onsdag 12. august 2009

Easy to please!!!

I går hadde eg husbonden oss ein koseleg tur – berre vi to åleine!  Vi fekk besøkt både Tønsberg og Oslo før vi sette oss på flyet heim til Ørsta.  Husbonden var på businesstur, og eg var med på lasset!

Tove, sommar 008 

Medan husbonden gjorde ærenda sine, gjekk eg og tusla i Tønsberg by. Synet av desse to butikkskilta gjorde meg sjølvsagt veldig nøgd…

Tove, sommar 009

Denne butikken var veldig liten, men fortauet vitna om at dei hadde litt for ein kvar smak!

Tove, sommar 010

Desse skjønne blomane stod ved døra og ynskte velkomen!

Tove, sommar 011

Takk for påminninga!

Tove, sommar 012

Mykje vakkert å kvile augene på…

Tove, sommar 014

Etter at vi var ferdige i Tønsberg,  sette vi oss på toget tilbake til Oslo. Dette var utsikta frå lunsjbordet vårt…

Tove, sommar 015

Reker høyrer med når ein et lunsj på Aker Brygge!

Tove, sommar 020

Det var sommarstemning i Oslo. Varmt og godt…. Einaste dårlege med heile dagen vart at vi måtte teste tre fortausrestaurantar før vi fekk severing. Det var vel ikkje det at detvar så mykje folk, men dei var ufatteleg treige med ekspederinga. Men pytt, pytt, vi kosa oss i sola likevel!

Vel heime i går kveld, sat vi att med ei kjensle av å ha vore på ferie, og det hadde vi vel eigentleg! Sjølv om det berre var for ein dag!

7 kommentarer:

  1. Så bra!
    Flotte bilete..
    Ja, ein treng litt kvalitetstid med sin kjære ;-)
    Fornuftig!

    SvarSlett
  2. Så artig at du har vært i Tønsberg; Min by! Flotte bilder! Neste gang må du stikke innom Tinnies Hus, også...men da må du ha tid...

    SvarSlett
  3. Herleg at du fekk deg ein slik flott tur på tampen av ferien, Tove. Det trengdest heilt sikkert. Godt å ha på lager utover hausten :-)

    Flott stemningsrapport og nydelege bilete for oss andre å nyte!

    SvarSlett
  4. så koselig da...flotte bilder som alltid...ha en vakker aften

    SvarSlett
  5. ser ut som du og din kjære har hatt ein flott tur. Kjekt med sånne avbrekk i kvardagen.

    SvarSlett
  6. Så koselig at bare du og mannen fikk dere en tur alene;)
    Klem fra Maja

    SvarSlett
  7. Ett litet avbrekk i hverdagen skulle eg kalle den der turen.
    Alltid deiligt å få litt ekstra lading av batteria på den måten der.
    Flotte bilder og så ser eg at det er sol og.
    Klems meg.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!