Dei som ventar seg ei romantisk historie om to som har funne kvarandre, vil raskt verte skuffa og kan like godt stanse lesinga her. Dette handlar om ein annan kjærleik. Kjærleik til farge.Kjærleik til estetikk. Kjærleik til kvalitet.
På ferietur i Danmark var det så utruleg mange flotte kle å få kjøpt… Og så gir det ei ekstra god kjensle når alt er kjøpt på tilbod og at frøken midtimellom er så utruleg takksam!
Denne Noa Noa-kåpa er forøvrig kjøpt på “Kle og Kaffi” i Volda. Den var utruleg fin på, og så likte frøken midtimellom så godt mønsteret.
Jakka har eit fòr som ein kan knappe av. Når det vert kaldare i vèret er det berre å knappe det på igjen! Jakka er både vindtett og vassavstøytande.
Ein “tunikakjole” vi kjøpte i Danmark passa så godt under jakka.
Skjønne detaljar og fine knappar.
Tilbehør er viktig, og i NoaNoa-butikkane kan dei seg med dette! Ei stripete strømpebukse matchar mykje av det snuppa har i klesskapet.
Bileta av desse kleda er tekne på låvebrua vår, og låvedøra fekk vere bakgrunn. Er kjekt å eksperimentere med ulike måtar å ta bilete på!
Ei bukse av det danske merket Freoli, let seg lett kombinere med NoaNoa-plagga.
Endå ei Freoli-bukse med artige detaljar. Også desse passar fint til Noa-Noa-tunikaen.
Ein sommarleg topp til minstesnuppa.
Skal tru kva gamle onkel Johan hadde sagt om han visste at låvedøra hans vart brukt som viktigaste ingrediens i min lille fotoshoot! Tvilar på løa har vore dekorert med danske desingkle før!
Mix og match – heilt etter min smak!!!
Gler meg forresten til at det skal opne ein ny barnebutikk i Volda, med kle, leiker, utstyr og mykje meir.
Trur det vert kjærleik ved fyrste blikk når eg besøker denne butikken òg…
Eg gler meg til butikken opnar og er stadig innom butikkbloggen for å få med meg siste nytt! Begge dei to siste bileta har eg lånt frå sida deira.
PS! Dette vart sikkert eit litt langtekkeleg klesinnlegg, men eg gjekk litt berserk med fotoapparatet og berre måtte ha med alle desse bileta…… Reknar med du klikka deg raskt vidare til ein annan blogg om det vart for trasigt….
Du gjer det spanande å kikke på sommarinnkjøpa dykkar med måten du fotograferer og presenterer det på:) Fine fargar og mønster, og kjekt med detaljar som gir plagga det vesle ekstra!
SvarSlettIkkje trasig i det heile tatt, kjekt! Eg også elskar å kjøpe designarklede på tilbod. Då får eg skikkeleg kvalitet og noko ikkje alle har til H/M-prisar, og det kan eg like. Lekre klede du har funne. Kåpa såg velsigna herleg ut, og fargane var heilt himmelske.
SvarSlettÅh neida, du:) klær er alltid gøy;) og særlig med så fine bilder, mye fint og herlige farger!
SvarSlettNår resultatet av fotoeksperiment vert såpass godt må det vere heilt greitt å vise eit par bilder ekstra. Den kåpa er herlig, er i garderoba til dotter mi også :) Du er heilt rå på bær! Den paien skal eg jammen prøve meg på :) Ynskjer deg ei flott veke!
SvarSlettBerre lækkert...
SvarSlettOg låvedøra var rå-tøff som bakgrunn for klea..
Kanskje du kan selge bileta til Noa-Noa?
...du er SÅ tilgitt, elsker noa noa...
SvarSlettTrur me he litt same smak, kjøpte en likeeins lilla kjole til fadderbarnet vårt når me va i Bergen;)
SvarSlettKjempefine bilde!
Slett ikkje for mange bilete!! :)Kjempefine og særleg med den bakgrunnen!
SvarSlettDet morosame er,som du jo er inne på, er tanken på kor utenkjeleg det sikkert har vore ei gong, å bruke ei låovedør som biletebakgrunn, og kringkaste rundt om i Noregs land..
eg ser for meg alle oss "galne" bloggefolka som draksar med oss våre nykjøpte saker og klede ut av hus og heim og henger på dører, tre, klessnorer og anna,og fotograferer flittigt!
Du kan iallefall kunsten å få det til å sjå lekkert ut!!
Heldige jenter som får gå i slike fine plagg!:)
Så herlege klede! Likte kåpa ekstra godt - og så lurt at den er vannavstøytande!
SvarSlettHa ei god veke...
Åh, så masse lekkert! Og veldig smakfulle bilder :-)
SvarSlettPludrehanneklem