Vi går med store husplanar for tida… Det er ikkje til å unngå at ein vert sitjande litt på nett og drøyme og la seg inspirere!
Biletet er lånt her.
Eg blir veldig lett forelska når eg ser lyst, lett og luftig interiør. Eg blir inspirert av alt dagslyset, dei store vindaugsflatene og dei lyse fargane.
Biletet er lånt her.
Ope, spartansk, lyst og kanskje ein smule nakent. Men likevel innbydande! Fantastisk å kunne ta naturen inn i huset ved å ha store vindauge som dette!
Biletet er lånt her.
Eg er så heldig å ha verdens flottaste utsikt. Eg bur høgt, luftig og bratt. Ingen ser inn til meg, så eg kan ha store glasflater og likevel føle at eg har privatliv. Likar godt at det er høgt under taket, som på biletet over.
Biletet er lånt her.
Sjølv om eg er glad i det rustikke, må det ikkje vere for gammalt. Eg likar godt at det er ulike strukturar i eit rom, at ein kombinerer ulike materialer – gjerne naturmaterialer.
Bilete er lånt her.
Knaggar klarer du fint å lage sjølv!
Biletet er lånt her.
Eg slappar best av når det er reine linjer og lite nips og naps i romet. At fargane er avstemte har også mykje å seie. Eg ser så mykje fargerikt og kreativt interiør rundt om kring på bloggar, men kunne nok ikkje hatt det slik heime hos meg. Kvit sofa er det vel òg nokre år til eg kan ha, små ungar set ein effektiv stoppar for det – men det er lov å drøyme og planlegge!!!
Kjempefine bilder. Likte særlig godt det nederste :) Heldigvis er det lov å drømme ja...!
SvarSlettHa en fin lørdagskveld
Klem Lene
Store rom, god takhøyde for gode tanker:)
SvarSlettJeg ble inspirert jeg også! Har iallefall begynt å samle på drivved, et lite stykke på veg til mitt nye badrom:))
En fin kveld forsatt:))
Skal du bygge heilt nytt, bygge på eller renovere?
SvarSlettFine inspirasjonsbilder! Spennende med husplaner!
SvarSlettInspirerande bilder ja! Skal dokke bygge nytt ved sidan av det eksisterande i eigen (/anna) stil, bygge på eller totalrenovere heile huset? Ja, det går vel ut på eit alle tinga. Var ikkje så lett å få fram kva eg meinte ;) Men kanskje du forstod likevel :) God søndag!
SvarSlett