mandag 16. april 2012

Scones

Det er roleg morgon i heimen. Ungane er på skule og barnehage, husbonden er på jobb og eg sit i godstolen og nyt ein stille frukost. Når eg likevel må vere heime, så prøver eg å gjere det beste ut av dagane. Og kanksje er ein god frukost det viktigaste! I dag jublar eg fordi eg sjølv har klart å ta med meg kaffikoppen inn på stova! Det går med andre ord framover og eg kan stadig legge meir vekt på foten!

IMG_8236

I dag vil eg dele ei oppskrift på scones med lesarane mine. Eg er så heldig å få vere ein av matprat.no sine hovudbloggarar og om du ikkje har besøkt Kjøkkenbenkbloggen min så finn du den her! 

Oppskrifta er ikkje mi, men funne hos Gunda. Ho er eit oppkome av enkel og god mat, så vel som avansert og lekker mat. I helga skreiv ho om scones på bloggen sin (og i Sunnmørsposten, for dei som har den avisa).  Sidan Kjøkkenbenk-heimen er svært glade i fersk bakst på morgonkvisten, var det berre å prøve!  Her kjem oppskrifta (eg har moderert den noko):

Dette treng du:

5 dl surmjølk/kefir

9 dl kveitemjøl

100 g smør

1 ts salt

1 ss sukker

1 1/2 ss bakepulver

ein raus bit ost, finraspa

IMG_8257

Slik gjer du det:

Set steikeomnen på 250 grader. Bland det tørre i ein bolle  og smuldre inn smøret. Ha i finraspa kvitost (ta den osten du har). Vend inn surmjølka og rør til du får ein fast deig. Du kan anten ha mjøl på bakebordet og forme fine scones som bollar, eller du kan gjere som eg var nøydd til i dag ((foten nekta meg å stå lenger…): Eg tok ei passe mengd med deig i hendene, mjøla litt og rulla bollar i handene. Set ferdigrulla scones  på steikjebrettet. Strø over litt finraspa ost før du set steikjebrette i omnen. Denne sconesdeigen kan godt tilsettast hakka sjokolade og/eller nøtter til fest, men då utan ost.

Steik sconesa på 250 grader i 12 minutt.

IMG_8266

Dersom du ynskjer grovare scones, byttar du  berre ut noko av mjølet med grovare mjøl (eg vil anbefale dette for kvardagsscones). Du kan også bruke frø i deigen. Scones passar som frukost, lunsjmat og som tilbehør til supper og gryter. Om du ynkskjer ein snacksvariant av scones, så kan du tilsette litt finsnitta purreløk, soltørka tomat i fine bitar og ost med litt smak. Vips, så har du ordna noko godt til laurdagskosen eller som god niste til piknikkorga.

“På kjøkkenbenken” finn du her, og dei andre dyktige matpratbloggarane finn du her.

5 kommentarer:

  1. Hei :)
    Vil du vinne et valgfritt plagg fra My Cinnamon Girl
    kan du prøve lykken inne hos meg nå :)
    Håper du får en fin uke ♥
    Klem Anette

    SvarSlett
  2. Det så da utrolig godt ut!
    Ha en fin mandag,
    klem :O)

    SvarSlett
  3. Idag trur eg det må bli scones til kveldsmat!

    SvarSlett
  4. Dissa såg VELDIG gode ut!

    SvarSlett
  5. Å, de så gode ut og må prøves snart :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!