fredag 6. januar 2012

Mjuk fredag…♥

Det har vore ei kort arbeidsveke, men like vel så uendeleg godt med fredag og helg…

IMG_5124

Frøken 4 år var sliten etter ei barnehageveke og likte svært godt å få krype opp i godstolen og sjå barne-TV; mjukt, varmt og godt… ♥ Medan ho kosa seg og venta på storesøskena som var på besteforeldrebesøk, tusla mamsen på kjøkkenet og trylla fram stroganoffgryte.

IMG_5162

Dei to eldste kom endeleg heim og slo seg ned i sofaen. Godt å ha alle saman heime, godt at det er helg og godt at vi ikkje har så mange gjeremål.

IMG_5152

Jula er rydda ut for godt og det vart luftig på stova. Eg ser at mange av mine medbloggarar tek våren inn i stova no og at det er pastellfargane som dominerer. Sjølv er eg litt tilbakehalde med våren enno, for eg veit at vi antakeleg har mykje vinter i vente. Det er likevel dei lyse og mjuke fargane som dominerer; nyansar av grått, litt kvitt, litt støvete rosa og naturfargar. Og stearinlys! Masse stearinlys!

Ynskjer alle ein god og mjuk fredagskveld ♥

5 kommentarer:

  1. Koselege bilete!

    Godt år fortsatt og god helg!

    SvarSlett
  2. Fine jenter. Eg har mista heilt tanken om å tenne stearinlys, det skjer nesten ikkje lenger. Det må eg begynne med. God helg.

    SvarSlett
  3. Hadde ei kort veke me òg, men veldig godt med helg likevel! Ein mjuk start er aldri feil...

    Koselege bilete hjå deg, godt med slike avslappande ettermiddagar..

    God helg til deg!

    SvarSlett
  4. Slike fredager er bare det beste! I Drøbak snør det nå og det er SÅ BRA!! Jeg vil ha vinter jeg:-)
    Klem♥

    SvarSlett
  5. For en herlig fredag!
    Fredager er ukas beste :)

    Kos dere videre i helga,
    klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!