Kven er du,
vaknande sonen min?
Du står med hendene frie
og ler mot alt som møter.
Kven er du?
Er du den unge tiger,
vil du smyge, smyge?
Er du ein blom som vender
si krone mot lyset?
Er du ein brunn som speglar
stjernene svivande over?
Er du alt dette – og meir?
♥
Ein dag vil jorda
glefse deg i seg
liksom ei tigermoder
i redsle for barnet sitt.
Liksom ein brunn
som vil binde ei stjerne.
Er du meir?
- Marie Takvam -
♥
Så heldig eg er som får vere mamma. Som har skattar i livet mitt, meir dyrebare enn eg kan våge å setje ord på. Som kvar dag gjer livet mitt rikare. Krevjande, men rikare. Livet har lært meg å vere audmjuk. Eg har fått smake på det gode, men også det vonde. Eg har ein skatt for lite. Men eg er likevel rik. Audmjuk og rik.
Og kvar dag ser eg inn i varme auge som speglar stjernene svivande over.
Eg er heldig.
♥