“Den som har begge beina på jorda, står stille” , sa Tor Åge Bringsværd ein gong. Bloggmessig har det verkeleg vore stille siste veka. Det har vore møter, konsertar og knallhard jobbing heile veka. Eg har i aller høgste grad hatt begge beina plassert på jorda, og då er det vel slik at bloggen seglar litt sin eigen sjø.
For å vere heilt ærleg har det vore litt godt… Eg er ikkje lei av blogging, misforstå meg rett, men det gjorde faktisk godt med ei lita pause. Eg sette meg ned ei stund i dag og kika gjennom bloggar som eg har på blogglista mi, og kom fram til at eg er litt lei av “sjå kva eg kjøpte i helga”-innlegg, lysestakar, ryddige stovebord og skjenkar med vakre stilleben, rosa effektar og andre typiske bloggsaker. Eg veit det er ironisk, for med jamne mellomrom er eg òg ein slik bloggar! Men når det går ei stund mellom kvar gong ein er innom og kikar på bloggar, så ser eg det heile frå eit litt anna perspektiv.
Heime i stova mi er det absolutt ikkje noko nytt for tida. Det står ein gjeng med passe visna tulipanar på skjenken og i vindauget heng nokre roser med hovudet. Eg burde absolutt ha vaska gangen og badet treng så sårt litt omsorg. Kanskje eg tek meg på tak no når eg har “vinteravspasering”? Kanskje blir det litt meir blogging?
Uansett kva som skjer, så skal eg danse meg gjennom bloggtørken og gjere nett det eg vil! I dag har eg baka flettakrans, skillingsbollar, brød, det blir heimelaga kjøtkaker til middag og vi skal ete kvelds i fjøresteinane!
Smått om senn skal bloggen også få litt omsorg, men ikkje før eg bestemmer meg for det!
Nyt soldagen – kvar du enn befinn deg!