søndag 8. februar 2009

Rik dag...

 

066

Eg hadde invitert sysken, svigersysken, tanteungar, foreldre og mi gode farmor på middag i dag.

067

Eg likar å gjere det enkelt når eg pyntar bord. Lyse fargar, kvit engelsk porselen og små detaljar som set prikken over i`en.

068 071

Det er ikkje meir som skal til for å gjere det til eit festbord for både store og små.

076

Det har etterkvart vorte mykje småfolk i familien, og dei har sin sjølsagde plass rundt bordet ilag med oss vaksne. Eg har funne ut at 1-åringar, 2-åringar, 6-åringar og 9-åringar er like flinke som oss vaksne til å handtere krystall og porselen!

074

Då eg budde i England bestemte eg meg for å samle på Wedgewood sitt porselensservise.  Til bryllaupet vårt var vi heldige og fekk mykje - kjekt å ha nok til å dekke eit festbord til mange! Vi fekk også "Finn"-glasa frå Hadeland og Kristin-bestikk frå Hardangerbestikk.

065

Eg er ikkje redd for å bruke besteserviset. Har framleis til gode å knuse noko! Eg er glad for å kunne bruke ting vi har fått og som vi er glade i. Det er flott å kunne gjere litt stas på kvardagane òg!

088

Alle mødrene i forsamlinga fekk kvar si såpe frå Savona på kuverten sin. Desse såpene er heilt fantastiske, så kjekt å ha liggande til små gåver i ny og ne!

 082

Mi gode mamma fekk sjølvsagt pakke. Og såpe!

  094

To av dei minste damene fann seg ein utkikspost og fulgte med på båttrafikken, fuglane og sola som leika seg på fjelltoppane.

078

Vakre blomar frå min kjære...

079

Fekk sjølvsagt gåver og kort med ungane òg, men dei får ingen sjå. Dei er laga kun til meg, og eg vil halde det heilt for meg sjølv. Rart med det, men kort frå ungane er så utruleg personleg. Ikkje alt ein deler med andre...

080

Eg har hatt det så kjekt i dag! Noko av det beste eg veit er når det er trangt rundt bordet, og stolar er plukka herifrå og derifrå for å få plass til alle.  Takk til alle mine nære og kjære som var ilag med oss i dag. Og ein god og varm klem til mi gode farmor på 92 år, som alltid er midtpunkt når heile familien er samla!

046

No kviler eg meg og har lagt beina høgt. Snart er det Doc Martin på Hallmark; typisk engelsk - typisk meg!

Med ynskje om ei god veke til alle!

18 kommentarer:

  1. Å, så flott Tove!
    Og med såpe til alle- det var jo fantastisk! Dei såpene ER veldig kjekke å ha på lur! Eg la fram ei på badet til mine gjester i dag- men det vart ikkje ei til kvar...men det var ein god ide!:)

    SvarSlett
  2. Så nydelige bilder, og bordet var flott dekket. Er helt enig i at man må bruke det man har! Høres ut som dere har hatt en flott dag. Gratulerer med morsdagen! klem fra silje.

    SvarSlett
  3. Ser ut som du har hatt ein kjekk dag. Det er koseleg å kunne dekke på eit fint bord for sine nære og kjære. Ser du har same fine Finn-glasa som vi har. Eg er heller ikkje redd for å bruke dei. Klart slike flotte glas og slik flott porselen må fram i lyset så snart det byd seg ei anledning.

    Håper du har hatt ein strålande dag.

    SvarSlett
  4. Hei Tove:-)

    Det ser ut som du og dine har hatt ein herleg dag. det med såpene sette tankane mine på gli. For nokre år sidan støypte eg mykje såper. Dei var svært kjekke å gi vekk til venner å kjende. Kanskje eg skal ta fram att den hobbyen. Har også eige lysstøyperi som ein svoger har laga til meg. Heimestøypte lys er også fine gåver. Takk for påminninga.

    SvarSlett
  5. Ein flott dag! Ynskjer deg ei flott veke med!

    Britt

    SvarSlett
  6. Høyres ut som en perfekt dag! :-)
    Kjekt at du har kosa deg! Det har nok dei fleste mødre i dag.. heldigvis!

    Ha ei fortsatt flott veke

    Monica

    SvarSlett
  7. Hei Tove.
    Så flott du hadde gjort det hjemme.
    Klart man må bruke det flotte en har.

    Eg kan faktiskt tenke meg vid siden om di to på den krakken vid vinduet.
    Elsker å fölge med på det som skjer på fjorden. Så der hadde du funnet meg fniss...
    Savner det ska eg si deg.

    Elsker det siste bildet du lagt ut.
    Drömmer meg bort og oppover...
    Klems och go mandag.
    Synne.

    SvarSlett
  8. du imponere stadig unge frk sjøl...nydelige service, å tenk ka koselig dåkker haddde det rundt bordet......klem fra nord en tiiiidlig mandag morran

    SvarSlett
  9. Vakkert Tove! Nydelig bukett, herlige farger. Borddekningen så utrolig flott. Dette likte jeg. Skjønner at alle føler seg hjemme og godt motatt med en slik velkomst.
    Ønsker dege n fin uke Klem Kerstin

    SvarSlett
  10. For ein koseleg morsdag dokke har hatt med alle mamsebamser rundt bordet. Nydeleg pynta bord Tove:0) Håper du får ei flott veke.
    Smil frå meg

    SvarSlett
  11. Vakkert vakkert. Flott du har dekka på. Så gjennomført. Og nydelige blomster.
    Jammen koselig å invitere til slike dagar. Vi hadde kaffi med kake her i går. Og kosa oss saman.
    Ha ei fin veke Tove. Nå må vi jammen ta å treffast snart. Skulla kansje arrangsjert bloggtreff for Ørsta7volda snart? Hadde vore kjekt det.
    Ha ei god veke
    Klem

    SvarSlett
  12. Kva er det eg styra med om morgånen...?? Sjønner ikkje kva 7 talet km der for..hehe...

    SvarSlett
  13. Tusen takk for nydeleg middag, god stemning og skjønn såpe! :)
    Sina møtte ei litt trøytt Sannah med ein god klem på barnehagen i dag tidleg, så då var det heilt greitt at mamma fór på jobb likevel :)

    SvarSlett
  14. Det så skikkelig koselig ut hos deg på morsdagen. Jeg regner med at det ble en fin dag for alle i selskapet.

    SvarSlett
  15. Så flink du er til å lage til middagsselskap for familien..:) Sikkert koselig for alle som var der.
    Ser ut som morsdagen vart kjempe koselig for deg å dine. Å gi gaver til alle mødre som var der var ein kjempe god ide.. Trur eg veit kva eg skal gjer til neste morsdag:) Da regnar eg med at eg gjer inntrykk på både mødre og svigermødre:)
    Ha ei fin veke vidare:)

    SvarSlett
  16. Hei,
    vil bare takk for at du minner oss på å nyte hverdagen. For det er faktisk mye å glede seg over tross alt!

    Fredrikke :o)

    SvarSlett
  17. Virkelig nydelig! Så koselig bord, kan kjenne den gode stemninga helt hit ;) Så tar du jo noen utrolig flotte bilder!! varm klem fra Gunhild.

    SvarSlett
  18. Veldig flotte bilder som formidler gode stemninger fra en fin dag sammen der hos dere. :)
    Avslutningen på innlegget ditt er VAKKER! :)))
    Påfyll for sjelen som det er godt å hvile øynene på.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!