søndag 9. august 2009

Kjærleik ved fyrste blikk…

Dei som ventar seg ei romantisk historie om to som har funne kvarandre, vil raskt verte skuffa og kan like godt stanse lesinga her. Dette handlar om ein annan kjærleik. Kjærleik til farge.Kjærleik til estetikk. Kjærleik til kvalitet.

Freoli

På ferietur i Danmark var det så utruleg mange flotte kle å få kjøpt… Og så gir det ei ekstra god kjensle når alt er kjøpt på tilbod og at frøken midtimellom er så utruleg takksam!

Freoli1

Denne Noa Noa-kåpa er forøvrig kjøpt på “Kle og Kaffi” i Volda. Den var utruleg fin på, og så likte frøken midtimellom så godt mønsteret.

Freoli2

Jakka har eit fòr som ein kan knappe av. Når det vert kaldare i vèret er det berre å knappe det på igjen! Jakka er både vindtett og vassavstøytande.

Freoli3

Ein “tunikakjole” vi kjøpte i Danmark passa så godt under jakka.

Freoli6

Skjønne detaljar og fine knappar.

Freoli7

Tilbehør er viktig, og i NoaNoa-butikkane kan dei seg med dette! Ei stripete strømpebukse matchar mykje av det snuppa har i klesskapet.

Freoli8

Bileta av desse kleda er tekne på låvebrua vår, og låvedøra fekk vere bakgrunn. Er kjekt å eksperimentere med ulike måtar å ta bilete på!

Freoli9

Ei bukse av det danske merket Freoli, let seg lett kombinere med NoaNoa-plagga.

Freoli11

Endå ei Freoli-bukse med artige detaljar. Også desse passar fint til Noa-Noa-tunikaen.

freoli4

Ein sommarleg topp til minstesnuppa.

Freoli5

Skal tru kva gamle onkel Johan hadde sagt om han visste at låvedøra hans vart brukt som viktigaste ingrediens i min lille fotoshoot! Tvilar på løa har vore dekorert med danske desingkle før!

Freoli12 Freoli13

Mix og match – heilt etter min smak!!!

Gler meg forresten til at det skal opne ein ny barnebutikk i Volda, med kle, leiker, utstyr og mykje meir.

hurlumhei_logo_forslag_mini 

Trur det vert kjærleik ved fyrste blikk når eg besøker denne butikken òg…

hurlumhei_omoss_3

Eg gler meg til butikken opnar og er stadig innom butikkbloggen for å få med meg siste nytt! Begge dei to siste bileta har eg lånt frå sida deira.

PS! Dette vart sikkert eit litt langtekkeleg klesinnlegg, men eg gjekk litt berserk med fotoapparatet og berre måtte ha med alle desse bileta…… Reknar med du klikka deg raskt vidare til ein annan blogg om det vart for trasigt….

10 kommentarer:

  1. Du gjer det spanande å kikke på sommarinnkjøpa dykkar med måten du fotograferer og presenterer det på:) Fine fargar og mønster, og kjekt med detaljar som gir plagga det vesle ekstra!

    SvarSlett
  2. Ikkje trasig i det heile tatt, kjekt! Eg også elskar å kjøpe designarklede på tilbod. Då får eg skikkeleg kvalitet og noko ikkje alle har til H/M-prisar, og det kan eg like. Lekre klede du har funne. Kåpa såg velsigna herleg ut, og fargane var heilt himmelske.

    SvarSlett
  3. Åh neida, du:) klær er alltid gøy;) og særlig med så fine bilder, mye fint og herlige farger!

    SvarSlett
  4. volda-tausa9/8/09 21:57

    Når resultatet av fotoeksperiment vert såpass godt må det vere heilt greitt å vise eit par bilder ekstra. Den kåpa er herlig, er i garderoba til dotter mi også :) Du er heilt rå på bær! Den paien skal eg jammen prøve meg på :) Ynskjer deg ei flott veke!

    SvarSlett
  5. Berre lækkert...
    Og låvedøra var rå-tøff som bakgrunn for klea..
    Kanskje du kan selge bileta til Noa-Noa?

    SvarSlett
  6. ...du er SÅ tilgitt, elsker noa noa...

    SvarSlett
  7. Trur me he litt same smak, kjøpte en likeeins lilla kjole til fadderbarnet vårt når me va i Bergen;)
    Kjempefine bilde!

    SvarSlett
  8. Slett ikkje for mange bilete!! :)Kjempefine og særleg med den bakgrunnen!
    Det morosame er,som du jo er inne på, er tanken på kor utenkjeleg det sikkert har vore ei gong, å bruke ei låovedør som biletebakgrunn, og kringkaste rundt om i Noregs land..
    eg ser for meg alle oss "galne" bloggefolka som draksar med oss våre nykjøpte saker og klede ut av hus og heim og henger på dører, tre, klessnorer og anna,og fotograferer flittigt!
    Du kan iallefall kunsten å få det til å sjå lekkert ut!!

    Heldige jenter som får gå i slike fine plagg!:)

    SvarSlett
  9. Så herlege klede! Likte kåpa ekstra godt - og så lurt at den er vannavstøytande!

    Ha ei god veke...

    SvarSlett
  10. Åh, så masse lekkert! Og veldig smakfulle bilder :-)
    Pludrehanneklem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!