onsdag 12. august 2009

Easy to please!!!

I går hadde eg husbonden oss ein koseleg tur – berre vi to åleine!  Vi fekk besøkt både Tønsberg og Oslo før vi sette oss på flyet heim til Ørsta.  Husbonden var på businesstur, og eg var med på lasset!

Tove, sommar 008 

Medan husbonden gjorde ærenda sine, gjekk eg og tusla i Tønsberg by. Synet av desse to butikkskilta gjorde meg sjølvsagt veldig nøgd…

Tove, sommar 009

Denne butikken var veldig liten, men fortauet vitna om at dei hadde litt for ein kvar smak!

Tove, sommar 010

Desse skjønne blomane stod ved døra og ynskte velkomen!

Tove, sommar 011

Takk for påminninga!

Tove, sommar 012

Mykje vakkert å kvile augene på…

Tove, sommar 014

Etter at vi var ferdige i Tønsberg,  sette vi oss på toget tilbake til Oslo. Dette var utsikta frå lunsjbordet vårt…

Tove, sommar 015

Reker høyrer med når ein et lunsj på Aker Brygge!

Tove, sommar 020

Det var sommarstemning i Oslo. Varmt og godt…. Einaste dårlege med heile dagen vart at vi måtte teste tre fortausrestaurantar før vi fekk severing. Det var vel ikkje det at detvar så mykje folk, men dei var ufatteleg treige med ekspederinga. Men pytt, pytt, vi kosa oss i sola likevel!

Vel heime i går kveld, sat vi att med ei kjensle av å ha vore på ferie, og det hadde vi vel eigentleg! Sjølv om det berre var for ein dag!

mandag 10. august 2009

Absolutt urettferdig!!!

Det er ikkje lett å vere liten og ha lyst til å gjere alt det storesyskena gjer.

Tove, sommar 013

Trøytt, snurt, sliten og lei seg måtte ho innsjå at det næraste ho kom sykkeleventyret, var å låne storsystra sin sykkelhjelm.  Livet er jammen urettferdig….

Tove, sommar 017

Heldigvis var fjøra og kaia like i nærleiken, så minstesnuppa og mamsen tusla seg ein tur dit, og då kom smilet!!! Vi såg på fuglane, bølgene, fann steinar og skjell – lukke på jord! Det såg ut til at ho gløymde heile syklinga for ei stund!

Tove, sommar 020

Tove, sommar 019

Fantefjeset, smilet og humøret steig fleire hakk då ho fekk smake tyggis for fyrste gong! Syklinga vart brått heilt uvesentleg. Vi sat på gjerdet og dingla med beina og tygde tyggis! Med små midlar vart dagen redda likevel!

søndag 9. august 2009

Kjærleik ved fyrste blikk…

Dei som ventar seg ei romantisk historie om to som har funne kvarandre, vil raskt verte skuffa og kan like godt stanse lesinga her. Dette handlar om ein annan kjærleik. Kjærleik til farge.Kjærleik til estetikk. Kjærleik til kvalitet.

Freoli

På ferietur i Danmark var det så utruleg mange flotte kle å få kjøpt… Og så gir det ei ekstra god kjensle når alt er kjøpt på tilbod og at frøken midtimellom er så utruleg takksam!

Freoli1

Denne Noa Noa-kåpa er forøvrig kjøpt på “Kle og Kaffi” i Volda. Den var utruleg fin på, og så likte frøken midtimellom så godt mønsteret.

Freoli2

Jakka har eit fòr som ein kan knappe av. Når det vert kaldare i vèret er det berre å knappe det på igjen! Jakka er både vindtett og vassavstøytande.

Freoli3

Ein “tunikakjole” vi kjøpte i Danmark passa så godt under jakka.

Freoli6

Skjønne detaljar og fine knappar.

Freoli7

Tilbehør er viktig, og i NoaNoa-butikkane kan dei seg med dette! Ei stripete strømpebukse matchar mykje av det snuppa har i klesskapet.

