I dag har eg laga 20 store beger med bringebærsylte og 10 beger med singelfrosne bringebær. Prikken over i`en er likevel bringebærpaien…
Oppskrifta er ein miks av tre ulike oppskrifter:
Deig:
100 g smelta smør, 1 1/2 dl sukker, 1 egg, 3 dl kveitemjøl, 1 ts bakepulver og 1 ts vaniljesukker. Bland alt og miks godt.
Steik på 200 grader i 10 minutt. Ta ut av ovnen. Lag fyllet.
Fyll:
1 beger creme fraiche eller rømme (ikkje lettrømme), 2 ts vaniljesukker, 1 egg og 1 dl sukker. Bland alt og miks med stavmiksar.
Fordel bringebær over kaka, slå fyllet over. Steik vidare i 30-40 minutt på 175 grader.
Eg har aldri laga pai i mitt liv, så dette var ganske spennande. I kveld har eg vore hos mamma og pappa som hadde laga deilig middag til storfamilien. Paien vart sjølvsagt med til kaffikosen! Og for dei som måtte lure; JA – den smakte utruleg godt!!!
Den skjønne bringebærdama hadde også med seg bjørnebær på torget i dag, og det måtte vi sjølvsagt smake! Nokre bær kosa vi oss med i bilen, og nokre fekk vere med på paien!
Ein skjønn bukett ranuklar fekk vere med meg heim frå butikken i går. Denne einslege blomen vart litt rar i form og fekk pynte opp låvedøra!
God helg til alle!!!
Mmm, såg nydelig ut!! Spørs om ej springe bort i svigermorhekken og "låner" litt meir bringebær i morgon (oops, -i dag) for ditta freista til utprøving :)
SvarSlettFristande! den vil eg prøve,
SvarSlettha ein fin søndag :)
klem B
God søndag.Den paien såg god ut du!Mange koslige innlegg hos deg.
SvarSlettKlem.
denne så god ut...tar med meg oppskrifta:)...go søndag
SvarSlettNydelige bilder, paien såg knallgod ut :-)
SvarSlettTrur kansje eg ska bedriva dagen med å pakka litt?? Reise nemlig på ferie på tirsdag. Blir godt å komma seg vekk litt :-)
Dette såg godt ut :) Fine bilder!
SvarSlett..ååå du frister....
SvarSlettÅhh! Så deilig!
SvarSlettSå veldig godt ut.. :o)
SvarSlettMmmm, nå fikk jeg vann i munnen! Så flink du er. Og så deilige bilder! Ha en fin søndag -
SvarSlettKlem Litt om alt - Cathrine