søndag 29. april 2012

Himmelblå ♥

For ei tid tilbake var eg så heldig å finne meg nokre billege blomsterpotter på ein interiørbutikk. Dei hadde ikkje vore så dyre i utgangspunktet, men då eg kom var dei sett ned til halv pris. Det var jo så god som gratis, så eg måtte ha dei to siste som stod att.

hortensia

Då eg kom og skulle betale sa dama i kassa at sidan det berre var to potter att, var dei sett ned til 70% av halv pris! Eg betalte ikkje meir enn kr 14,- per potte og var både lukkeleg og glad! Fargen er ein slags dus himmelblå som vanskeleg let seg fange på kamera…

IMG_8745

Eg såg for meg at pottene måtte vere nydelege til å hortensia, men heilt sidan eg kjøpte dei har eg hatt orkidèar i pottene. No var dei passeleg avblomstra og det var på tide å gå til innkjøp av hortensia.

IMG_8727 copy

Himmelblå hortensia vart kjøpt inn i går og står midt på spisebordet og er så vakker som det berre går an! Tenk at ein kan verte så glad i blomar!

IMG_8717

Duken på bordet har vorte ein favoritt. Dei nydelege blågrøne fargane passar midt i blinken til meg. Den er kjøpt på Kremmerhuset og neste gong eg er på byatur skal eg jammen kjøpe meg nokre mindre brikker òg!

Medan eg har vore inne og prøvt meg som makronbakar, har husbonden måka altanen fri for snø så pass at eg kan nyte nokre solstrålar etter middag! Då skal vi kose oss med god kaffi og rosa makronar!

Håper søndagen din er fin!

3 kommentarer:

  1. Nydelige bilder, liker så godt de sarte fargene:)

    Fin ny uke til deg:)

    SvarSlett
  2. Skøn himmelblå Hortensie - min fra sidste år har overraskende nok overlevet vinteren udendørs i en stor potte !

    Jeg holder Show off Party, så her får du en forårs udfordring fra mig: 'Vis din bedste plantekrukke, potte,spand -eller kasse'

    Det vil være morsom hvis du vil deltage
    knus Frida

    SvarSlett
  3. Kjekt med slike røvarkjøp :-) Nydleige bilete! Åsne

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!