakar! Frøken midtimellom hadde sett slike på barne-TV og ville at vi også skulle lage slike! Vi googla og las, fann fram ingrediensar og mandelkvern og gjekk i gang med arbeidet!
Det tok litt tid og det var litt pirk, samstundes som at det faktisk var superenkelt! Minikokken ville ha rosa makronar, medan frøken midtimellom ville ha sjokolademakronar. Vi enda med eit kompromiss; sarte, rosa makronar med sjokoladeganache i midten!
Eg trur ikkje eg kjem til å lage makronar i tide og utide, men minikokken har i allefal bestilt knallrosa til 5-årsbursdagen sin, og det må ho sjølvsagt få!
Har du gode makrontips til meg må du gjerne kome med dei!
Har du eit favorittfyll? Ein favorittfarge? Steiketips?
Om du vil bruke oppskrifta som eg hadde, så finn du den på kjøkkenbenk-bloggen min om du klikkar her!
Den engelske makroninformasjonen fann eg her.
…og i ettermiddag fekk eg ei svært hyggeleg melding frå Magne/Lesernes VG, med beskjed om at makronane mine vart fyrstesidestoff på VG i dag!!!
Klikk på biletet for å kome inn på bloggen min!