tirsdag 10. februar 2009

Ja takk!!!

Om denne mannen låg lettare henslengt i denne sofaen  heime med meg, så hadde eg ikkje hatt noko imot det! Verken mannen eller sofaen!

slettvoll2

Sofaen skulle helst ikkje ha vore svart, og mannen skulle vel helst ha vore min eigen - men poenget er at Slettvoll sin vinterskatalog er fantastisk flott!!!

slettvoll4

Sett noko så lekkert??? Kanskje påbygget mitt vert ein realitet til sommaren, og når alt arbeidet er overstått drøymer eg om at det ferdige resultatet vert slik!

slettvoll6

Eller slik??? Likar godt tanken på ei slik spisebordssamansetting. Kanskje kombinert med ein peis?

slettvoll1

Sukk.... Det er godt å sitje slik å drøyme. Kan hende hadde det vore endå betre i ein slik stol...?

slettvoll3

Ein ting er i allefall sikkert: Slettvoll er ei stor inspirasjonskjelde! Eg har sansen for dei duse fargane og den enkle stilen.

slettvoll7

Eit slikt rom kunne eg godt å tenkt meg å hatt i kjellaren. Rause møblar med rom for gode bøker, stille stunder og kos.

No lyt eg legge vekk draumane for ei stund. Oppvasken ventar, og så er det tid for Frustrerte Fruer.

PS! Takk Ann Helen, for at den lekre katalogen "tilfeldigvis" låg på kjøkkenbordet under kaffibesøket og sette igong draumane mine...

Alle bileta i innlegget er henta frå Slettvoll sine heimesider. Du finn dei HER.

14 kommentarer:

  1. For nåkre hærlige bilder. Let tankane og drøymane bli satt i gang.. Nydelege fargar:)
    Er so kjekt med slike katalogar der ein kan hente idear. Drøyme seg vekk i....mhmmm
    Kos deg med oppvask og ikkje minst dei frustrerte fruene.. Eg sitt klar:)

    SvarSlett
  2. Flotte möbler er det dem lager. Men så er dem ju sunnmöringer og.
    Skjönner godt du har lyst på noe nytt.
    Kunde tenkt meg den kjellerstua eg.
    Nå skal eg hoppe i loppekassa.
    Jobb inatt.
    Så eg önsker deg en fortsatt go kveld.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  3. Hei!
    Fysste gongen eg he våre på besøk her hos deg! Nydelig blogg, spesiellt nydelige bilde!! Ke kamera bruke du?? (Eller e du generellt bare flink??) Til og med kjøkkenutfordringen løyste du som en drøm!!!

    Har lagt deg til i blogglistå mi, å komme plutselig på besøk igjen!!

    SvarSlett
  4. heia du......eni med du.....fine bilder, å sånn kunn æ godt ha hatt det...sukk

    SvarSlett
  5. God kveld i stova!

    Deilige bilder frå katalogen ja, og det er i alle fall lov til å drøyme.

    Har tenkt litt på den utfordringa du gav meg om å arrangere såpekokar og lysstøypingkveld. trur eg skal få det til, men treng nok litt tid til førebuing. Må bestille varer også, så det tek nok litt tid. Kanskje i første gong lodde stemningane på personalromet? Vert ein mange, kan ein handle stort:-)

    SvarSlett
  6. ja de har utrolig mye vakkert og man kan fint drømme seg bort. men herlig inspirasjon sier vi aldri nei til:)

    SvarSlett
  7. Snasen kar(har dere ikke sånne på lærerværelset hos dere..??) og snasen sofa!!!

    SvarSlett
  8. Wow.....kven ville ikkje sitte der å drøyme i dei lekre møblane.... Berre om.... Vel.. draumer er viktige og skal heilt klart inn å titte på katalogen... Nyt onsdagen
    Smil

    SvarSlett
  9. Hei,
    Jeg fikk også denne katalogen i posten i går, og nøt det jeg så..både mannen og møblene..Utrolig mye lekkert! :o) Vi kan jo drømme..;)

    SvarSlett
  10. Mykje å drøyme om her ja:) Lyst og lekkert.
    ha en god dag
    Klem

    SvarSlett
  11. Berre lekkert, fin mann, men som du seier, takke seg til sin eigen;-) Det er noko med den delikate menn likevel litt robuste stilen som tiltalar meg med Slettevoll.

    SvarSlett
  12. ja takk! Vi har for tiden en velbrukt Klippansofa + en rammemadrass som "sofa". Funker fint, men ikke spesielt elegant eller lekkert hehe... så ny sofa kan vi faktisk unne oss med god samvittighet når den tid kommer :) mange fine bilder!

    SvarSlett
  13. Ja, man kan drømme seg helt bort gjennom disse bildene. Mye fint! :)
    Hilsen ei som har svart sofa. ;)

    SvarSlett
  14. Hei Frue!
    Eg ser vi er fleire om å drøyme, ja...:) Me må ta oss ein skikkelig shoppingtur til nemnde butikk, trur vi to lett hadde halde oppe omsetninga i butikken!

    Har hatt det så travelt med å flytte rundt på ting, såg ikkje innlegget før no. Synd du ikkje fekk drøfte ideane på "kollokviemøtet" igår kveld, me må skaffe deg ei barnevakt, for det var eit særs givande møte der du var sakna! Ha ein fortsatt fin kveld og helg, me snakkast.

    Klem Ann Helen

    PS - spent på om innlegget viser....

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!