I går hadde eg husbonden oss ein koseleg tur – berre vi to åleine! Vi fekk besøkt både Tønsberg og Oslo før vi sette oss på flyet heim til Ørsta. Husbonden var på businesstur, og eg var med på lasset!
Medan husbonden gjorde ærenda sine, gjekk eg og tusla i Tønsberg by. Synet av desse to butikkskilta gjorde meg sjølvsagt veldig nøgd…
Denne butikken var veldig liten, men fortauet vitna om at dei hadde litt for ein kvar smak!
Desse skjønne blomane stod ved døra og ynskte velkomen!
Takk for påminninga!
Mykje vakkert å kvile augene på…
Etter at vi var ferdige i Tønsberg, sette vi oss på toget tilbake til Oslo. Dette var utsikta frå lunsjbordet vårt…
Reker høyrer med når ein et lunsj på Aker Brygge!
Det var sommarstemning i Oslo. Varmt og godt…. Einaste dårlege med heile dagen vart at vi måtte teste tre fortausrestaurantar før vi fekk severing. Det var vel ikkje det at detvar så mykje folk, men dei var ufatteleg treige med ekspederinga. Men pytt, pytt, vi kosa oss i sola likevel!
Vel heime i går kveld, sat vi att med ei kjensle av å ha vore på ferie, og det hadde vi vel eigentleg! Sjølv om det berre var for ein dag!
Så bra!
SvarSlettFlotte bilete..
Ja, ein treng litt kvalitetstid med sin kjære ;-)
Fornuftig!
Så artig at du har vært i Tønsberg; Min by! Flotte bilder! Neste gang må du stikke innom Tinnies Hus, også...men da må du ha tid...
SvarSlettHerleg at du fekk deg ein slik flott tur på tampen av ferien, Tove. Det trengdest heilt sikkert. Godt å ha på lager utover hausten :-)
SvarSlettFlott stemningsrapport og nydelege bilete for oss andre å nyte!
så koselig da...flotte bilder som alltid...ha en vakker aften
SvarSlettser ut som du og din kjære har hatt ein flott tur. Kjekt med sånne avbrekk i kvardagen.
SvarSlettSå koselig at bare du og mannen fikk dere en tur alene;)
SvarSlettKlem fra Maja
Ett litet avbrekk i hverdagen skulle eg kalle den der turen.
SvarSlettAlltid deiligt å få litt ekstra lading av batteria på den måten der.
Flotte bilder og så ser eg at det er sol og.
Klems meg.