onsdag 25. januar 2012

Lengt…♥

I år har vi bestemt oss for ein ting: vi skal bruke mykje meir tid ute i skog og mark. Vi bur midt i eit fantastisk friluftsområde med fjell og fjøre i umiddelbar nærleik.

IMG_2996

Ein treng ikkje å pakke så mykje; litt niste, ved til bål, litt å drikke og ekstra lestar til små fotar som likar å utforske alt som er vått!

IMG_3006

Små venninner og syskenbarn som får springe så fort som føtene klarer, lyse kveldar som ingen ende tek og glede over å få vere ute.

IMG_3037

Å få sitte på ein benk ved stranda eller på ein stein i skogen og dele god mat, hemmelegheiter og lure blikk…

IMG_3022

Hjelpe eit lite syskenbarn, passe henne så ho ikkje plumpar ut i vatnet og blir våt….

IMG_3051

Å tulle seg inn i eit mjukt og varmt pledd når kvelden nærmar seg, rulle rundt i graset og kike på himmelen og skyene…lukke….♥

IMG_3161

Å vere minstemann og få hjelp til å klatre i tre i lag med eldstemann…. Vi skal klatre i mange tre i år, store tre og små tre! Og vi skal hjelpe kvarandre!

a

Vi skal rusle i skogen og kjenne den rislande gleda det er å få drikke friskt vatn frå ein fjellbekk. Undre oss over kvar vatnet kjem i frå og så vandre vidare. Finne fleire bekkar, fleire fjell og mange gleder!

aa

Vi skal ta oss tid til å setje oss ned og kjenne på fred og ro. Vi skal sprengje grenser, nå nye mål og verte rikare på opplevingar.

2012 skal verte eit fantastisk turår!

Vi lengtar etter å kome i gang…♥

PS! Sjekk gjerne denne lenkja og sjå den fantastiske jenta som inspirerte ungane mine i går kveld! Elise Theoline; du er eit førebilete – på meir enn ein måte!!!  Ho har ein nydeleg blogg med inspirerande bilete, som du finn her.

6 kommentarer:

  1. Hurraaaa!! Vi er med!! 2012 vert framifrå! Livet handlar i stor grad om å setje seg mål, men viktigare, å nå måla. I år skal vi traske oss gjennom fjell og dalar, drikke av smeltevatn, telte i fjøra, koke over bålet og klatre i tre. Gler meg. Håper mange sjekkar lenkja eg legg ved. Dokumentaren om Elise Theoline. Ingen nyttar naturen som henne. For eit førebilete!
    http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/822079/

    SvarSlett
  2. jepp - mine mål også ;)

    monikaklemma
    ps. så koselige bilder

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Takk for at du bloggar så levande! Og så mange fine bilder! :) Du inspirerer!
    Klem Ingunn

    SvarSlett
  5. Nå gleder jeg meg enda mer til å følge bloggen fremover. Ble nesten misunnelig på alle dei spennende turen dere har foran dere:)

    Ingenting er bedre en turer i skog og mark ( ja små eller store turer spiller ingen rolle ) for både små og store. Dagen blir liksom god uansett da:) Og så mange opplevelser å fortelle om etterpå:)))

    Herlig:)) Håpe lisja er bedre idag:)

    SvarSlett
  6. Synst dokke e no so flinke allereide, men ei bra målsetting.

    Kan ej anbefale hanen.no? Norske bygdeopplevelsa. Enn treng ikkje reise longt for å ha det kjekt :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!