Freoli8

Bileta av desse kleda er tekne på låvebrua vår, og låvedøra fekk vere bakgrunn. Er kjekt å eksperimentere med ulike måtar å ta bilete på!

Freoli9

Ei bukse av det danske merket Freoli, let seg lett kombinere med NoaNoa-plagga.

Freoli11

Endå ei Freoli-bukse med artige detaljar. Også desse passar fint til Noa-Noa-tunikaen.

freoli4

Ein sommarleg topp til minstesnuppa.

Freoli5

Skal tru kva gamle onkel Johan hadde sagt om han visste at låvedøra hans vart brukt som viktigaste ingrediens i min lille fotoshoot! Tvilar på løa har vore dekorert med danske desingkle før!

Freoli12 Freoli13

Mix og match – heilt etter min smak!!!

Gler meg forresten til at det skal opne ein ny barnebutikk i Volda, med kle, leiker, utstyr og mykje meir.

hurlumhei_logo_forslag_mini 

Trur det vert kjærleik ved fyrste blikk når eg besøker denne butikken òg…

hurlumhei_omoss_3

Eg gler meg til butikken opnar og er stadig innom butikkbloggen for å få med meg siste nytt! Begge dei to siste bileta har eg lånt frå sida deira.

PS! Dette vart sikkert eit litt langtekkeleg klesinnlegg, men eg gjekk litt berserk med fotoapparatet og berre måtte ha med alle desse bileta…… Reknar med du klikka deg raskt vidare til ein annan blogg om det vart for trasigt….

Bringebærdraum…

I dag har eg laga 20 store beger med bringebærsylte og 10 beger med singelfrosne bringebær. Prikken over i`en er likevel bringebærpaien…

Tove, sommar 036

Oppskrifta er ein miks av tre ulike oppskrifter:

Deig:

100 g smelta smør, 1 1/2 dl sukker, 1 egg, 3 dl kveitemjøl, 1 ts bakepulver og 1 ts vaniljesukker. Bland alt og miks godt.

Steik på 200 grader i 10 minutt. Ta ut av ovnen. Lag fyllet.

Fyll:

1 beger creme fraiche eller rømme (ikkje lettrømme), 2 ts vaniljesukker, 1 egg og 1 dl sukker. Bland alt og miks med stavmiksar.

Fordel bringebær over kaka, slå fyllet over. Steik vidare i 30-40 minutt på 175 grader.

Tove, sommar 035

Eg har aldri laga pai i mitt liv, så dette var ganske spennande. I kveld har eg vore hos mamma og pappa som hadde laga deilig middag til storfamilien. Paien vart sjølvsagt med til kaffikosen! Og for dei som måtte lure; JA – den smakte utruleg godt!!!

Den skjønne bringebærdama hadde også med seg bjørnebær på torget i dag, og det måtte vi sjølvsagt smake! Nokre bær kosa vi oss med i bilen, og nokre fekk vere med på paien!

Tove, sommar 032

Ein skjønn bukett ranuklar fekk vere med meg heim frå butikken i går. Denne einslege blomen vart litt rar i form og fekk pynte opp låvedøra!

God helg til alle!!!

lørdag 8. august 2009

Den store bringebærdagen!

I dag skal det kokast bringebærsylte! Eg har juksa og fått tak i ferdig plukka og reinska bær, klar til koking og mauling!

bringebær

Det blir sikkert ei lita oppdatering på bloggen min seinare i dag. Har også planar om å lage ein bringebærpai. Mmmm………

torsdag 6. august 2009

Smak av sommar…

Ingenting er betre enn å ta seg ein munnfull sommar! Når hauststormane herjar og dei fyrste snøperiodene kjem, er det godt å sitte kring kjøkkenbordet og kjenne smaken av sommar i munnen. Å kunne mimre litt om kor mange myggstikk, kvepsestikk og kleggbitt som måtte til for å plukke all ripsa som vart til deilig gelè.

