søndag 8. januar 2012

Aller best…♥

Vi kunne ikkje ha bedt om meir i dag; ein strålande vinterdag med sol i mange timar. Mange har vore på fjellet i dag, men vi likar oss aller best i fjøra…

IMG_5220 copy

Vi er så heldige å ha eiga fjøre og naust. Det er fint andre stadar òg, men det er der vi trivast aller best. Dei gamle naustmurane, støda, båten og dei klukkande bølgene…

IMG_5224 copy

Vi likar aller best når vinteren byr på sol og opplett, i staden for regn, sludd eller snø. Det var kaldt i dag, men sola varma litt. Og bålet…- ingenting er som bål når ein er på fjøretur! Når vi samlas rundt bålet, med god mat eller varm drikke i koppane; då likar vi oss aller best…♥

IMG_5234 copy

Vi har vore her så mange gongar før. I regn og kulde, sol og varme, vind og blest. Vèret spelar inga rolle. Dette er vår fristad. Her er det aller best. Det gamle naustet har stått mang ein storm. Ikkje ein gong Dagmar klarte å gjere skade. Einaste ei naustdør som vart riven av, men vi fann den att i nabostøda. Husbonden fekk på att døra, midt i eit stormkast 2. juledag. Han lempa stein til sveitten dreiv for å sikre at det ikkje skulle skje ein gong til.

IMG_5240 copy

Han er aller best, han karen her, gitt!

IMG_5253

Det aller beste ein slik vinterdag er å kunne sitje lunt og godt ved på ein stein ved naustdøra og nyte dei leikande solstrålane. Dei varmar både kropp og sjel!

IMG_5208

Og når maten er oppeten og saftglaset er tomt, må vi skunde oss å leike litt til i fjøresteinane. Rett før sola går bak fjellet, rett før vinterkulden bit oss i kinna….

Og når vi sit i bilen på veg heim og ser på dei raudkinna borna i baksetet, er det ikkje tvil om at vi har det

aller best….♥

10 kommentarer:

  1. Endeleg fekk me ein dag med sol. Det har vore langt mellom solgløtta no. Soldagen min vart også brukt ute, frå sola stod opp til ho gjekk ned. Ynskjer riktig god ny veke. :-)

    SvarSlett
  2. Å kor herleg, kjenner eg lengtar heim. Fekk med meg på facebook at fjellet vart godt besøkt igår. Kanskje vi er heldig når vi reiser oppover om ikkje lenge :-)

    SvarSlett
  3. Nydeleg, kjenner saknet etter fjord og fjell...

    Åsne

    SvarSlett
  4. Nydeleg!
    Er litt for mykje sjuk til å kunne nyte det.. men fint var det..
    Verre i dag med hålkeføre..

    - klem med ynskje om fleire slike dagar med glimt av vår -

    SvarSlett
  5. Det var en flott dag i går, også for oss som synes tur i lavlandet går fjellturer med ski og snø en høy gang :) Vi var også på tur med niste i går, og nøt sola ved en værbitt vegg. Kjempekos med familien på tur i finværet!

    Så lurt å ta med mat i panne - jfr matbloggen - halve kosen er jo å spise i friluft :)

    Blir egentlig litt glad når andre innrømmer at fjøra går foran fjellet - det er litt som å trampe i klaveret å velge bort fjell og ski i vinter-Norge :) Kanskje vi må leite oss opp en fin plass i fjøra til neste søndagstur?

    Moccamamma :)

    SvarSlett
  6. Høres ut som dere har hatt en flott tur, kjenner saltlukta inn i stua mi. Du er flink til å formidle stemning!

    SvarSlett
  7. Så koselig der hadde det der. Herlige bilder. Ser ut til at dere har en fin tid sammen :)
    Klem, Trude :)

    SvarSlett
  8. Så koselig der hadde det der. Herlige bilder. Ser ut til at dere har en fin tid sammen :)
    Klem, Trude :)

    SvarSlett
  9. det er misunnelsesverdig det nærmiljøet ditt, Tove...

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!