søndag 9. august 2009

Bringebærdraum…

I dag har eg laga 20 store beger med bringebærsylte og 10 beger med singelfrosne bringebær. Prikken over i`en er likevel bringebærpaien…

Tove, sommar 036

Oppskrifta er ein miks av tre ulike oppskrifter:

Deig:

100 g smelta smør, 1 1/2 dl sukker, 1 egg, 3 dl kveitemjøl, 1 ts bakepulver og 1 ts vaniljesukker. Bland alt og miks godt.

Steik på 200 grader i 10 minutt. Ta ut av ovnen. Lag fyllet.

Fyll:

1 beger creme fraiche eller rømme (ikkje lettrømme), 2 ts vaniljesukker, 1 egg og 1 dl sukker. Bland alt og miks med stavmiksar.

Fordel bringebær over kaka, slå fyllet over. Steik vidare i 30-40 minutt på 175 grader.

Tove, sommar 035

Eg har aldri laga pai i mitt liv, så dette var ganske spennande. I kveld har eg vore hos mamma og pappa som hadde laga deilig middag til storfamilien. Paien vart sjølvsagt med til kaffikosen! Og for dei som måtte lure; JA – den smakte utruleg godt!!!

Den skjønne bringebærdama hadde også med seg bjørnebær på torget i dag, og det måtte vi sjølvsagt smake! Nokre bær kosa vi oss med i bilen, og nokre fekk vere med på paien!

Tove, sommar 032

Ein skjønn bukett ranuklar fekk vere med meg heim frå butikken i går. Denne einslege blomen vart litt rar i form og fekk pynte opp låvedøra!

God helg til alle!!!

10 kommentarer:

  1. Mmm, såg nydelig ut!! Spørs om ej springe bort i svigermorhekken og "låner" litt meir bringebær i morgon (oops, -i dag) for ditta freista til utprøving :)

    SvarSlett
  2. Fristande! den vil eg prøve,
    ha ein fin søndag :)
    klem B

    SvarSlett
  3. God søndag.Den paien såg god ut du!Mange koslige innlegg hos deg.

    Klem.

    SvarSlett
  4. denne så god ut...tar med meg oppskrifta:)...go søndag

    SvarSlett
  5. Nydelige bilder, paien såg knallgod ut :-)

    Trur kansje eg ska bedriva dagen med å pakka litt?? Reise nemlig på ferie på tirsdag. Blir godt å komma seg vekk litt :-)

    SvarSlett
  6. Dette såg godt ut :) Fine bilder!

    SvarSlett
  7. ..ååå du frister....

    SvarSlett
  8. Så veldig godt ut.. :o)

    SvarSlett
  9. Mmmm, nå fikk jeg vann i munnen! Så flink du er. Og så deilige bilder! Ha en fin søndag -
    Klem Litt om alt - Cathrine

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!