mandag 30. januar 2012

Er du meir?

Kven er du,

vaknande sonen min?

Du står med hendene frie

og ler mot alt som møter.

Kven er du?

Flø

Er du den unge tiger,

vil du smyge, smyge?

Er du ein blom som vender

si krone mot lyset?

Er du ein brunn som speglar

stjernene svivande over?

Er du alt dette – og meir?

Ein dag vil jorda

glefse deg i seg

liksom ei tigermoder

i redsle for barnet sitt.

Liksom ein brunn

som vil binde ei stjerne.

Er du meir?

- Marie Takvam -

Så heldig eg er som får vere mamma. Som har skattar i livet mitt, meir dyrebare enn eg kan våge å setje ord på. Som kvar dag gjer livet mitt rikare. Krevjande, men rikare. Livet har lært meg å vere audmjuk. Eg har fått smake på det gode, men også det vonde. Eg har ein skatt for lite. Men eg er likevel rik. Audmjuk og rik.

Og kvar dag ser eg inn i varme auge som speglar stjernene svivande over.

Eg er heldig.

5 kommentarer:

  1. Så nydeleg innlegg, Tove ♥

    Eg vart heilt rørt, av både orda dine, og Marie sine. Vakkert.

    klem Lina

    SvarSlett
  2. So vakkert og sant! Headeren din er berre heilt herleg!

    Klem og god tirsdag!

    SvarSlett
  3. <3
    du rører ved hjertet mitt

    SvarSlett
  4. Så sant, vi er rike!

    Klem
    Benedicte

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!