Tove, sommar 003

For ikkje å snakke om dei endelause timane som gjekk med kring kjøkkenbordet til reinsking, sortering og litt prøvesmaking.

I går var frøken midtimellom på farmorbesøk og kom heim med ei bøtte rips som ho hadde plukka.

Tove, sommar 004

Bæra vart i kveld reinska med stor presisjon. Det er sikkert litt jålete å reinske rips som skal bli til gelè, men eg likar det best slik. Og så er det noko heilt særskilt med den gode og fortrulege stunda kring kjøkkenbordet medan alt dette pågår.

Eg skal ikkje skryte på meg å vere verdens beste gelèkokar! Mormor hadde sikkert vorte alldeles fortvila over at eg ikkje brukar tid på nitidig fjerning av skum, eller at eg ikkje har sylteglasa i steikeomnen for å sterilisere dei. Poenget er at ripsgelè får raske bein å gå på her i huset. Same kor mange glas det vert, så er det jammen meg ikkje lenge før det er tomt!

Tove, sommar 007

Men rett skal vere rett; mormor sin ripsgelè smakte sjølvsagt mykje betre enn min. Eg har ein lang veg å gå før eg når hennar ferdigheiter på kjøkkenet – om eg nokon gong kjem dit!

Så medan eg spekulerer på kva eg må gjere neste gong for at gelèen skal verte betre, så nyt vi kvar ein munnfull og er stolte over å ha hausta markens grøde og ha laga alt dette sjølv!!!

Oppskrift:

1kg reinska bær, legg dei i ei gryte ilag med 4ss vatn.

La alt dette koke til det saftar seg, treng ikkje meir enn fem minutt. Rør heile tida.

Slå alt gjennom ei sil eller eit klede, la det renne godt av seg.

Sjå kor mange dl saft du har, og slå safta attende i den nyvaska panna.

Tilsett 100 g sukker per dl saft og la det heile småkoke til sukkeret er oppløyst.Min gelè kokte i ca 10 minutt. Rør heile tida.

Slå den ferdige gelèn over på varme sylteglas, ha på lok.

Du kan godt ta gelètesten for å sjekke om den er ferdig: slepp ein god dråpe av gelèen på eit fat, la stå nokre minutt. Dersom dråpen “rynkar” seg når du skubbar på kantane med ei skei, så er gelèen ferdig!

Ein god start på dagen…

20050901205636_sunrise_splits

Today a sun rises

just for you,

bringing you light,

giving you warmth,

sharing its strength!

Ynskjer med dette alle ein

strålande, vakker og minnerik dag!

(biletet har eg lånt her)

tirsdag 4. august 2009

Om ekle kryp og dårleg rosestell…

Det var så stusseleg i glaskarmane mine då vi kom heim frå ferie, at eg måtte på blomsterbutikken og kjøpe meg nokre planter og pynte opp litt.

Tove, sommar 002

Denne nydelege hortensiaen fann seg fort til rette på spisebordet, men då eg for nokre dagar sidan vatna den, såg eg rare ting i molda.

Tove, sommar 006

Ved fyrste augekast trudde eg at eg såg syner, men etter ein nærmare kik såg eg at det aula av små “tusenbein” som spratt opp og ned i jorda. Eg har aldri sett maken før!!!!

Tove, sommar 014

Småkrypa gjer sikkert underverk for molda og veksttilhøva for hortensiaen, men dei var ikkje velkomne på spisebordet mitt! Så no heng hortensiaen attmed inngangsdøra og ynskjer alle hjarteleg velkomen!

Tove, sommar 007

Eg lurer på å vere så optimistisk at eg pottar den om og set den i kjellaren for vinterlagring, i von om at den kjem att til våren! Kanskje det nokon der ute som kan gi meg råd! Går det verkeleg an, eller kan eg berre droppe tanken med ein gong??????

