torsdag 6. august 2009

Smak av sommar…

Ingenting er betre enn å ta seg ein munnfull sommar! Når hauststormane herjar og dei fyrste snøperiodene kjem, er det godt å sitte kring kjøkkenbordet og kjenne smaken av sommar i munnen. Å kunne mimre litt om kor mange myggstikk, kvepsestikk og kleggbitt som måtte til for å plukke all ripsa som vart til deilig gelè.

Tove, sommar 003

For ikkje å snakke om dei endelause timane som gjekk med kring kjøkkenbordet til reinsking, sortering og litt prøvesmaking.

I går var frøken midtimellom på farmorbesøk og kom heim med ei bøtte rips som ho hadde plukka.

Tove, sommar 004

Bæra vart i kveld reinska med stor presisjon. Det er sikkert litt jålete å reinske rips som skal bli til gelè, men eg likar det best slik. Og så er det noko heilt særskilt med den gode og fortrulege stunda kring kjøkkenbordet medan alt dette pågår.

Eg skal ikkje skryte på meg å vere verdens beste gelèkokar! Mormor hadde sikkert vorte alldeles fortvila over at eg ikkje brukar tid på nitidig fjerning av skum, eller at eg ikkje har sylteglasa i steikeomnen for å sterilisere dei. Poenget er at ripsgelè får raske bein å gå på her i huset. Same kor mange glas det vert, så er det jammen meg ikkje lenge før det er tomt!

Tove, sommar 007

Men rett skal vere rett; mormor sin ripsgelè smakte sjølvsagt mykje betre enn min. Eg har ein lang veg å gå før eg når hennar ferdigheiter på kjøkkenet – om eg nokon gong kjem dit!

Så medan eg spekulerer på kva eg må gjere neste gong for at gelèen skal verte betre, så nyt vi kvar ein munnfull og er stolte over å ha hausta markens grøde og ha laga alt dette sjølv!!!

Oppskrift:

1kg reinska bær, legg dei i ei gryte ilag med 4ss vatn.

La alt dette koke til det saftar seg, treng ikkje meir enn fem minutt. Rør heile tida.

Slå alt gjennom ei sil eller eit klede, la det renne godt av seg.

Sjå kor mange dl saft du har, og slå safta attende i den nyvaska panna.

Tilsett 100 g sukker per dl saft og la det heile småkoke til sukkeret er oppløyst.Min gelè kokte i ca 10 minutt. Rør heile tida.

Slå den ferdige gelèn over på varme sylteglas, ha på lok.

Du kan godt ta gelètesten for å sjekke om den er ferdig: slepp ein god dråpe av gelèen på eit fat, la stå nokre minutt. Dersom dråpen “rynkar” seg når du skubbar på kantane med ei skei, så er gelèen ferdig!

4 kommentarer:

  1. Mmmm, såg godt ut :o) Tenkjer Mormor hadde vore stolt over at du faktisk laga gele eg. Eg har aldri laga gele, kanskje eg må prøve...? Har du ei oppskrift du delar? Har tenkt å prøve meg på å koke sylte av solbær og rips. Veit ikkje om smakane funkar saman, men den som intet våger... ;o)

    Det er så deilig å kan ta fram heimelaga sylte utover hausten og vinteren, noko HEILT anna enn kjøpesylte. Nysteikte sveler, lys på bordet og heimelaga sylte... Då gjer det ingenting om hauststormen herjar ute... ;o)

    Klem Tonje

    SvarSlett
  2. Det nest beste med ripsgelé er fargen, og om eg ikkje kan uttale meg om smaken på geléen din, så kan eg i alle fall seie at fargen er akkurat den rette:) Nyt den vakre gelén saman med familien din!

    SvarSlett
  3. Nå fikk jeg vann i munnen. Veldig!
    Vi har ikke rips, men solbær i hagen. Heldigvis har vi mange ripsbusker vi kan ta avleggere fra, men det var dette med å gjøre det...

    SvarSlett
  4. Mmmmmm:)
    Jeg fikk opp noen glass med ripsbærgele og stikkelsbærgele fra min mor i går jeg...fantastisk deilig!! I dag når jeg har vært på jobb satte jeg Ida i sving med bærplukking, så nå har jeg masse bær jeg må rense. Noen skal jeg nyte til dessert i kveld, med eggedosis:))
    Så putter jeg vel resten i fryseren til desserter utover vinteren tenker jeg.
    Mormoren din er garantert stolt over deg:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!