Eg har fått meg ugle. Ei skjønn, lite ugle som rett og slett ropte at ho hadde lyst til å kome å bu med meg!
Det er ei eg kjenner som har mala dette skjønne biletet! Eg likte så godt uttrykket til ugla; dei snille, gode augene og den litt forsiktige framtoningen.
Ugla mi har ein liten ugleslektning (biletet over) som gjerne ynskjer seg ein ny heim! Om du kunne tenkje deg dette biletet kan du gjerne ta kontakt med kunstnaren på FB-sida hennar, eller du kan legge att ein kommentar på dette innlegget. Biletet kjem er 30 x 40 og kjem med kvit ramme.
Den flotte dama som har laga desse bileta heiter Gry Løvold og bur i Ørsta. Ho blir veldig glad om kunsten hennar får henge i heimar rundt om kring!
No gler eg meg masse til ugla mi kjem heim til meg!
En påminnelse på balansegang er nøyaktig hva jeg trenger i livet mitt :)
SvarSlettFlott ugle - og slektningen er enda flottere.. Hvor selger hun kunsten sin?
SvarSlettSå langt har ho berre solgt kunsten sin lokalt. Eg driv og oppmodar henne til å starte ein Epla-butikk, vi får sjå ;)
SlettTakk Tove for kjempefint blogg innlegg!!
SvarSlettSetter kjempestor pris på omtale på dinne fine bloggen din,som eg ofte er innom!!
Tenkte eg skulle nytte sjansen å snike inn e-Mail adr mi her :0) i tilfelle noken som ikkje har FB har lyst til å kontakte meg ;0)
Gryloevold@ tussa.com
Og Tove,ugla gledet seg til å komme heim!!