Tove, sommar 009

Drivne rosedyrkarar hadde sikkert kasta eit skrått blikk på meg om dei såg kor eg behandlar det eine rosetreet eg har…. Det står i ei altfor lita krukke, får altfor lite gjødsel, får altfor lite vatn og vert ikkje klipt slik som det sikkert skal. Ikkje veit eg kva rosa heiter heller! Eg kallar den berre fjøsrose, fordi den står i vinteropplag i fjøsen og sprett sine fyrste knoppar og blad der inne.

Tove, sommar 010

Om eg ikkje veit kva den heiter, så er den i alle fall ein trufast travar! Den har overlevd i den lille krukka si i mange år, i påvente  av å verte planta i ein hage. Vel, hagen let vente på seg, så fjøsrosa får nok enno ein vinter i utrivelege kår.

Får berre unnskylde til alle roseelskarar der ute….. Men er veldig glad i den altså! Og så tek eg mange bileter av rosene som kjem, og så skriv eg fint om dei på bloggen min! Det veg vel opp litt…..????

mandag 3. august 2009

Sydlandsk jukseidyll…

Ein treng ikkje å reise lenger enn til Danmark for å oppleve ekte, sydlandsk idyll. På det fantastiske Lalandia gjekk vi inn ei svingdør og paradis openberra seg!

Tove, sommar 031

Vi vart ynskte velkomentil ein italiensk landsby, der den fantastiske kveldshimmelen senka skuldrane våre. Alt var sjølvsagt innandørs!

Tove, sommar 032

Om husobnden held ord, er eg kanskje heldig og får oppleve alt dette på ekte i Roma neste år????

Tove, sommar 033

Det seier seg vel sjølv at denne interiørbutikken vart besøkt opptil fleire gongar… Mange av bloggedamene eg har lært å kjenne hadde nok likt seg godt her.

Tove, sommar 044

Ungane fekk prøve hoppeselar, noko dei likte svært godt! Det kitla i magen då dei svevde høgt der oppe!

Tove, sommar 041

Johan i fritt svev!!!

Tove, sommar 046

Eg er sikker på eg kunne ha lurt mange om eg viste dette biletet og sa vi hadde vore i syden! Ida kosa seg med is! Biletet er teke innandørs på Lalandia.

Når ungane snakkar om ferieturen til Danmark, så er det Lalandia dei snakkar om. Legoland var sjølvsagt flott det òg, men Aquadomen i Lalandia var verkeleg den største opplevinga!

AquadomeBillund

Bilete: www.lalandia.dk

På dette biletet ser du eit av bassenga inne i Aquadomen. Med jamne mellomrom kom det store bølger i dette bassenget, til små og store si glede!

Eg kjem gjerne attende til Lalandia!!!

søndag 2. august 2009

Sukk….

Den som kunne lokka fram att litt skikkelig sommar… Med god varme, svalande bris, berrføtte born og blide vaksne…. Misforstå meg rett, for all del, eg syt ikkje!!!! Vi nyt desse rolege dagane der vi kjenner at sommar går mot haust! Det er berre detat vi ikkje har opplevd ein dag med sol frå morgon til kveld sidan 7. juli!!!!

Tove, sommar 007

Denne danske blomen vippa så fint i den danske vinden og heldt meg meg selskap den halve dagen det var fint nok vèr til å ligge på stranda.

Tove, sommar 011

Desse gode jentene kosa seg på stranda, som var vår næraste nabo.

Men i dag er dagen full av moglegheiter! Det er lettskya, fin temperatur og forhåpentleg meir blåbær som ventar på oss i skogen.

PS! I frykt for å irritere på seg halve Noreg, vert dette skrive med lita skrift…. For eg sit nemleg her med ei deilig kjensle i magen, fordi eg kjenner på kroppen at det går mot haut… Eg elskar hausten og alt den gir oss; regn, storm, grøderike åkrar, lauv som fell av trea og den friske, kjølige lufta…. Eg går ei god tid i møte!!!

Denne herlege Cassidy-perla kan du kose deg med medan du fordøyer lovprisinga mi av hausten….