Eg var ni år og hadde fått verdens beste gåve. Ei veslesyster. Endeleg ei som eg kunne stulle med, trille tur med og kose med. Ho var akkurat som ei dukke; lys, vakker og med hud som porselen. Minst i flokken, men størst i ord og gjerningar. Søt og yndig, men bestemt, viljesterk og ikkje redd for å prøve nye ting. Ho visste akkurat kva ho skulle gjere for å få det som ho ville. Målmedviten, handlekraftig og med sterk rettferdssans. Dette har ført henne langt. Ho har prøvt ting vi andre berre kan drøyme om og misunne henne. Ho har fått jobbar som ingen trudde låg der for ho. Som 12-åring fekk ho hovudrolla i filmen “Villhesten”, ein familiefilm som har gått sin seiersgang både på kino og TV.
Kjenner du att “Ragnhild” frå filmen “Villhesten”?
I dag fyller ho år og eg vil gjerne hylle henne på bloggen min. Takke henne for eit brennande engasjement for bygda vår, for hjelp med ungane når vi er opprådde for pass og logistikken ikkje går opp. Takke for alt ho gir til andre, for at ho er så fantastisk flink med farmora vår, for at ho stadig lærer meg nye ting og for at ho let oss få vere ein stor del av livet til henne og familien. Du lever intenst og varmt, vil vere til stades i livet i alt du gjer.
Dette: Å vere i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og lét deg få kjenne deg rik.
Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst der før
med alt det dei sjølve er.
Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.
- Halldis Moren Vesaas -
Gratulerer så mykje med dagen,
kjære Linda!
Ååå jeg ELSKET den filmen da jeg var liten!
SvarSlettSå gøy å komme over dette innlegget:)
Gratulerer til søsteren din!
Klem Monica
Så kjekt å kunne hylle lillesøster med dette vakre diktet! Håper dagen har vært fin, og at hun har fått føle hvor elsket hun er.
SvarSlettHilsen Ingunn
Så fint sagt!
SvarSlettSå utruleg rørande og fint! Heldige syste di, som har ei syste som deg...
SvarSlettOg gratulera så masse til den flotte veslesyster di!
Så utruleg rørande og fin skrive om ei flott syster! Men ho er heldig syste di òg, som har ei syste som deg...
SvarSlettGratulera så masse til veslesyster!
Så nydeleg skreve!
SvarSlettGratulere til systå di!
Måtte du få gode vårdagar medan du stadig vert betre!
Yr.no lovar godt ;-)
For et nydelig innlegg! Så fint du skriver :) Og for en nydelig søster du har. Første gang innom bloggen din i dag, jeg. Fin-fin - så jeg kommer med glede tilbake. Ønsker deg en skjønn dag videre. klem
SvarSlettFor et fint innlegg!
SvarSlettVakkert med syskjenkjærleik:) Og godt å ha Haldis moren Vesaas sine dikt å ty til, tenk å kunne uttrykkje seg slik! Til lukke med veslesystå:)
SvarSlettTakk for helsingar, alle saman! Det varmar eit veslesysterhjarte. Takk, Tove <3
SvarSlettLinda
Det er perfekt med en småsøsken når man er 9-10 år gammel og antagelig kjekt for mor og far..Jeg ble storesøster som 2,5 og 9,5 åring, definitivt ho som kom 9,5 år etter meg det var mest gøy med.. =D
SvarSlett